Ørsta Ride- og køyreklubb

Ørsta Ride- og køyreklubb

Del

Aktiv rideklubb i hjartet av sunnmørsalpane!

28/06/2026

Tirsdag 30. Juni inviteres medlemmer i Ørsta Ride og Køyreklubb til Generalforsamling i Ørsta Hest i Ørstahallen kl 20.00😊

16/02/2026

Hei alle hestevener! 🐎💛

Visste du at for prisen av ein heilt vanleg pizzakveld (500 kr) kan du være med og støtte Ørsta Hest?

Vi har nemleg noko som heiter støttemedlem – og no treng vi fleire med på laget!

💰 Kva kostar det?
500 kr i året

🏇 Kva går pengane til?
Å sikre trygg og stabil drift, betale ned lån og sørgje for at born, unge og vaksne framleis kan oppleve meistring, hestelukt og hovslag i mange år framover.

❤️ Kva får du att?
– Vissheita om at du støttar eit viktig fritidstilbod i bygda
– Evig takksemd frå både to- og firbeinte
– Ei god kjensle i hjartet (og kanskje litt høy i håret)



🐴 Ei lita utfordring!

Vi håpar at:
✔️ Du blir (eller held fram som) støttemedlem
✔️ Du vervar minst éin person til

Tenk om alle får med seg ein ven, ei tante, ein bestefar, ein nabo eller ein kollega?
Då kan vi doble støtta – heilt utan å selje ei einaste kakeboks 😄



Vil du vere med?
Vipps 500 kr til 714463 , huk av støttemedlem

Saman kan vi sørgje for at ridehallen framleis er fylt med latter, læring og hesteglede 🐎✨

Tusen takk for at du er ein del av hestefamilien vår!

Helsing
Styret

21/01/2026

Nytt år :) skal du leige klubbvogna i år? Send bekreftelse på betaling til Marit Bjørdalsbakke Skaar:)

KLUBBVOGNA 2026🏇😃

heilårsleige gjeld frå januar og ut året. Halvår gjeld frå januar og ut juni, eller frå juli og ut året.

Priser medlem ØRKK:
Heilår: 1000,-
Halvår: 500,-
Enkeltleige 250,-
Kursleige: 100,- (per dag)

Priser ikkje-medlem ØRKK:
Heilår: 2000,-
Halvår: 1000,-
Enkeltleige: 350,-
Kursleige: 200,- (per dag)

Vipps 718144 (ørkk handlekurv - klubbvogn)

Vil du benytte deg av klubbvogna, ta kontakt med meg Marit Bjørdalsbakke Skaar. Vogna er låst med kode, denne koda får du når du har betalt heil/halvårs leige. Legg ved betalingsbekreftelse

Vil du plassere din bedrift på toppen av Gym-listen i Ørsta?

Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.

Sted

Adresse


Ørsta
6156