25/09/2026
Ørsta IL Fotball og Volda Fotball tek saman sterk avstand frå rasisme.
Etter ein kamp mellom Ørsta og Volda torsdag kveld vart ein Volda-spelar utsett for ei rasistisk ytring frå ein person ved inngongen til garderoba.
Dette er ikkje akseptabelt.
Fotballen skal vere ein trygg og inkluderande arena for alle – uavhengig av hudfarge, bakgrunn, kjønn, funksjonsevne, tru eller andre forskjellar.
Det ansvaret har vi som klubb og alle andre, både på og utanfor bana.
Takk til Volda Fotball for god dialog og for at de saman med oss tek dette på alvor.
Vi oppmodar alle som er ein del av Ørsta Fotball – spelarar, trenarar, føresette, frivillige og publikum – til å bidra til at våre arenaer er trygge og inkluderande for alle.
Ein arena for alle, rom for den einskilde 🤍🖤
Denne veka, etter eit oppgjer mellom to av laga i Ørsta IL fotball og Volda TI fotball, vart det slengt rasistiske tilrop mot ein spelar. Klubbane reagerer sterkt.