27/05/2026
Melding om ny kvileplass
I morgon torsdag 28. mai er det O-karusell i Hålandsskogen. Ålgård turstilag vil med dette melda om endring i terrenget, som ikkje har kome med på årets O-kart: Ny kvilebenk. Midt i Hålandsskogen, på 190 moh., og berre 230 lengdemeter og 35 høgdemeter å gå frå parkeringsplassen midt i skogen, retning søraust. Dette er ein ypperleg kvileplass, anten pulsen er høg eller låg.
Tusen takk til skilt- og alt muleg-snekkar Paul Moi for montering av benken. Takk også til bjerkreimbu Helge Husveg for teikningar og malar, som denne gongen SMIÅ på Ålgård har fått leika seg med. Takk for flott produksjon av alle delene som trengs. Takk også til Knut Taugbøl og Øyvind Madland Gran som trufaste berarar.
Ålgård turstilag - lett på tur
19/05/2026
Stiar til Bursfjellet
I det siste har stiane til Bursfjellet blitt både betre og meir synleg. Både stiforbetringar som bygging av klopp, betre passeringspunkt over gjerde, og rydding av vegetasjon i stien er gjort.
I tillegg har me no også fått merka både gamle og nye stiar mykje betre. Tusen takk til SMIÅ for merkepålar som dei lagar til oss, og til Nina Svensen for trufast arbeid med merking. Og takk til Jan Oskar Haugen i Time kommune for å merka den søre delen av Bursfjellet.
Legg merke til at det er både raude og blå merker i området. Det heng mellom anna saman med at Time kommune historisk har brukt raudt. Det er same farge på skiltkartet og slik merkinga er i terrenget.
Den raudmerka, nye stien frå Trodalen og opp til Bursfjellet via Litle Bursfjellet er ei flott naturoppleving for alle som ikkje har vore der endå. Og kanskje kan ein få til ein rundtur via Benkjalidalen heim att?
Ålgård turstilag - lett på tur
13/05/2026
Edlandsfjellet - ny turstitrapp på toppen
Tusen takk til Per Einar Lillejordet og Bjørn Ove Modalsli for montering av ei heilt ny turstitrapp over gjerdet på toppen av Edlandsfjellet. No vert det mykje betre for både folk og hundar som vil over på andre sida.
Merk: Den gamle gjerdeklyvaren står framleis der han alltid har stått. Den fungerer framleis bra til ulike klatreøvingar. Den nye trappa er sett opp ca. 20 meter lengre nord.
Ved parkeringsplassen i Neseskogen (og på Eikeland) er det nye skiltkartet over området sett opp. Ta ein kikk på det og få tips om nye stiar, som alle fører til topps, og ned att. Edlandsfjellet har svært flott natur, utsikt og detaljar å kunna gleda seg over.
Hald hunden i band!
Ålgård turstilag - lett på tur
08/05/2026
Ny sti-trase vest for Røyskatten dagsturhytte
Nyleg la Ålgård turstilag om ca. 20 meter av stien like vest for Røyskatten dagsturhytte ved Øygardsvatnet på Ålgård. Tidlegare gjekk stien heilt ned til vatnet. Der var det fjell og berg fleire stader, som ofte var glatte, og lett å skli på. No går stien litt høgare opp på ein nylaga sti, utan slik risko for å skli.
Tusen takk til Kjell Inge Steinskog for å rydda i både stein, småskog og kvist for å få til dette.
Ålgård turstilag - lett på tur
29/04/2026
Benkjalidal-brua på plass
No er Benkjalidal-brua på plass! Like aust for Høghammaren på Edlandsfjellet kan ein no for første gong i historia gå tørrskodd også her, over myra heilt nord i Benkjalidalen.
Tusen takk til snekkarane Terje Lima og Bjørn Ove Modalsli for flott arbeid, forpaktar Vestly og Tjøl Ravndal med fleire for framkøyring og bering av material til fjells, og tusen takk til Jæren Sparebank gåvestifting for økonomisk hjelp for slik tilrettelegging.
Ålgård turstilag - lett på tur
22/04/2026
No er dei her igjen!
Kvite, svarte, og av og til brune, små ulldottar, med til tider mykje lyd. No har årets lam kome ut på beite mange stader rundt Ålgård. Til stor glede for dei, og til alle oss andre som kan nyta leiken i vårsola, og korleis dei søkjer til mora og ein skvett ekte heilmjølk når livet berre vert bitte litt skummelt.
Nokre gonger kan det også vera verkeleg fare på ferde. Som oftast er det då hund i sikte. Det vil seia laus hund, utan band, og utan at eigaren har kontroll. Ingen vil ha skremde lam og sauer, eller i verste fall drepne lam. Difor er det også i 2026 på tide å minna alle om å utøva ekstra godt turvett: Hald hunden i band. Alltid. I fjor måtte dessverre nokre lam rundt her bøta med livet.
Ålgård turstilag - lett på tur
17/04/2026
Tørrskodd kryssing av Fylgjingsdalen
Velkomen til fjells! No har det kome om lag 180 meter med ny naturstein-sti på Edlandsfjellet. I nedre del av Fylgjingsdalen har nemleg Årstein Lima frå Gjesdal Bygdeservice vore på ferde. Stadeigen stein er snudd og vendt, og lagt fint på rekkje. Med det kan ein no kryssa dalen nesten på tøflar. Sorpehol og blaute parti er no historie, akkurat her.
Merk at turvegen frå Stemmen og opp hit framleis har ein del blaute parti, men det skal verta betre etter kvart. Den "reinaste" vegen opp til den nye naturstein-stien er i dag frå Grønsje eller Hålandsskogen, via Trodalen og opp Mæbrekko (sjå kart, som også er montert ved parkeringsplassen i Neseskogen og på Eikeland).
Tusen takk til grunneigar, Nina Svensen, Milrid Ravndal Aarsland og Arne Kulander for merking og finpuss, og til Sparebankstiftelsen SR-Bank for uvurderleg økonomisk støtte.
Ålgård turstilag - lett på tur
14/04/2026
Mæbrekko opp
Etter at dei nye skiltkarta har kome på plass både ved Neseskogen og på Eikeland, og klargjering og merking av stiar i terrenget er ferdig, er det no klart til å utfordra turfolk til å prøva ut nye vegar til Edlandsfjellet og Bursfjellet. To av dei "nye" stiane går opp Mæbrekko. Det er flott dersom fleire kan verta kjende med desse før sommaren og graset vert for langt.
Turen opp Mæbrekko startar i Trodalen, mellom Grønsje og Hålandsskogen, og byr på flotte naturopplevingar. Det er eit område som det også er enkelt å få opp pulsen på. Og til sommaren er området nesten fritt for storfe. Det kjem me tilbake til seinare.
Ålgård turstilag - lett på tur
28/03/2026
Eg lyfter augo mine mot fjella
No er det påske. Tankane går i dag heilt tilbake til gjetaren og salmediktaren frå Betlehemsmarkene som allereie for over 3000 år sidan måtte ty til fjella når kvardagen røynde som hardast; Kor skal hjelpa mi koma frå?
På Ålgård har me mange fjelltoppar me kan lyfta augo mot. Det er nesten som dei lokkar på oss. Det er noko spesielt å vera på toppen. Gjerne heilt åleine.
Kor går vegen til topps? Ålgård turstilag har no fått laga eit flott skiltkart over området Edlandsfjellet, Bursfjellet og Trodalen. Ser du nøyare etter, vil du til dømes sjå mange stiar som fører til toppen av Bursfjellet, men ingen til Rom. Her er både "vanlege" stiar, stiar som tidlegare var "attgrodde", men ikke no lengre, og splitter "nye" stiar, som du i alle fall ikkje finn spor av i nyare historie.
Utfordring: Kor mange ulike stiar til Bursfjellet får du prøvd i løpet av påska? Det er heller ikkje husdyr ute no, og svært skjeldan mus å sjå.
Tusen takk til Terje Lima og Bjørn Ove Modalsli for montering av ein ny og ombygd gjerdeklyvar for få dagar sidan. Dei aller fleste passeringspunkta på Edlandsfjellet er no gode å bruka. Denne siste står heilt nordvest i Benkjalidalen, høgare opp frå den grøne bakken i Trodalen.
Føremelding frå Edlandsfjellet: Ikkje skispor, men spor av snø. Trått. Sjølv Swix har utfordringar no. På trass av dette kan det meldast at ein slik tur kan gjera store underverk.
Ålgård turstilag - lett på tur
26/03/2026
Kodlidalen-nytt, nr. 2
Der var me igjen. Oppgradering av ca. 80 meter med sti i Kodlidalen vart gjort ferdig i går, med både sol og regn som bidragsytarar. Etter nedlegging av drensrøyr, singel og steinstøv er det no muleg å koma fram med hjulgåande hjelp, men kun for dei som treng det. Treporten på sida er også laga kun for dette, som t.d. rullestol.
Tusen takk til grunneigarane som let oss leggja til rette for alle på denne måte. Og ikkje minst tusen takk til arbeidsbas Kåre Taksdal, saman med Paul Moi, Erling Gundersen, Yngve Bjørn Søyland, Finn Helge Lima og Oddgeir Lima. Det vart mange tonn i trillebåra i går. Heldigvis var minigravaren god på å lessa oppi.
Tusen takk også til Bjelland AS som har levert alt av singel og steinstøv. Det er fantastisk bra.
Ålgård turstilag - lett på tur