13/09/2026
SpareBank1 Eliteturnering 2026 er gjennomført✔ og er det eit ord som kan summere opp helga må det bli «takksemd»🙏.
Takksame for alle dei flotte folka vi kjenner, anten det er spelarar og lag som tek turen, medlemar som stiller opp på dugnad eller dommarar som legg ei treningshelg til Volda Volda Campus SpareBank 1 Arena.
Takk for besøket Oslo Volley, TIF Viking Volleyball, Førde Volleyballklubb, ToppVolleyNorge, NTNUI Volleyball 🫶
Sjølv om helga vart litt amputert med berre herreklasse kan vi med handa på hjartet seie at det har vore spennande oppgjer, speletid for mange og testing av lagoppstillingar. Vi er stolte av herrelaget vårt som har klart seg godt mot fleire av laga. Ei veldig flott oppkjøring mot sesongstart!
Turneringa har også bydd på moglegheiter for internopplæring i system som skal brukast under kamp og så er det aldri feil å få testa teknikken!
Streaming av kampane på MyGame har fungert veldig bra og vi trur vi seier oss klare for seriestart. Første seriekamp heime for 1.div herre vert 3. oktober mot sjølvaste Blindheim. Håper å sjå deg i arenaen då!
Lurer du på korleis kampane faktisk har gått denne helga? Sjå innom heimsida vår så finner du vidare lenker til resultat frå kampane.
Foto: Åsmund Keilen
SpareBank 1 SMN