15/06/2026
Rapport frå Sunnhordlandstreffen 2026
Då var ei travel helg med skyting over, 4 stemner på Bremnes, Bømlo, Stord og Fitjar som til saman utgjer Sunnhordlandstreffen. God deltakelse, og mange gode resultater for Fikseskyttarane! 😊
Kan begynne med rekruttane våre, Karl Alfred og Haakon Ludvik. Karl Alfred deltok berre på to av stemnene, sidan det også var Etne Cup denne helga. Men han skaut godt, 343 (14*) på Stord, og 334 (18*) på Fitjar! 🤩 På Fitjar hadde han dessverre eit skot i feil skive, men skal ein snu det til noko positivt så kunne han potensielt hatt 344!
Haakon Ludvik deltok på alle 4 stemnene, og vann liksågodt klasse Rekrutt samanlagt! 😃 På toppen av det heile persa han på Fitjar, med heile 348 (23*)!!! 🤩🥳 Vel blåst av begge to!
Også på seniorsida gjorde Fikse skyttarane seg bemerka! Johannes drog i land ein sterk 5. plass i klasse 3-5 samanlagt, og det er ingen liten prestasjon i konkurranse med bl.a. ei tidlegare skyttarprinsesse (Liv Sollesnes)! 😃
Kort oppsummering av andre høgdepunkt:
- Britt Randi vann stemnet på Bømlo, og kom på 2. plass samanlagt i klasse 3
- Dan Ove vann alle 4 stemnene, og dermed også samanlagt i klasse 2
- Trine vann på Stord og Fitjar, og samanlagt i klasse SK2
Neste helg er det klart for landsdelskretsstemne på Voss (Hordastemnet), der vert det ikkje så mange deltakarar frå Fikse, men me får krysse fingrane for at det vert nokon oppturar der og! 😊
For fullstendig resultatliste frå Sunnhordlandstreffen sjå her:
https://skytter.bomlo.org/app/cups/sunnhordland
09/06/2026
Det blir oppstart av jegerskyting mandag 15.06 kl. 18.00 og utover på Fikse. Det vil fortsette med jegerskyting kvar mandag og torsdag frå kl. 18.00 fram til jakta begynner🦌
28/05/2026
Flott overrekkelse idag av Sparebank 1 Sør Norge, då me fekk tildelt kr 100 000 til videreutvikling av feltanlegget våres. Kjekt med lokalt næringsliv som bidrar til skytesporten.
25/05/2026
Banesesongen har kome godt i gang, nokre har allereie vore på stemner i Rogaland og Hardanger & Voss skyttarsamlag, men denne helga starta banesesongen i Sunnhordland skyttarsamlag med stemne på Midthølen (Kvinnherad), det første stemnet i årets Westcon banecup. 10 skyttarar frå Fikse trossa tidvis tjukk tåke og tok turen.
Av klassevinnarar kan me nemne at Britt Randi vann klasse 3 (329, 7*), og Dan Ove vann klasse 2 (340, 7*).
Av ungdomaskyttarane våre hadde me to deltakarar i Rekruttklassen; Karl Alfred kom på 2. plass (341, 12*) og Haakon Ludvik kom på 4. plass (334, 7*), god skyting av begge to! 😊
Det var også stemne på Aga i Hardanger denne helga, her deltok 12 skyttarar frå Fikse. Her var det Kenneth som tok på seg ansvaret med å sikre ein klassesiger til Fikse blant seniorane, han vann klasse 2 (344, 12*).
Og på Aga gjorde Rekruttane våre reint bord i klassen, Haakon Ludvik vann (347, 12*) og Karl Alfred kom på 2. plass (345, 14*), knallgod skyting av begge to! 🤩
Her er linkar til fullstendige resultatlister:
Midthølen:
https://www.mittdfs.no/resultater/stevne/?eventId=26897
Aga:
https://www.mittdfs.no/resultater/stevne/?eventId=260921
20/05/2026
Me har framleis premiering til ungdomsskyttarane våre når dei skyt sin første 50-serie, forrige onsdag var det Sina sin tur! 🤩 Gratulerer så mykje! 🥳
20/04/2026
Gratulerer til Kenneth Dahlberg med siger i Klasse 2 på Hordastemnet i felt i helga! 🤩🥳
17/03/2026
God nyhet, endeleg litt meir sendingar frå LS på NRK igjen! 🤩
Juhu! 🎯 Stang- og felthurtigfinalen blir igjen sendt på NRK under Landsskytterstevnet 2026 💥😄 Det blir tre dagers sending på NRK i sommer, i tillegg til Det Frivillige Skyttervesen sin web-tv. Det blir mange flotte bilder fra Lesja, Dovre og Nord-Gudbrandsdalen! 🤩🤩
Les mer her:
https://www.ls2026.no/aktuelt/nrk-sender-tre-dager-fra-ls
08/03/2026
FIKSEFELTEN 2026
I dag gjekk årets Fiksefelt av stabelen med 37 deltakarar. Véret spelte dessverre ikkje heilt på lag, stemnet starta som planlagt men så kom tåka sigande og me måtte ta pause, som medførte frykteleg mykje venting... Det var på nære nippet at me måtte avlyse, men heldigvis letta det etterkvart og me fekk fullført stemnet! Me ynskjer å takke alle skyttarane for oppmøte, og ikkje minst for tålmodigheten og det gode humøret på tross av all ventinga! 🤗
I meisterskapen klasse 2-5+EJ+V55 var det Liv Sollesnes (Kl. 5) frå Jondal SKL som trona øvst på pallen med sterke 41/27, ho får gylt sølvmedalje og napp i sølv vandrepokal. Andreplassen gjekk til Håvard Sørheim (Kl. 5) frå Stord SKL med 41/17, som får sølv medalje.
Øvrige klassevinnarar:
Klasse 4:
Morten Hidle, Bremnes, 39/17
Klasse 3:
Anita Bakkane, Stord, 39/16
Klasse 2:
Steinar Eikemo, Fana, 38/12
Klasse 1:
Dagfinn Eng, Stord, 13/03
Klasse V55:
Ove Steinkjellå, Karmøy, 38/19
Klasse V65:
Torbjørn Nervik, Haugesund & Sveio, 42/38
Klasse V75:
Kirsten Vorland, Bømlo, 42/33
Klasse ER:
Lukas Utne Nesse, Stord, 41/30
Klasse R:
Brage Vorland, Haugesund & Sveio, 42/26
Kikkertklassen:
Per Hidle, Bremnes, 37/21
I klasse Nybegynner Ung (NU) vert det ikkje kåra vinnar, men her deltok Thea Vorland frå Haugesund & Sveio, ho skaut fine 23/14! 🥳
Gratulerer til alle saman, og nok ein gong takk for oppmøte, og me ynskjer dykk velkommen attende til banestemne 28. juni!
Fullstendig resultatliste finn du her:
https://www.mittdfs.no/resultater/stevne/?eventId=26919
03/03/2026
Invitasjon til Hordastevnet i feltskyting 2026