Alleme

Alleme

Del

ALLE ME! er eit unikt samarbeidsprosjekt der klubbane på Stord går saman for å hindre fråfall i fotballen.

skal gi born og unge på øya motivasjon til å fortsette med fotballen.

Photos from Alleme's post 11/08/2026

På Solid-banen, Vikahaugane og i Prestegardskogen er det full aktivitet i dagane før skulestart.

Det er nye og gamle venskap👯‍♀️
Fotball og fellesskap⚽️
Latter og leik🤩

Tusen takk til alle instruktørane, som gjer ein kjempejobb, foreldre og besteforeldre som jobbar dugnad og til alle dei flotte sponsorane våre.

Urt & Ugras takk for god mat!

Trond Mohn Subshore Leirvik Haugaland Kraft Byrået Sparebanken Norge Aker Solutions Alltec

IL Trott IL Solid Fitjar Idrettslag Stord Fotball

Photos from Alleme's post 09/08/2026

I morgon brakar det laus for årets AlleMe-dagar🤩

Me gler oss og er klare for å ta imot 300 born i morgen - på tvers av alle klubbane på sommarøyo⚽️🌟☀️(🌧️)

I føremiddag var over 50 ungdommar frå IL Solid, IL Trott og Stord Fotball samla i Solidhuset for opplæring, planlegging og samkjøring. Mange av ungdommane har vore med tidlegare år - medan nokon er ferske. For nokre kan dette vera starten på ein trenarjobb og eit langt liv i fotballen - for andre ein kjærkommen sommarjobb før skulestart og ein fin ting å ha på CV-en🙌 Etter arbeidet var det pizza og brus🤩

Ekstra kjekt i år er at Fitjar Idrettslag er med i klubbsamarbeidet og med eldsjel Sander Hrafnsson Tverborgvik som drivkraft i lag med sindige Sverre Skjold Olsen og primus motor Grethe Fadnes. Kjekt og å sjå at det er fleire gode krefter i alle klubbane som bidreg med stort og smått👍

Takk til NFF Hordaland som stiller opp med Magnus Johansson som kursleiar. Johansson bidreg år etter år - og gjer at ungdommane er godt budde på storinnrykket i morgon. Og til Sportsklubben Brann som også i år kjem med trenarar og bidreg til kjekke dagar for dei eldste⚽️🙏🏻

I AlleMe er med opptatt av . Har du genser og T-skjorte liggande heime som er for liten, set me pris på om du tar den med, slik at me kan bruke den på ny🌍

Tusen takk til alle gode støttespelarar her på Stord og i Bergen, som gjer at me klarar å halde deltakaravgifta låg.

Trond Mohn Sparebanken Norge Subshore Byrået Urt & Ugras Alltec Leirvik Haugaland Kraft Aker Solutions

30/07/2026

Det er framleis ledige plassar på AlleMe.
Meld på innan 1. august🤩⚽️⬇️

https://www.superinvite.no/ #/invitation/24988d9aa627ea723a4769c83e481a76

22/07/2026

No gler me oss til AlleMe-dagane i august!⚽️🤸‍♂️Husk å melde på innan 1. august🤩

https://www.superinvite.no/ #/invitation/24988d9aa627ea723a4769c83e481a76

IL Solid IL Trott Stord Fotball Fitjar Idrettslag

12/07/2026

⚽️🤸‍♂️Husk påmelding til AlleMe-dagane
10-12. august.

Me gler oss til tre dager med fotball, leik og felleskap💙💚🤍❤️ IL Trott, Fitjar Idrettslag Stord Fotball IL Solid

📅Påmeldingsfrist er 1. august!

Her kan du melde på:
https://www.superinvite.no/ #/invitation/24988d9aa627ea723a4769c83e481a76

💸Pris: 300,-

🌮Det blir varm lunsj, frukt og smoothie alle dagar.

📣Spre gjerne ordet!

18/06/2026

⚽️🤩10.-12. august inviterer Fitjar Idrettslag, IL Solid, IL Trott og Stord Fotball til AlleMe-dagane⚽️🤩

Det blir fotball og felleskap, leik og læring, meistring og meining!

Det blir varm lunsj, frukt og smoothie alle dagar.

👉🏻 Bli med du og! Her kan du melde på:
https://www.superinvite.no/ #/invitation/24988d9aa627ea723a4769c83e481a76

📅 Måndag 10. august - onsdag 12. august. Tid: 10:00 - 14:00

💸Pris: 300,-

✅ Påmeldingsfrist 1. august

📣 Spre gjerne ordet!

🙏🏻 Takka vere dei trufaste sponsorane våre kan me halde prisen låg, slik at flest mogleg kan å delta Sparebanken Norge Alltec Urt & Ugras Haugaland Kraft Leirvik Subshore Trond Mohn Byrået Aker Solutions

06/06/2026

Er du i ferd med å legge feriekabalen? ☀️🤩

Dei tre siste dagane før skulestart inviterer IL Trott, Fitjar Idrettslag,IL Solid og Stord Fotball til AlleMe-dagane.

👉🏻 Her kan du melde på barnet ditt
https://www.superinvite.no/ #/invitation/24988d9aa627ea723a4769c83e481a76

📅Dato: Måndag 10. august - onsdag 12. august. Tid: 10:00 - 14:00

💸Pris: 300,-

✅ Påmeldingsfrist 1. august

📣 Spre gjerne ordet!

05/06/2026

Tusen takk til alle sponsorar som støttar AlleMe🙏🏻🤩

I august tar me igjen imot born og unge til kjekke dagar med fotball og leik, på tvers av alle fotballklubbene på Stord.

Det hadde ikkje vore mogleg utan alle dei gode støttespelarane våre, med Trond Mohn i spissen. Men og lokale bedrifter som tek samfunnsansvar og bidrar til aktivitet og fellesskap for born på øya.

Tusen takk Subshore, Sparebanken Norge, Aker Solutions, Leirvik, Haugaland Kraft, Alltec, Byrået, Urt & Ugras❤️

Fitjar Idrettslag, IL Solid, Stord Fotball, IL Trott.

12/05/2026

👉🏻 No er påmeldinga til AlleMe-dagane opna⚽️

👭IL Solid, IL Trott, Stord Fotball og Fitjar Idrettslag inviterer alle jenter og gutar mellom 6 og 13 år til kjekke dagar med fotball og fellesskap, leik og læring, mangfald og meistring.

Her kan du melde på bornet ditt
https://www.superinvite.no/ #/invitation/24988d9aa627ea723a4769c83e481a76

📅Dato: Måndag 10. august - onsdag 12. august. Tid: 10:00 - 14:00

💸Pris: 300,-

📣 Spre gjerne ordet!

🙏🏻 Tusen takk til dei gode samarbeidspartnarane våre som er med i år også Trond Mohn, Subshore, Byrået, Haugaland Kraft, Urt & Ugras, Leirvik, Sparebanken Norge, Alltec, Aker Solutions.

04/03/2026

AlleMe inviterar alle trenarar, lagleiarar og foreldre i IL Solid, IL Trott, Stord Fotball og Fitjar Idrettslag
til seminar om spelarutvikling mandag 16. mars, kl. 17-21.

⚽️ Dagleg leiar i Sportsklubben Brann, Christian Kalvenes fortel om Kniksen-akademiet Sunnhordland.

👫Halvard Grenstad, skal snakke om vekst og modning. Han har doktorgrad i temaet frå Norges idrettshøgskole, og jobber til dagleg i Vålerenga med utvikling av unge spelarar.

🌟Elise Barsnes fortel om Landslagsskulen. Ho er spelar- og trenarutviklar i NFF Hordaland.

✅ Påmelding innan 12. mars til [email protected].

Trond Mohn Alltec Sparebanken Norge Urt & Ugras Subshore Aker Solutions Leirvik Haugaland Kraft Byrået

Vil du plassere din bedrift på toppen av Gym-listen i Stord Island?

Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.

Telefon

Adresse

Stord Island