02/09/2026
Miniturnering Heidal GJ7
Tirsdag 25. august var det igjen duka for miniturnering i Heidal, denne gongen på splitter ny kunstgrasbane. Med strålande sol, mykje publikum og rundt 40 spelarar frå Heidal, Vågå og Skjåk vart det ein fin fotballkveld på dei nye banane.
Totalt deltok åtte lag, fordelt på fire jentelag og fire gutelag. Alle laga spelte tre kampar kvar. Etter alt å døme stortrivdest ungane på dei nye banane, og det var mykje speleglede, innsats og gode prestasjonar å sjå gjennom heile kvelden. Det var stor aktivitet både på og utanfor bana, og det var kjekt å sjå så mange som hadde teke turen for å støtte opp om arrangementet.
Ein stor takk til Jørgen og Linnea for at dei stilte opp som dommarar og gjorde ein flott jobb. Vi vil også rette ei varm takk til alle som har bidrege med dugnad, arbeid og innsats for å få den nye kunstgrasbana klar til miniturneringa. Det er kjekt å sjå at bana allereie blir mykje brukt, både til treningar og eigenaktivitet på ettermiddagane.
Til slutt vil vi takke Vågå og Skjåk for fine kampar, godt humør og flott sportsleg samvær.
Avisa Norddalen har også skrive ein fin reportasje om miniturneringa og den nye kunstgrasbana. Vi legg ved lenke til saka for dei som ønskjer å lese meir:
https://www.norddalen.no/na-er-den-teke-i-bruk-den-artigaste-fotballen-og-mykje-publikum/s/5-84-242684
SpareBank 1 Gudbrandsdal
Eidefoss
KIWI