Åtil fotball

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Åtil fotball Åtil fotball en del av hovedlaget Årdalstangen idrettslag

- Detta va jeggu vent, seier dagens lagleiar Terje Vangen Bratteteig - og har heilt rett! Me er så krye, så krye og grat...
27/09/2026

- Detta va jeggu vent, seier dagens lagleiar Terje Vangen Bratteteig - og har heilt rett!
Me er så krye, så krye og gratulerer samarbeidslaget med seriemeisterskap. 💪🏻⚽️🥳
Takk til ALLE spelarar og til ALLE vaksne som har engasjert seg i å få dette til på tvers av klubbfargar og kommunegrenser. NFF Sogn og Fjordane

Søndag, folkens! Søndag har me mykje moro å by på på Cuba. 🥳Først spelar denne gjengen, Jotun G12, som er ein god miks a...
25/09/2026

Søndag, folkens! Søndag har me mykje moro å by på på Cuba. 🥳

Først spelar denne gjengen, Jotun G12, som er ein god miks av spelarar frå begge sider av Årdalsvatnet mot Måløy kl 13.45 - før ÅFK2/Jotun får besøk av Askvoll/Holmedal i 5.divisjon, avspark 15.00! ⚽️ Yr lovar heldigvis fint kampver denne ettermiddagen.

Legg søndagsturen innom Cuba stadion, der blir det mykje kjekke folk, god fotball og masse digg i kiosken.
Me ynskjer alle lag, dommarar og store og små supportarar, hjarteleg velkommne! 😍 NFF Sogn og Fjordane

19/09/2026

Emma Lereng Einar er teken ut i 2011-troppen! Heia alle jentene våre!! ⚽️💪🏻🥳

💪🏻⚽️ Me er så krye!!!
16/09/2026

💪🏻⚽️ Me er så krye!!!

⚽️ To glade målskårarar som var med å sikra 3 poeng til Lærdal/Åtil/Jotun damer! 💪❤️

Edvin og Mia har no leia laget til smått utrulege 5 sigrar på 5 kampar denne haustsesongen. Det sender laget opp på 3. plass, a poeng med Vik på 2. plass. 🔥

Det vart ein fysisk tøff kamp mot Kaupanger/Bjørn/Hafslo. Men kva kan ein forvente når halve Sogn er representert i ein fotballkamp?

Til slutt stod det 4–2 på resultattavla, og laget frå «rett» side av fjorden kunne fortent løfte hendene til jubel. 🙌

Me takkar Kaupanger/Bjørn/Hafslo for kampen, dommar Vegard Bondevik Lie for innsatsen – og ikkje minst det fantastiske publikumet! 👏

Fekk du ikkje med deg dagens kamp, eller berre ønsker å sjå meir av desse fantastiske jentene, er det nye moglegheiter på Cuba stadion søndag! ⚽️

Tre sigrar på rad!!! 💪🏻⚽️🥳
06/09/2026

Tre sigrar på rad!!! 💪🏻⚽️🥳

Takk ❤️
28/08/2026

Takk ❤️

2026 hadde nok vore eit særs krevjande år for heile det norske Kongehuset, med mykje støy, det var rettssak, Epsteinfilene, alvorleg sjukdom og spørsmål om monarkiet si framtid.
Det må ha vore tungt.

Nettopp difor er me i dag så utruleg glade og takksame for at den siste sommaren, då verdas vakraste lagspel verkeleg samla folket og folket samla seg om Slottet, feidde all tvil til side.

Det var til Slottet me gjekk for å feira triumfane.
Det var Kongen me ropte på då me vann store slag midt på natta og ikkje visste kvar me skulle gjera av oss i rein lukkerus.

Nett slik ein knøttespelar som skårar sitt første mål strekkjer armane i veret og jublar mot den kryaste bestefar, nett slik sprang me oppover Karl Johan for å feira i lag med Norges aller største og mest trufaste supportar.

Det var her me verkeleg viste kva som bur i oss av fellesskap og samhald, det var hit me kom for å visa for heile verda kor mykje det betyr for oss å vera røde, kvite, blå.
Det var hit dei rodde, heltane, då dei vende heim.

Dei spinnville jubelscenene frå slottsplassen og bileta av Hans Majestet Kongen som tok i mot laget sitt, representerte noko heilt spesielt og unikt, både i norsk idrettshistorie, men også i verda.
Slikt skjer rett og slett ikkje andre stader.

Ingen andre stader har ein konge sitt valspråk blitt ein monsterhit og ein kulturskatt som folket har sunge og skråla, seint og tidleg.

Aldri før har vel noko kongehus nokon stad vore meir samlande.
Aldri før har noko monarki vore løfta fram som sjølve symbolet på den djupe kjensla av nasjonal styrke og stoltheit i ein verdensmeisterskap.
Aldri før har eit fotballag, ein nasjon, eit folk og ein konge stått sterkare saman.

På ein dag som dette er alle våre hjarta tunge av sorg, men også fylt med glede og takksemd over at kong Harald fekk oppleva alt dette som noko av det siste i gjerninga hans.

Me gjev alt, alt for Norge
ofrar alt, om me må.
Me er raude, kvite, blå,
heile kampen ut skal me stå på
for Norge.
Vårt fedreland.

Takk for kampen, kjære kong Harald.
Kvil deg no ❤️⚽️🇳🇴


NFF Sogn og Fjordane

For ein finfin dag for fotball det vart her på Cuba i dag, der me for første gong på så lenge me kan hugsa, hadde senior...
23/08/2026

For ein finfin dag for fotball det vart her på Cuba i dag, der me for første gong på så lenge me kan hugsa, hadde seniordamekamp mellom samarbeidslaget Lærdal/ÅTIL/Jotun og Høyang. Den enda med 5-3 til heimelaget etter skåringar av Bertine Hellebø, Amalie Lysne Walaker, Emma Lereng Einan og Agnethe Gjerde Stølen, som skåra to.
Takk for kampen, Høyang, takk for kampen, dommar Roy Bergerud og linjene Eik Ibsen og Noah Hatlelid - og tusen takk til alle dei 120 som var med oss på Cuba i dag ⚽️☀️ NFF Sogn og Fjordane

Denne gjengen har kamp på  Cuba i dag - det er nesten med litt historisk sus over seg, for damekamp på seniornivå, det e...
23/08/2026

Denne gjengen har kamp på Cuba i dag - det er nesten med litt historisk sus over seg, for damekamp på seniornivå, det er det ikkje ofte me har! Kom og bli med og støtt damene på samarbeidslaget Lærdal/Åtil/Jotun, avspark kl 1600! Me ynskjer motstandar Høyang og dommar Roy André Bergerud hjertelig velkommen til Cuba! ⚽️🥳 NFF Sogn og Fjordane

Samarbeidslaget Lærdal/ÅTIL/Jotun er i full sving med Norway Cup - me ynskjer dykk alle, spelarar, trenarar, støtteappar...
27/07/2026

Samarbeidslaget Lærdal/ÅTIL/Jotun er i full sving med Norway Cup - me ynskjer dykk alle, spelarar, trenarar, støtteapparat og supportarar masse lykke til!!

Adresse

Årdalstangen
6885

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Åtil fotball legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Åtil fotball:

Snarveier

Del