På tur i Strand kommune

På tur i Strand kommune Velkommen til "turhimmelen" eller Strand kommune som noen også kaller det. Her finner du et mylder av turer i alle varianter.

Fra tilrettelagte Jørpelandsholmen til turistikonet Preikestolen. På denne siden vil du finne nyheter, bilder og turbeskrivelser.

🍂 Haustferien er i gang – og vêrgudane leverer! 🌧️😄Haustferien startar og avsluttar med det som vel må kallast «herleg» ...
05/10/2026

🍂 Haustferien er i gang – og vêrgudane leverer! 🌧️😄

Haustferien startar og avsluttar med det som vel må kallast «herleg» vestlandsvêr. Frisk luft, regn i håret og kanskje litt vatn i kinna – akkurat slik ein skikkeleg hausttur skal vere! 🌧️🥾

For dei som likar litt ekstra friskt vêr, byr denne veka på fleire gode høve til å kome seg ut.

I dag finn vi dei spreke damene i Jørpeland Sanitetsforening i regnkleda. Dei tek turen langs promenaden på Jørpeland og vidare ut på vakre Jørpelandsholmen. Med dagens vêr kan det nok vere ein ekstra god idé å leggje pausen til ein lun og god gapahuk. ☔️☕️

I morgon set Tirsdagsturgjengen Strand kursen mot Forsand og skal ta den gode bakken opp til Ubuen. Her ser det ut til at vêrgudane kanskje er litt meir samarbeidsvillige, så dette kan bli ein flott tur med frisk luft og nydeleg utsikt som premie på toppen. 🥾⛰️

Og hugs: Vi er no inne i den siste månaden med Mini Ti på tur, Ti på tur og Stolpejakten! 📍🎒

Mangar du framleis eit dyr, ein bokstav, ein post – eller kanskje ein stolpe eller to? Då kan det vere akkurat denne veka du skal få det gjort. Det er framleis mykje å hente der ute!

Så hiv på deg turkleda, snør skoa og kom deg ut – uansett kva vêrgudane finn på. 🌦️

Ha ei flott turveke!

Og som alltid:
👉 Det finst ikkje dårleg vêr – berre dårlege unnskyldningar! 😄🥾🌧️

🎿🚲🛶 Treng du utstyr for å kome deg ut på tur? Då treng du kanskje ikkje kjøpe det!I Strand kommune har me nemleg Fril***...
02/10/2026

🎿🚲🛶 Treng du utstyr for å kome deg ut på tur? Då treng du kanskje ikkje kjøpe det!

I Strand kommune har me nemleg Fril***r Nord Jæren! 🙌

Har du lyst til å prøve ski, ta ein tur på skøyter, padle kano, sykle eller finne på noko anna kjekt ute i naturen? Då kan det vere lurt å sjekke kva Fril***r har på l***r før du spring til butikken og handlar deg blakk på utstyr! 😄

Fril***r gjer det mogleg å låne og leige friluftsutstyr, slik at fleire kan kome seg ut – uavhengig av om garasjen allereie er full av ski, syklar og ting du kjøpte «fordi det sikkert kom til å bli brukt». 😉

I Strand har me to hentestader – på Jørpeland og Tau. I tillegg har me sjølvbetjente utlånsstader på Jørpeland, Dalen stisenter og Camp 773 på Foreneset. Her finn du mellom anna syklar, ski og kanoar.

Fril***r er også ein super samarbeidspartnar for skular, barnehagar og lag og foreiningar. Utstyr kan hentast på utlånsstadene eller leverast direkte når det skal vere turdag, utflukt eller aktivitet. 🎒🌲

Så før du tenkjer «me manglar utstyr», kan det vere lurt å tenkje:

👉 Kanskje Fril***r har det me treng!

Mindre kjøpepress. Mindre utstyr som støvar ned. Meir tur, aktivitet og friluftsglede! ❤️🌲

www.fril***r.no

🌿 Endeleg måndag igjen – og ei ny super turveke står for døra! 🥾🍂Denne veka har våre gode vener i Yr.no lova oss litt fl...
28/09/2026

🌿 Endeleg måndag igjen – og ei ny super turveke står for døra! 🥾🍂

Denne veka har våre gode vener i Yr.no lova oss litt flott haustvêr også. Då er det berre å finne fram turskoa, kle seg godt og kome seg ut! 😄

Skal du på sein ettermiddagstur, må du hugse hovudlykta. Det mørknar jammen fort om kveldane no – og det er jo ingen grunn til å avslutte tursesongen berre fordi sola tek kvelden litt tidlegare. 🔦🌙

👧🧒 Turbo på tur til Longaneset!

Forrige veke hadde vi ein fantastisk Turbodag saman med alle førskulebarna i kommunen. Denne veka inviterer Strand og Forsand Turlag alle barn med på Turbotur til Longaneset på Tau!

📍 Avgang kl. 16.45

Her kan du teste turbingo, leite etter Mini Ti på tur, utforske Longaneset og ikkje minst gå på tur saman med mange andre turglade Strandbuar. Her blir det tur, leik og moro – akkurat slik ein tur skal vere! 🐾🌲

🥾 Tirsdagsturgjengen Strand skal også ut på tur denne veka. Denne spreke gjengen legg turen til Svinesmarka.

Her ventar flott gammal skog, idylliske vatn og kjekke stiar – rett og slett mykje av det ein kan ønskje seg på ein tur i Strand kommune! 🌲💦

Randi og Kirsten er turlosar, og turen er merkt som middels krevjande.

Så då er det berre å ønskje alle ei riktig fin turveke! ❤️

Finn fram skoa, pakk sekken og kom deg ut – det finst alltid ein tur rundt neste sving! 🥾🍂

Ha ein fin veke og god tur, kvar enn du går i den flotte kommunen vår! 🌿

🥾🐻 Turbo-dag i Strand – over 300 små turheltar på tur! 🌲☀️For ein dag! På torsdag var nesten alle førskulebarna i barneh...
26/09/2026

🥾🐻 Turbo-dag i Strand – over 300 små turheltar på tur! 🌲☀️

For ein dag! På torsdag var nesten alle førskulebarna i barnehagane i Strand og Forsand samla til Turbo-dag på Jørpelandsholmen og i Mølleparken på Tau. Over 300 små turentusiastar fekk ein flott dag ute – og septemberveret kunne nesten ikkje vore betre! ☀️

Det vart turrebus, Turbo-spørsmål, leik, latter og sjølvsagt ein god del springing både hit og dit. Og når ein i tillegg får med seg ein Turbobamse og turbok heim, ja, då kan det vel knapt bli betre! 🐻📖

Turbo-dagen er eit samarbeid mellom Strand kommune og Strand og Forsand Turlag, og er noko ganske spesielt. Så vidt vi veit er dette den einaste samlinga i Noreg der barnehagebarn frå så mange barnehagar møtest til ein felles friluftsdag. Her er alle er med på same turfesten! 🎉

Målet er enkelt: Vi vil at ungane skal ha det kjekt ute. Kanskje oppdage at skogen er ein fin leikeplass, at ein tur kan vere eit eventyr, og at det faktisk er ganske kjekt å bruke beina.

Og kanskje, berre kanskje, vart det sådd nokre små turspirer i dag. 🌱🥾

I Strand har vi heldigvis mange flotte turmål for føter i alle lengder. Jørpelandsholmen og Mølleparken er perfekte for dei yngste – korte avstandar, mykje å utforske og god plass til både leik og oppdaging.

For ein liten førskuleunge treng ein ikkje gå til Preikestolen for å vere på ekspedisjon. Ein liten skog kan vere ein jungel, ein dam kan vere eit hav og ein stor stein kan vere eit heilt fjell. 😄

Så kanskje dagens viktigaste spørsmål ikkje var alle Turbo-spørsmåla?

Kanskje det var:

«Når skal vi på tur igjen?» ❤️🌲

Takk til alle små og store som gjorde Turbo-dagen til ein skikkeleg flott turdag! 🥾🐻☀️

🥾🍂 Denne veka skal veldig mange på tur! 🍂🥾Det skjer rett og slett tur-gøy i Strand kommune denne veka! Store og små skal...
21/09/2026

🥾🍂 Denne veka skal veldig mange på tur! 🍂🥾

Det skjer rett og slett tur-gøy i Strand kommune denne veka! Store og små skal finne fram turkleda, snøre skoa og ta i bruk alt det flotte som tur-Strand har å by på. 😄

🌸 I dag skal dei flotte damene frå Jørpeland Sanitetsforening ta turen til Jøssang for å sjekke ut den nydelege golfbanen til Preikestolen Golfklubb. ⛳️

Her snakkar vi om ein golfbane der naturen verkeleg har fått bestemme! Meir idyllisk – og kanskje litt meir «vanskeleg» – golfbane skal du leite lenge etter. Her kan ein fort få både golf, natur og trim i same pakken! 😂

💦 Tysdag er det Tirsdagsturgjengen Strand som skal ut på tur. Denne gongen går turen til Storåfoss, og etter helgas nedbør kan det nok bli både stor å og stor foss! 🌊

🐻 Torsdag er det dei aller minste som skal på tur. Då arrangerer Strand kommune og Strand og Forsand Turlag Turboturdag på Jørpelandsholmen og i Mølleparken.

Her samlast barnehagane i kommunen til ein dag full av aktivitet, leik og turmoro. Det blir garantert kjempekjekt, og Turbo får nok meir enn nok å henge fingrane i! 🐻🥳

Så denne veka er det eigentleg berre éin ting å gjere:

Finn fram turkleda og kom deg ut! 🥾🌿

Det er mykje kjekt som skjer, flotte turmål å besøke og forhåpentlegvis mykje fint haustvêr å nyte.

God tur – kanskje vi sjåast ute! 😄🍂

Det er tydeleg at ei god lysløype ikkje treng snø for å bli ein favoritt! Runden er perfekt for deg som ønskjer ein fin ...
17/09/2026

Det er tydeleg at ei god lysløype ikkje treng snø for å bli ein favoritt! Runden er perfekt for deg som ønskjer ein fin trimtur eller ein frisk luftetur med litt høgdemeter i beina. 💪😄

Her får du flott terreng, frisk luft og akkurat passe utfordring – og kanskje litt ekstra puls på kjøpet! 🌿⛰️

Så sjølv om skia må vente litt til, er det berre å snøre på seg turskoa og kome seg ut! 😃

✨ 18.000 passeringar utan snø! ✨

Lysløypa ved Liarvatnet har hatt over 18.000 passeringar sidan 1. mai🤩

Tala viser at lysløypa er mye meir enn ein stad for ski og aking. Her møter du folk frå tidleg morgen til seint på kveld som:

🥾 Går tur
🏃 Tar seg ein løpetur
🐕 Luftar hunden
🌿 Utforskar dei flotte turområda rundt Liarvatnet og Camp 773

Den 2,3 kilometer lange lysløypa har vore ein viktig del av friluftslivet i Strand i over 30 år. Det gleder oss stort når me ser kor mykje området blir brukt. 💚

Me prøver heile tida å gjere området endå bedre, og nå står arbeidet med kvileplassar langs løypa snart for tur🪑. Kanskje er det nettopp ein benk med utsikt som skal til for at endå fleire vil gå tur i dette fine området?

Tagg gjerne ein turvenn du vil ha med i lysløypa i haust! 🍂

📍 Stolpejegerane i Strand – ivrigare enn nokon gong! 🏃‍♀️🏃‍♂️Stolpejaktsesongen 2026 går inn i sluttfasen, men stolpejeg...
16/09/2026

📍 Stolpejegerane i Strand – ivrigare enn nokon gong! 🏃‍♀️🏃‍♂️

Stolpejaktsesongen 2026 går inn i sluttfasen, men stolpejegerne i Strand har absolutt ikkje tenkt å gi seg enno! 😄

Det går mot eit nytt toppår for Stolpejakten i kommunen. Så langt har over 1900 stolpejegere vore ute på jakt, og til saman er det skanna heile 66 600 stolper! 🤯👏

🏆 Den mest populære stolpen?
Den finn du ved brua til Jørpelandsholmen. Her har over 1100 mobiltelefonar vore innom og gjort jobben sin. Stolpen må vel snart ha krav på litt ferie! 😂📱

Du kan halde fram jakta heilt fram til 7. desember, med nokre unntak:
📌 Kartet langs Lysefjorden blir teke inn 30. november
📌 Kartet i Lysebotn/Kjerag blir teke inn 2. oktober

Så om du treng litt ekstra turmotivasjon i dette fantastiske haustværet – kvifor ikkje prøve Stolpejakten i nærområdet? 🍂🥾

Ta gjerne med ein ven eller to som enno ikkje har oppdaga denne herlege «stolpegalenskapen». Kanskje det er akkurat dei som skal hjelpe oss mot ein ny Strandarekord? 👀

Den gamle rekorden er på 2241 stolpejegere frå 2023.

Det er berre å komme seg ut – ein stolpe om gongen! 😄

God stolpejakt og god tur! 🥾📱🍂

🌧️ Ny veke, nye moglegheiter! 🥾🍂Hausten har verkeleg funne fram til det våte uttrykket sitt! Denne veka skal terrenget f...
14/09/2026

🌧️ Ny veke, nye moglegheiter! 🥾🍂

Hausten har verkeleg funne fram til det våte uttrykket sitt! Denne veka skal terrenget få seg ein skikkeleg dusj, og forhåpentlegvis skal magasin og bekkar få litt etterlengta påfyll. 💦

Men hugs: det finst ikkje dårleg vêr – berre litt for dårlege klede! 😉 Det kan ofte vere aller verst inne når ein sit og kikkar ut på regnet. Når du først har kome deg ut, er det som regel ikkje så verst likevel. Med gode klede og sko kan turen bli både frisk, fin og kanskje akkurat det du treng.

🌙 Det blir også mørkare om kveldane no. Skal du ut på tur etter at sola har teke kvelden, kan det derfor vere lurt å putte ei hovudlykt i sekken eller lomma. Det er kjedeleg å oppdage at stien har forsvunne når mørket kjem! 😄🔦

🥾 Denne veka skal dei spreke folka i Tirsdagsturgjengen Strand til Dagsturhytta. Planen var eigentleg ein topptur, men vêrgudane har visst andre planar. På grunn av lite eigna toppturvêr går turen denne gongen til Hammarbu.

Så: Sjå vêret litt an, kle deg etter forholda og legg turen etter det naturen byr på. 🌦️

God tur – og hugs at litt regn i håret aldri har skada ein god turgåar! 😄🥾🌧️

🪚 Ny benk eller trapp på Hammarbu? 🤔Kjært barn har mange namn – og denne nye konstruksjonen på nedsida av terrassen på H...
09/09/2026

🪚 Ny benk eller trapp på Hammarbu? 🤔

Kjært barn har mange namn – og denne nye konstruksjonen på nedsida av terrassen på Hammarbu er kanskje både benk, trapp, rasteplass og utsiktspunkt på éin gong! 😄

Gode krefter har vore i sving, og snekker Stian har jobba seint og tidleg for å få prosjektet i mål. No kan du setje deg godt til rette med matpakken, ta ein liten pust i bakken – eller rett og slett nyte utsikta mot Jørpelandsholmen. 🌿🥪

Plankane er levert med god hjelp frå Rogaland fylkeskommune og Sparebankstiftelsen SR-Bank. 🙌

Heldige oss som har så mange gode krefter som stiller opp og gjer dagsturhytta vår endå betre!

Tusen takk til alle som bidreg! ❤️

🌧️ ENDELEG KOM REGNET! 🌧️Jaja, så blei det litt vått til slutt! Men kva gjer vel det? Litt vatn i håret er berre sunt – ...
07/09/2026

🌧️ ENDELEG KOM REGNET! 🌧️

Jaja, så blei det litt vått til slutt! Men kva gjer vel det? Litt vatn i håret er berre sunt – men me får vi faktisk ein god del opplett òg! 😎🌤️

Liarvatnet har fått eit etterlengta påfyll 💦, og det har nok mange andre magasin rundt omkring i distriktet òg. Det kan me berre glede oss over! Naturen treng vatnet – og me treng turane. 🥾🌲

Og denne veka er det masse kjekt på turkalenderen!

🥾 I dag: Jørpeland Sanitetsforening tek turen til Jørpelandsholmen frå lokala i Vågen. Ein fin start på veka!

⛰️ I morgon: Då er det klart for tur med Tirsdagsturgjengen Strand, som skal til Ådnahovet. Tore og Sigrid er med som guidar – så dette kan berre bli bra! 🙌

📜🌿 Søndag skjer det mykje spennande!

Strand Bygdemuseum Breidablikk inviterer til historisk krigsvandring i Nordmarka. Stein Auestad og Leiv Krumsvik tek oss med gjennom historia og fortel også om botanikk og natur i området. Her blir det garantert både lærdom og gode historier!

🌲🔥 Og når søndagskvelden kjem, inviterer Strand og Forsand Turlag til eit villmarksforedrag litt utanom det vanlege. Då kjem Tor Kjelstad og fortel om si imponerande 120 mil lange ferd gjennom nordvest-Canada. 🇨🇦🥾 Det høyrest ut som ein kveld det er verdt å få med seg!

Og så må me berre sende ein stor 👏👏👏 til Strand og Forsand turlag for ein fantastisk jobb med Kom deg ut-dagen på Jørpelandsholmen i går! Mange ungar fekk helse på Turbo, leike, oppleve og rett og slett ha ein skikkeleg fin dag ute. ❤️

Nydelig jobba, dokke er gode! 💪🌲

Så finn fram gode turklede, pakk sekken og kom deg ut! 🥾☔
Det skjer mykje moro – både ute og inne – denne veka i Strand kommune!

God tur, folkens! 🌲💚

Adresse

Jørpeland
JØRPELAND

Telefon

+4751743000

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når På tur i Strand kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til På tur i Strand kommune:

Snarveier

Del