28/05/2026
Hold an, hold an !
No kjem bygdas kanskje råaste geit smygande i det mest ulendte terreng !
Skitrekket og fotballgruppa har gått saman om å kjøpe ein fjernstyrt beitepussar som skal temme gras, kratt og ymse jungelvekst rundt fotballstadion og i skitrekktraseen 😎
Her snakkar vi mindre kantklippar og beitesakse i ulendt terreng og meir effektiv klipping med joystick i handa og peltor på haudet 😎
Eit slikt prosjekt hadde vi ikkje fått til utan gode støttespelarar, så ein stor takk går til:
- Måsøval
- Samfunnsutbytte SpareBank 1
- Vartdal Gjenvinning
- Øye Maskin
Kjekt når lokale aktørar, samt Samfunnsutbytte frå SpareBank 1 er med og bidreg til aktivitet, dugnad og levande nærmiljø !
24/02/2026
Kanskje sit du heime, på kontoret eller spring rundt på jobb og lure på "kva i alle dager skal eg gjere i dag etter arbeid ?"
Frykt ei, her kjem fasit !
Skitrekket er opent frå kl 18-21 !
Ikkje nok med at skitrekket held opent, så er det friska opp nye spor fram dalemarka !
Med andre ord er det ikkje dagen for å lande i sofaen !
Spenn på skina, om dei så går nedover eller bortover, ta med akebrettet, kom innom varmestova å kjøp ein kaffi eller ein stratos og slå av ein prat !
Vi sjåast i kveld ! 🤩💪
23/02/2026
Trass mildvær held vi opent i morgon Tysdag kl 18-21, det er meldt opplett etter meldingane 😊
Vi tek ei løpande vurdering på trasé før opning, men med kulde i natt burde sålen halde seg !
Kom å kjøp ein kaffi, ei brus og stå på ski 🤩
22/02/2026
Skitrekket opent frå kl 18-21 i morgon (Mandag).
Om det er nokon som vil stille i vaktbua send ei melding her eller til Terje Fremmerlid Brandal.
22/02/2026
Opning i kveld kl 18.30 til 21.00 !
Kom kom ! 🤩
23/11/2025
Frank Robert har tatt på seg Søndagsarbeid, resultatet;
Beint fram nydlege trikkeskinner fram under skaret !
Spenn på langrennslabbane, få fart på hofter, skuldrar og blodpumpa !
Minner om at vi set gjerne pris på eit bidrag for sporlegginga 🤩
23/11/2025
Skitrekket blir stengt grunna store opne veiter i øvre del av traséen, vi får håpe at værgudane slår til med snøv raskast råd !
Vi kjører hvertfall opp nye skispor !
22/11/2025
Hei !
Sidan der ikkje er frammøte stenger vi av i dag, vi prøvar på nytt i morgon kl 12-16 !
22/11/2025
Opent i dag 12-16, det regnar kanskje litt, men det ordnar seg med gode kle !
Kom å stå på ski, et ein sjokolade eller drikk ein kaffi !