25/06/2026
NYHENDE - Jølster Idrettslag har tilsett sin første daglege leiar. GRATULERER til Andre Heggheim. Han tek til i ei 20 % stilling som dagleg leiar i Jølster Idrettslag med oppstart den 1. september dette året.
Arbeidsoppgåvene omfattar administrative oppgåver, sponsorarbeid, søknader om tilskotsmidlar og annan finansiering, samt samarbeid med styret, undergrupper og frivillige innan dei rammene som ei 20 % stilling tillet.
VI som er tillitsvalde i Jølster Idrettslag har sett fram til dette og GLEDAR oss mykje til Andre Heggheim tek til i jobben i september.
22/05/2026
Minner om denne inn mot pinse. Søknadsfristen nærmar seg 🤗
SPANANDE OG HEILT NY STILLING I JØLSTER IDRETTSLAG
Er dette jobben for DEG? Eller kjenner du nokon som du tenkjer kan vere rette personen som kan vere med å utvikle Jølster Idrettslag i samarbeid med oss friviljuge? Vi vert kjempeglad om du deler og tipsar den du kjenner om denne spanande stillinga.
Nøl ikkje med å ta kontakt med leiar i Jølster Idrettslag Finn Årdal om det er noko du lurer på kring stillinga.
22/05/2026
Fjelltrimkarta kan no kjøpast på Jølstraholmen, coop Vassenden, Prix Skei og Ck Skei ( 75 kr )
Postar som er lagt ut:
Post1 Flugestøylen
Post 2 Skogstadfjellet (Varden på biletet)
Post 4 Gul løype
Post 8 Orkja vest
Post 9 Vårfjellet
Post 10 Hammarsegga
Takk for at du kjøper kart og er med å støtta arbeidet med stimerking i Jølster.
God tur!
24/04/2026
SPANANDE OG HEILT NY STILLING I JØLSTER IDRETTSLAG
Er dette jobben for DEG? Eller kjenner du nokon som du tenkjer kan vere rette personen som kan vere med å utvikle Jølster Idrettslag i samarbeid med oss friviljuge? Vi vert kjempeglad om du deler og tipsar den du kjenner om denne spanande stillinga.
Nøl ikkje med å ta kontakt med leiar i Jølster Idrettslag Finn Årdal om det er noko du lurer på kring stillinga.
13/04/2026
Da er faktura for medlemskontingent 2026 sendt ut til alle medlemmer i Jølster Idrettslag. Alle skal ha fått en e-post med lenke til faktura. Faktura kan betalast på minidrett.no, i Vipps-appen eller med KID via nettbank.
Ta kontakt med medlemsansvarleg for Jølster Idrettslag (Kjell Bijsterbosch) ved spørsmål eller om du ynskjer å gjere endringar i medlemskapet. Kontakt pr SMS (466 37 790) eller e-post ([email protected]).
Kontroller om det er registrert riktig e-postadresse på minidrett.no, viss du som medlem ikkje har fått en e-post.
19/03/2026
Roald Juklestad - tildelt pris som årets eldsjel på årsmøtet til Jølster Idrettslag. Roald er ein svært kreativ type, og vi vil meine, kanskje Jølster sin største «Aktivitets- og Idrettsgründer». Roald har idéane, men sidan han ikkje likar å stikke seg fram, får han med seg andre til å stå i front og hjelpe seg med å sette dette ut i livet. Han stiller alltid på når noko skal gjerast, det vere seg i dugnadsgjengen eller som arrangør. Alltid i godt humør og alltid klar til å ta eit tak. Ein lun og fin kar som alltid skapar god stemning rundt seg.
Les heile grunngjevinga i kommentarfeltet. VI GRATULERER 👏👏
18/03/2026
Sigrid Støfringsdal, Øystein Støfring og Marte Dybendal Gleditsch fekk tildelt Bragdstauettane for 2025 på årsmøtet til Jølster Idrettslag 17. mars. På biletet ser vi Sigrid saman med leiar i Jølster Idrettslag Finn Årdal. GRATULERER 👏Grunngjevingane finn du i kommentarfeltet.
16/03/2026
Jølster IL ynskjer å starte opp allidrettsgrupper på Vassenden og Skei for barn frå 6 år og treng trenarar. Å vere trenar for barn er ei kjekk og meinigsfull oppgåve, så er dette noko for deg, ta kontakt med Finn Årdal. Innformasjon om allidrett finn du her https://www.idrettsforbundet.no/tema/allidrett/allidrett-for-barn/
16/03/2026
Minner om årsmøte i Jølster IL i morgon, tysdag 17.3. kl. 18.00 i Skei storhall.
Velkommen!