30/09/2026
Ti år i bilete. Ei transformerande reise.
Frå ingeniør og prosjektleiar i Asia, via naturguidestudium, til utbrentheit, nye vegval og etter kvart min eigen arbeidsstad der eg får jobbe med menneske og utvikling.
Åra har romma mange reiser, nye stader, store naturopplevingar og mykje oppussing – også i lokala som har vorte til Elevè Kollektivet.
Det har vore ti omveltande år, med opp- og nedturar, store endringar og mykje læring. Alt har vore med på å føre meg dit eg er og forme meg til den eg er.
Bileta viser nokre glimt. Mellom dei ligg det mykje levd liv. Når eg ser tilbake, kjenner eg takksemd for erfaringane og menneska.
No held reisa fram med å tilby terapi og vidare utvikling av Elevè Kollektivet saman med Gabrielle og resten av den dyktige gjengen vi har fått med oss på laget. Eg gler meg til det vi skal skape saman.
Velkomen med på vegen vidare 🤍