Ørsta IL friidrett

Ørsta IL friidrett

Del

Ørsta IL friidrett er friidrettsgruppa i Ørsta. ØIL friidrett arrangerer 12-14 stemne kvart år. Besøk nettsida vår www.orstail.no

Photos from Ørsta IL friidrett's post 31/07/2026

Grete tok endå ein gang gull på NM!

Grete Bjørdalsbakke tok i dag gull i kulestøt med gode 9,86 m på NM Masters (veteran) i friidrett i klassen KV65-69.
Grete viste igjen at ho er den klart beste kulestøtaren i si aldersklasse i Norge. Resultatet var nesten to meter lenger enn andre- og tredjeplassen.
- Kjekt å ta eit nytt gull 46 år etter sist eg var i Bodø på NM, sa Grete etter ho hadde fått medaljen.

Bilete:
1) Grete med gullmedaljen
2) Live Båsen til venstre, Grete i midten og Heidi Barth til høgre.

NM Masters i friidrett vert arrangert i Bodø 31. juli - 2. august.

Ørsta IL - Flott NM-debut for Madelene 25/07/2026

Flott NM-debut for Madelene!
Sjå nettsida vår.

Ørsta IL - Flott NM-debut for Madelene Ho hoppa 5,00 meter i finalen i lengde. Det heldt til ein ein god 13. plass i konkurranse med dei beste seniorane i landet.Første senior-NM vart ei god oppleving og erfaring for Madelene. Idrettsgleda kom tydeleg fram då ho drog i gang klapping då ho skulle hoppe.

Ørsta IL - Påmelding til Landslagets Friidrettsskule 10.-12. august er opna 15/07/2026

Det er framleis ledige plassar på friidrettsskulen 10.-12. august.
Det bruker å verte rift om plassane, så meld på i god tid.

Landslagets friidrettsskule gir barna ei spennande og leikprega innføring i friidrett. Her står meistringsglede, aktivitet og trivsel i sentrum – uansett nivå.

• Fart, spenning og mykje leik
• Varierte friidrettsøvingar
• Ei sosial og aktiv avslutning på sommaren
• Nye vennskap og gode opplevingar

Meir info på:

Ørsta IL - Påmelding til Landslagets Friidrettsskule 10.-12. august er opna Ørsta IL friidrett arrangerer Landslagets Friidrettsskule på Ørsta stadion måndag 10. august - onsdag 12. august 2026. Det er no opna for påmelding. Det er lurt å vere tidleg ute, for det er avgrensa tal på plassar.

Ørsta IL - Arild tok klassesiger på Jølster halvmaraton 05/07/2026

Arild til topps igjen!
Sjå nettsida vår:

Ørsta IL - Arild tok klassesiger på Jølster halvmaraton Arild Stokke sprang i dag inn til gull i klassen M70-74 på Jølster halvmaraton på gode 1:33:45. Han forbetra årsbeste med heile fire minutt. Endå ein gong fekk Arild vist at han er god for gull, og at han er i landstoppen i si aldersklasse.

Ørsta IL - Historisk trippelgull på Nordisk 04/07/2026

Historisk trippelgull på nordisk!
Grete, Tone og Erik tok kvart sitt gull på nordisk meisterskap i friidrett for veteranar. Sjå meir på nettsida vår:

Ørsta IL - Historisk trippelgull på Nordisk Grete Bjørdalsbakke, Tone Bjørdalsbakke Saure og Erik Drange Tønnessen sikra at 4. juli vart historisk for Ørsta IL friidrett då dei tok kvart sitt gull på Nordisk meisterskap for masters (veteran) i friidrett.

04/07/2026

Grete, Tone og Erik er i gang på Nordisk Meisterskap for Masters på Bislett/Rud. 584 deltakarar frå alle dei nordiske landa skal delta. Alle aldersgrupper frå 35 til 90 år er representerte. Det er første gang Ørsta Friidrett har med tre deltakarar. Vi kjem med oppdatering undervegs.
Resultatliste vert fortløpande oppdatert på: https://data.opentrack.run/en-gb/x/2026/NOR/nordicmasters/timetable/

Ørsta IL - Ørsta imponerte på Lillehammerleikane 21/06/2026

Flotte Ørsta-resultat på Lillehammerleikane!
Sjå meir info på nettsida vår:

Ørsta IL - Ørsta imponerte på Lillehammerleikane Ørsta IL friidrett stilte med 15 ivrige utøvarar på Lillehammerleikane. Det vart svært mange personlege rekordar, medaljar og resultat over 900 poeng på Tyrvingtabellen.

Photos from Ørsta IL friidrett's post 19/06/2026

Topp stemning på Lillehammerleikane!
Ørsta IL friidrett stiller med 15 topp motiverte utøvarar på familieturen til Lillehammerleikane denne helga (19.-21. juni).
Allereie på første dag vart det mange nye personlege rekordar.
Meir info og bilete kjem i løpet av helga.
Resultatliste for fredag finn de på:
https://liveres.andro.no/results/?competition_id=335&day_id=1

Bileta under:
- Kaisa Bjørdalsbakke Saure (J-10) fekk tre medaljar første dag.
- Kristoffer Aam (G-14-para) fekk pers i både spyd og på 200 m og fekk gull i begge øvingane.
- Mina Almestad (J-9) imponerte stort på 200 m og liten ball

Ørsta IL - Påmelding til Landslagets Friidrettsskule 10.-12. august er open 12/06/2026

Påmelding til Landslagets Friidrettsskule 10.-12. august er opna.

Ørsta IL friidrett arrangerer Landslagets Friidrettsskule på Ørsta stadion måndag 10. august - onsdag 12. august 2026. Det er no opna for påmelding. Det er lurt å vere tidleg ute, for det er avgrensa tal på plassar.

Ørsta IL - Påmelding til Landslagets Friidrettsskule 10.-12. august er open Ørsta IL friidrett arrangerer Landslagets Friidrettsskule på Ørsta stadion måndag 10. august - onsdag 12. august 2026. Det er no opna for påmelding. Det er lurt å vere tidleg ute, for det er avgrensa tal på plassar.

Vil du plassere din bedrift på toppen av Gym-listen i Ørsta?

Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.

Sted

Adresse


Holmegata 20
Ørsta
6150