21/08/2026
Påmeldinga til årets Rosa Sløyfe Løp har opna!
🎀 0-9 år er gratis
🎀 10-18 år kjem det snart eit rabattkode til, så følg med!
🎀 18 år og oppover, kr 400,-
Alle påmeldingar skjer via denne linken: https://www.rosasloyfelopet.no/ildsjel/rosa-sloyfe-lopet-orsta-2026/
Nytt av året, eiga barneløype for dei som ønsker det!
Meld deg på i dag, og du er med på årets viktigaste treningsøkt i ditt tempo 💕🎀
20/08/2026
Ta godt imot Jeanette🙌🏼
Jeanette finn du på timeplanen med det nye konseptet MOVA TOTAL om nokre veker og på andre styrketimar som vikar 💪🏼
Vi er veldig glade for å ha fått ho med på TEAM MOVA, og gler oss til fortsettelsen ✨
Første time med Jeanette finner du på timeplanen måndag 24.august kl 18.00 - Med timen Styrke 55 🔥
18/08/2026
MAMMA OG MINI🤱🏼🏋🏼♀️
Kurs for mor i barselpermisjon.
Øktene vil variere fra gang til gang, og tilpassast kvar enkelt med fokus på å styrke kroppen etter svangerskap. Øktene vil ha innhald av kondisjon, styrke og bekkenbunn.
Oppstart Tysdag 25.august klokka 10.00 - 11.00
6 gongar
Neste kursstartar opp etter haustferien
Påmelding i MOVA APPEN under kurs og arrangement eller https://movagroup.goactivebooking.com/event-categories/6/events
Ta gjerne kontakt med oss om du lurer på noko 🙌🏼
📧[email protected]
17/08/2026
Ny veke - nye betjente opningstider - nye treningsøkter 🫶🏼
Kvardagen er tilbake for mange i dag, som betyr at vi har nye betjente tider i resepsjonen🙌🏼
Som medlem hos oss har du alltid tilgang til senteret mellom 05.00 og 23.00 ved bruk av MOVA APPEN.
Hugs at du ALLTID må registrere deg ved ankomst til senteret💪🏼
Dei flinke jentene står klare til å hjelpe deg - velkommen til oss 💙
13/08/2026
Vi er klare for årets viktigaste løp, er du?
Link til påmelding finn du i kommentarfeltet🎀
Saman skal vi støtte ei god sak, heie på dei som fortsatt kjempar, klappe for dei som har vunne kampen og hedre dei som dessverre ikkje er her saman med oss lenger🎀🫶🏼
Rosa Sløyfe-løp fjerde året på rad: – Ei vanvittig utvikling siste åra
– På Rosa sløyfe-løpet for to år sidan var begge vi midt i behandling. Med stråling, utan hår og akkurat ferdige med cellegift.
04/08/2026
Mange sakna skohorn i garderobene, det har vi sjølvsagt fiksa og er å finne i garderobene🤗 Godt merka er dei også🤭
Vi sett stor pris på dine tilbakemeldingar, slik kan vi bli enda betre✨
Vi har tilbakemeldingskasse i resepsjonen, legg gjerne igjen ein lapp der 🙌🏼
02/08/2026
MOVA lipsyl - 39 kr ✨
Har du sjekka siste nyheita i shoppen vår? 🤩