Stord Golfklubb

Nettsted

Stord Golfklubb Vestlandets fineste 9 hulsbane. Eit supert miljø for store og små. Me ønsker alle velkommen i klubben

BLI MED PÅ NATTCUPEN FØRSTKOMMANDE FREDAG! Det er framleis mange ledige plassar, så no må me få med fleire! 😃Nattcupen e...
03/10/2026

BLI MED PÅ NATTCUPEN FØRSTKOMMANDE FREDAG!

Det er framleis mange ledige plassar, så no må me få med fleire! 😃

Nattcupen er ein sosial 4-manns scramble i mørket, med sjølvlysande ballar og lys-sticks. Etter runden samlast me til mat, fest og premieutdeling 🥳🏆

👉 Meld deg på saman med 3 venner, eller meld deg på åleine, så ordnar me lag!

⏰ Shotgunstart kl. 19.30
🔞 18 års aldersgrense
👥 Maks 44 spelarar

Dette blir ein kjekk kveld, meld deg på! 🌙🏌️‍♂️✨

Fortsatt mogleg å bli med i morgon! 🏌️‍♀️🏌️‍♂️Me køyrer Greenkeepers Revenge – 9 hol scramble med fellesstart kl. 11.00 ...
02/10/2026

Fortsatt mogleg å bli med i morgon! 🏌️‍♀️🏌️‍♂️

Me køyrer Greenkeepers Revenge – 9 hol scramble med fellesstart kl. 11.00 😃

Det er fortsatt mogleg å melde seg på!

Påmeldingsfrist: kl. 19.00 i dag, bli med 😀

For nokon er dette kanskje årets høgdepunkt,  og no er det snart klart for Nattcup igjen! 🤩09 Oktober inviterer me til e...
27/09/2026

For nokon er dette kanskje årets høgdepunkt, og no er det snart klart for Nattcup igjen! 🤩

09 Oktober inviterer me til ein skikkeleg sosial kveld med 4-manns scramble i mørket, der me spelar med sjølvlysande golfballar og lyssticks som lyser opp hola. 🔦✨

Etter runden samlast me til mat og sosialt 🍽️🥳

Du kan melde deg på åleine, så ordnar me lag, eller melde deg på saman med tre andre som eit komplett lag.

Finn fram refleksane og gjer deg klar for ein av dei kjekkaste og mest spesielle golfkveldane i året! 🌙🏌️‍♀️🏌️‍♂️

Påmeldinga er open i GolfBox og blir snart full!

Dagens Greenkeepers Revenge måtte dessverre avlysast grunna for få påmeldte. Men me gir oss ikkje! 😃Neste laurdag prøver...
26/09/2026

Dagens Greenkeepers Revenge måtte dessverre avlysast grunna for få påmeldte. Men me gir oss ikkje! 😃

Neste laurdag prøver me på nytt, denne gongen med eit litt anna og enklare format:

🏌️‍♂️🏌️‍♂️ Parturnering
⛳️ 9 hol

Me håpar eit anna format kan passe for endå fleire, og at me får samla ein god gjeng til ein kjekk haustturnering 🍂⛳️

Påmelding i GolfBox, meld deg på allerede no! 😊

https://tourentry.golfbox.dk/?cid=5850239

⛳️ Hugs å melde deg på Greenkeepers Revenge i morgon! 😈🌱Me håpar å få gjennomført turneringa, men då treng me fleire påm...
25/09/2026

⛳️ Hugs å melde deg på Greenkeepers Revenge i morgon! 😈🌱

Me håpar å få gjennomført turneringa, men då treng me fleire påmeldte. Blir me ikkje nok deltakarar, må me dessverre avlyse.

Så ikkje vent, meld deg på og bli med på ein utfordrande runde! 😃🏌️‍♂️🏌️‍♀️

👉 Påmelding i GolfBox:
https://tourentry.golfbox.dk/?cid=5835464

I dag kl. 16.30–17.30 er det medlemstrening med Lucas, og denne gongen er det sving som står i fokus ⛳️🍂 Hausten og vint...
17/09/2026

I dag kl. 16.30–17.30 er det medlemstrening med Lucas, og denne gongen er det sving som står i fokus ⛳️

🍂 Hausten og vinteren er den aller beste tida for å terpe på teknikken! No er det perfekt å jobbe med svingen, gjere små justeringar og bygge gode vanar som du kan ta med deg inn i neste sesong

Det er framleis ledige plassar, så kanskje dette er dagen for å hive seg med? 😃
Påmelding i golfbox

🏌️‍♂️ Medlemstrening med Lucas i morgon!Torsdag kl. 16.30–17.30 er det klart for ny medlemstrening med Lucas, denne gong...
16/09/2026

🏌️‍♂️ Medlemstrening med Lucas i morgon!

Torsdag kl. 16.30–17.30 er det klart for ny medlemstrening med Lucas, denne gongen med fokus på sving! ⛳️

Lucas hadde same økta med ei gruppe på måndag, og tilbakemeldingane var kjempegode 🤩 Så dette er absolutt ei økt det er verdt å få med seg!

Det er framleis ledige plassar, meld deg på i GolfBox! 🏌️‍♀️🏌️‍♂️

🏌️‍♂️ Ledige plassar på dagens svingtrening! 🏌️‍♀️Det er framleis fleire ledige plassar på svingtreninga med Lucas i dag...
14/09/2026

🏌️‍♂️ Ledige plassar på dagens svingtrening! 🏌️‍♀️

Det er framleis fleire ledige plassar på svingtreninga med Lucas i dag kl. 16.30!

Rangeballar er inkludert i økta ⛳️

Meld deg på i GolfBox.

I morgon er det klart for Torsdagsscramble med fellesstart kl. 17.00!På grunn av deltaking på GAF-møte heile formiddagen...
09/09/2026

I morgon er det klart for Torsdagsscramble med fellesstart kl. 17.00!
På grunn av deltaking på GAF-møte heile formiddagen har adm. dessverre ikkje mulighet til å legge inn etterpåmeldingar i morgon.
👉 Påmeldingsfristen er i kveld kl. 22.00, så ikkje vent , meld deg på i GolfBox no! 😃🏌️‍♀️🏌️‍♂️

⛳ Bli med på trening med Lucas!Det er framleis ledige plassar på torsdagens trening, og denne gongen er det putting som ...
08/09/2026

⛳ Bli med på trening med Lucas!
Det er framleis ledige plassar på torsdagens trening, og denne gongen er det putting som står i fokus, ein viktig del av spelet som det er fort gjort å gløyme å trene på! 😊
Me har lagt ut fleire treningar i GolfBox framover, både måndagar og torsdagar, med ulike tema.
🏌️ NYTT 👉 banespel med Lucas!
No blir det også 9-hols trening ute på bana, med fokus på strategi, kølleval og smarte val undervegs. Her er det maks 4 personar per økt, så ver rask om du vil sikre deg plass!
👉 Påmelding i GolfBox https://tour.golfbox.dk/Site/Competition/CompetitionList.aspx

Adresse

Tyse 41
Stord Island
5414

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Stord Golfklubb legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Snarveier

Del

Kategori