28/09/2026
Det er nærmar seg heimreise.
Eg sit ute med ein kopp te, i mildt og fint vær.
Henning er på jobb no i tre dagar, så då får eg aktivisere meg sjølv.
For ikkje verta gjerandslaus tenkte eg å dela nokre av erfaringane våre frå turen.
Tryggleik er noko som eg tenkte mykje på, i starten av turen, og for så vidt enno.
På ei slik reise er me åleine, berre kapteinen, eg, og båten vår.
Me er åleine ansvarlege for eigen tryggleik, og for at me ikkje skal påføre andre skade, eller ubehag.
Me er åleine ansvarlege for rutevalg, for når me skal reise, for å tyde vêrvarslinga, for at båt og utstyr er i god stand, og for at me sjølve er i stand til å møte dei utfordringar som kan kome.
Slike tankar kan fort ta for mykje plass i hovudet, og gjera sitt til at du anten ikkje reiser, eller snur.
Det er berre ein ting å gjera med slike tankar. Ta dei ut dagslyset, og bryn deg og tankane på kapteinen eller liknande😂
Svaret for meg vart å forbetra kunnskapen min.
Eg måtte bli betre kjend med vêrvarslinga, og vindmålingar, samt forstå kva konsekvensar meldinga hadde for vår båt.
Eg viste det jo frå før, men vart litt blinda av at me no skulle på langtur.😮Elles var det ein viktig lærdom at ein bris ofte vart til nesten ein liten kuling i røynda, og då vart konsekvensen at det var liten bris me leita etter.
Korleis ville me ha det om bord? Tåler me bølgene som kjem av ein kuling? Svaret var nei. Konsekvensen er at me går ikkje ut om me kan risikere kuling.
Ein kollega sa ein gong: «Når me går ut, så skal det vera vêr å nyte kaffien i!»
Sånn vil me ha det og, og me leitar alltid etter lange gode vêrvindauge.
Så kan vêret endra seg, det må du også kunne tola. Då gjev det tryggleik å gjera vera kjent med båten og utstyret.
Ver saman om vedlikehald, forbetringar, og endringar. Me må begge to forstå nok til å kunne bruke det viktige utstyret om bord. Det gjev tryggleik.
Eg vil aldri kunna båten, og alt utstyr så godt som kapteinen, men eg forstår nok til å bruka det viktige utstyret, til å vera med å gjera vurderingar rundt kva som er viktig å ha i orden, og kva som kan venta.
Eg er også god «handlangar»😁og støttespelar. Den rolla må ikkje undervurderast🤩.
Å ha denne sorten felles kunnskap, må til for å kjenna seg trygg.
Det er også tryggleik i å ha ein båt der alt utstyr er i orden og virkar. Me har eigd båten sidan den var ny, og har stått for alt av vedlikehald og oppgraderingar.
Det gjer at me veit at båten er i stand.
Synest de at kapteinen, maskinisten, og skipselektrikaren har reparert i eit«bankande vekk»? Han har ikkje det. Det er utført normalt vedlikehald, som kontroll av oljenivå, tømming av sjøvassfilter, samt fast ettersyn av motoren, for å sjå at det ikkje er lekkasjar eller uvanlege lydar, vibrasjoner ol. Elles er motoren godt overvaka frå dashbordet. På same måte som i bilen, er alle viktige funksjoner overvaka, og alarmbelagt om det kjem unormale målingar.
Dette er ein del av det å ha ein båt i dagleg bruk. Heime driv me også naudsynt vedlikehald, alt frå å skifta pose og filter i støvsugaren, til å skifta utvendig kledning. Slik er det også i båten. Dette gjev tryggleik både heime og i båten.🤩
Men tryggleik finn du òg i menneska omkring deg!
Er du heilt åleine? Sjå deg omkring😅
Omkring oss var det som oftast mange båtar, anten me var på hav, elv, kanal eller låg i hamn!
Inni båtane var det menneske som oss. Dei snakka ikkje alltid korkje norsk eller engelsk, men me fann saman likevel. Alle var på ei reise, lang eller kort. Me møtte folk med både meir og mindre erfaring og kunnskap enn oss, men som alle vart glade for å snakke saman, og dele sitt med andre. Samvær og prat med andre båtreisande var med å gje meire kunnskap og med det meire tryggleik! Alle var rause med å by seg til å hjelpa!
Dei som styrte i båthamnene me var innom, var erfarne båtfolk på vår alder og eldre,🤩og der var det også mykje kunnskap, og mest av alt trivelege samtalar å henta. Det er også tryggleik.😅
Me har vore på ein tur som har utfordra oss, men me har vore trygge, og kjent oss trygge.