Hellevik Idrettslag

Hellevik Idrettslag Vegen er målet!

Vi held treningar som planlagt i ettermiddag og kveld, før vi tek haustferie ut veka.Dei som eventuelt ikkje er på tur o...
05/10/2026

Vi held treningar som planlagt i ettermiddag og kveld, før vi tek haustferie ut veka.

Dei som eventuelt ikkje er på tur og vil trene låser seg berre inn sjølv. Hugs å låse ut og! 👍👍🥊

God ferie!

Norgescupen i kickboxing er over for vår del denne gongen.Veldig moro og lærerikt for alle involverte på tur! 👍🥊Emilie o...
04/10/2026

Norgescupen i kickboxing er over for vår del denne gongen.

Veldig moro og lærerikt for alle involverte på tur! 👍🥊

Emilie og Nicolas fekk sine første offisielle kampar, med all god læring det medfører. Både nivå, turneringsformat og dømming.

Vi hadde dessverre tre forfall, men desse og andre får ny anledning rett over nyttår.

Begge våre tapte sine innleiande kampar på poeng, og med utslagsformat vart det ikkje fleire denne gongen.

Dei gjer til tross for tap begge god innsats og står stødig i utfordringane. 💪💪

Uheldig inngang til kampane bidrog nok litt i retning poengtap, der Nicolas må varme opp, vente, varme opp på nytt og vente igjen grunna 45 minutt forsinkelsar på si kampmatte.
Emilie får det motsatt, og vert hasta til kamp på kort varsel halvanna time før oppsett tid.
Ikkje ideelt for nokon av dei, men dei løyser det godt. 🥊

Emilie fekk med seg heim ein bronsemedalje ho er sint på.
Når alle var klassa til stevnet var det berre tre i hennar gruppe, så medaljen vart automatisk.
Noko Emilie reagerte med 🤬🤬🤬🤬 på.
Ingenting å sei på konkurranseinstinktet.

Nicolas fekk seg ein solid smell i eit ribbein, men melder tommel opp litt etter. 👍💪

Ferdig oppsummert når skuffelsen hadde lagt seg er begge fornøgde med debuten, og gledar seg til treningskvardag og mogelegheit til revansje ved neste anledning.

Vi takkar arrangør, motstandarar og dommarar for fin turnering.
Ekstra, ekstra, EKSTRA takk til dei tilreisande på tribuna som reiste både langt og lenge for å heie på våre! 👏👏

Vi må òg takke alle som har vore med å støtte oss hittil for å komme dit vi er no.
Treningskvardagen og eit alternativt treningstilbud til alle aldrar er det viktigaste for oss.
Turnering og kamp er krydderet for dei har lyst å teste seg.

Uten god støtte frå SFE via VinnVindMidlar frå Lutelandet Vindpark, Sparebankstiftinga Fjaler, Sogn & Fjordane Idrettsfond og MOWI fondet hadde vi ikkje hatt mogelegheit til å bygge eller halde fram.

Måtte det fortsette!
(auke) 🥳

«No caption needed» 🥸
28/09/2026

«No caption needed» 🥸

Etter første økt fredag heldt Morten Spissøy oss såpass i øyra resten av helga at det vart lite tid til dokumentering, m...
27/09/2026

Etter første økt fredag heldt Morten Spissøy oss såpass i øyra resten av helga at det vart lite tid til dokumentering, men litt fekk vi til.

Vi tek slitne og fornøgde tidleg kveld alle som èin, etter fire kvalitetsøkter med kvalitetsinstruktør på under 48 timar.
✅✅✅✅

Tusen takk for besøket og gode treningar til Spissøy, og applaus til alle som deltok på øktene for veldig god innsats!

Vi gledar oss til neste gong! 🥊🥊

Neste for oss blir Norges Cup i Fana kommande helg!

God natt! 😴

Kveldsøkt, og første økt av fire i treningshelg med ingen ringere enn Morten Spissøy! 🥊🥊Vi er svært heldige som har fått...
25/09/2026

Kveldsøkt, og første økt av fire i treningshelg med ingen ringere enn Morten Spissøy! 🥊🥊

Vi er svært heldige som har fått besøk av Spissøy, som har tatt med seg ekstra stor ause for å ause kunnskap i retning trenarar og dei vidarekomne som deltek på øktene denne helga.

Dette er gull verdt før vi reiser til Norges Cup i Fana om ei veke. 🥇

For dei som ikkje er oppdaterte på helgas storfine besøk køyrer vi klipp og lim frå Wikipedia:

«Han vant 22 NM-gull i perioden 1994–2012. Han vant kongepokalen i 2006 og 2010.
Som amatør vant Spissøy EM-bronse i 1998, EM-gull i 2006 og VM-bronse i 2011. Som proff ble han europamester i 1999, og verdensmester i 2003 og 2004.»

Veldig stor stas for oss, og vi gledar oss stort til dei neste dagane!

🥇🥊

Moro, svette og innsats over tid har gitt resultat- og vi gledar oss til å representere Hellevik IL med utøverar i Norge...
09/09/2026

Moro, svette og innsats over tid har gitt resultat- og vi gledar oss til å representere Hellevik IL med utøverar i Norges Cupen i Kickboxing i Fana første helga i oktober! 🥊🥊

Ta turen!

Vi er i full fart etter sommerferien, og du er hjarteleg velkommen til å bli med! 🥊❤️Mandagar 17–18: barneparti 7-12 årM...
03/09/2026

Vi er i full fart etter sommerferien, og du er hjarteleg velkommen til å bli med! 🥊❤️

Mandagar 17–18: barneparti 7-12 år
Mandagar 18-20: voksne/vidarekomne/graderte

Onsdagar 18-20: nybegynner 13 år+

Torsdagar 18-20: vaksne/vidarekomne/graderte

Laurdagar: 12–14: alle/fritrening/sparring/teknikk

Stikk innom, eller send oss ei melding på Facebook eller e-post [email protected]

Velkommen!

Godt besøk og god stemning trass tap på VM-kveld i 6967-sentrum! ⚽️❤️Takk for besøket, og velkommen tilbake ved neste an...
27/06/2026

Godt besøk og god stemning trass tap på VM-kveld i 6967-sentrum! ⚽️❤️

Takk for besøket, og velkommen tilbake ved neste anledning!
👏👏

Gammal boksering - ny for oss.Halvt montert - heilt moro! 🥊🥊👍👍Takk til hjelparar, med og utan traktor!
25/06/2026

Gammal boksering - ny for oss.
Halvt montert - heilt moro! 🥊🥊👍👍

Takk til hjelparar, med og utan traktor!

✅Litt frå ei fin sommaravslutning og gradering for dei minste i dag. 🥊❤️Tusen takk for eit godt gjennomført «semester» o...
21/06/2026

✅Litt frå ei fin sommaravslutning og gradering for dei minste i dag. 🥊❤️

Tusen takk for eit godt gjennomført «semester» og svært god treningsinnsats og oppmøte sidan oppstart.

Mykje gratulerer med belter og striper- det er vel fortjent!

Takk for besøket til foresatte som kanskje vart litt overraska av å bli sett til å trimme litt dei og. Vi håpar det gav meirsmak!

Gratulerer igjen, og god sommar! ☀️😎🍦

👏👏👏

Adresse

Hellevik
6967

Nettsted

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Hellevik Idrettslag legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Snarveier

Del

Kategori