Austrheim IL gratulerer Rema 1000 Anders med 30 års dagen🥳🥳 Kom å vær med å feire jubilanten idag på Rema 1000🤩🤩 Austrheim IL serverer gratis Hamburger slides og pølser. Anders spanderer👏👏
Austrheim IL
Austrheim IL er eit fleiridrettslag med aktivitetar som fotball, klatring, turn, basisball/aerobic, boccia, padling, styrkeløft og trimgruppe.
Operating as usual
Årets vakreste eventyr er igang - Austrheim cup 2024⚽️
Medlemskontingent 2024
Det er no sendt ut medlemskontingent for 2024 via IdrettenOnline.
Kontingenten gjeld frå 01.01.2024 – 31.12.2024
Medlemskontingenten er sendt ut på e-post i første omgang, men purring vert sendt ut på SMS dersom kontingent ikkje vert betalt. Purring går via IdrettenOnline.
Du kan velga om du vil betala kontingent med kort, Vipps eller via faktura ved å trykka på «Åpne betalingsoversikt» (sjå bilete).
Vær obs på at betaling går via Bloc AS, dvs. IdrettenOnline. Dei overfører innbetalingane vidare til Austrheim IL.
• Er du medlem og ikkje har fått faktura på e-post? Då kan det vera me har feil e-post adresse registrert.
• Stemmer ikkje medlemskontingenten med ditt medlemskap?
• Vert du gjort merksam på ubetalt krav for første gong via purring du får på SMS? Då har me mest sannsynleg feil e-post adresse registrert, og treng å oppdatere medlemsinfo.
Dersom nokre av punkta over gjeld deg, ta kontakt med oss på [email protected] så kan me sjekka opp i det.
Husk at du sjølv har ansvar for å melda deg ut hvis du ikkje lenger er aktiv. Det må gjerast enten via heimesida, eller pr. mail ([email protected]).
Har du andre spørsmål rundt betaling av medlemskontingent, ta kontakt med oss på e-post som oppgitt i teksten over.
Hugs årsmøte i morgon kl. 19:00 i klubbhuset :)
Årsmøte for AIL torsdag 14.mars 2024 Austrheim IL har årsmøte torsdag 14. mars kl. 19:00 i klubbhuset ved kunstgrasbana.Vanlege årsmøtesaker.Framlegg til saker til årsmøte må sendast til styret innan 01.mars på e-post...
Årsmøte for AIL torsdag 14.mars 2024 Austrheim IL har årsmøte torsdag 14. mars kl. 19:00 i klubbhuset ved kunstgrasbana.Vanlege årsmøtesaker.Framlegg til saker til årsmøte må sendast til styret innan 01.mars på e-post...
Torsdag 14. mars kl. 19:00 vert det årsmøte for AIL i klubbhuset ved kunstgrasbana.
Vanlege årsmøtesaker.
Framlegg til saker til årsmøte må sendast styret innan 1. mars på e-post [email protected].
Alle medlemmar er velkommen.
Styret
Årsmøte for AIL torsdag 14.mars 2024 Austrheim IL har årsmøte torsdag 14. mars kl. 19:00 i klubbhuset ved kunstgrasbana.Vanlege årsmøtesaker.Framlegg til saker til årsmøte må sendast til styret innan 01.mars på e-post...
Fill | Austrheim kommune i framtida Vi treng hjelp av deg! Korleis vil du at Austrheim kommune skal utvikle seg i framtida? Austrheim kommune skal starte opp eit viktig planarbeid og me skal lage ny samfunnsplan. For at lokalpolitikarane skal gjere gode val og prioriteringar treng vi innspel frå deg som er innbyggjar. Me vil vere ein kommune som er god...
Denne spørreundersøkelsen anbefaler Austrheim idrettslag at alle sine medlemmer tar seg tid til å svare på👍 Viktige tema som du som medlem i AIL kan være med å påvirke kommunen og lokalpolitikerne våre på👌
Fill | Austrheim kommune i framtida Vi treng hjelp av deg! Korleis vil du at Austrheim kommune skal utvikle seg i framtida? Austrheim kommune skal starte opp eit viktig planarbeid og me skal lage ny samfunnsplan. For at lokalpolitikarane skal gjere gode val og prioriteringar treng vi innspel frå deg som er innbyggjar. Me vil vere ein kommune som er god...
Då har Magnus Håland vært å kjørt skiløyper på Daae marken og grasbanen👏👏 Kos deke store og små med ski på beina i helgen🤩❄️
Nykjørte skispor på grasbana!
Me har fått mykje snø dei siste dagane, og meir skal det komma 🙂
Magnus Håland har kjørt opp skispor på grasbana ved Austrheim Samfunnshus i dag.
Det er berre å spenne på seg skia å komma seg ut for å nyta været!
Del gjerne slik at flest mogleg får det med seg :)
Handla du på klubbkvelden - viktig info her👍Kjell Håkon står ved Austrheimhallen onsdag 06.12 kl 18 til 19 og Rema 1000 Mongstadkrysset kl 1915 til 1945 og deler ut det folk bestilte på klubbkvelden.
Dersom det er noken det ikkje passer for så bare ta kontakt med han direkte på tlf 91584342👍
Dugnad Julemarknad Austrheim Samf.hus 25.11.2023
Lørdag 25. november skal det vera julemarknad på Austrheim Samfunnshus. Som ett av fleire eigarlag, må Austrheim IL bidra med dugnadshjelp i perioden frå klokka 12-18.
Me treng 2 personar som kan bistå på kjøkkenet (oppvask, rydding, kafé-salg). Hvis alle eigarlag klarar å stille med folk, så vil ein fordele vakter i perioden frå kl. 12-18, slik at ein berre står delar av dagen.
I tillegg skal me også bake 2 kaker som må leverast til klokka 11:00 samme dag. Me treng difor også to personar som kan bidra med dette.
Er det nokon som har anledning til å hjelpe?
Fint om ein kan dele innlegget vidare, samt dele på lag og gruppesider internt i AIL :)
Dersom du kan hjelpe, kommenter på innlegget, eller send ei melding til:
Kjersti Sætre mob. 90982148 eller
Hege B. Sætre mob. 476 31 775
PS: Treng tilbakemelding snarast, og helst i løpet av helga.
KLUBBKVELD I AUSTRHEIMHALLEN TORSDAG 23.11 FRÅ KL. 18-20🤩🤩
Austrheim idrettslag har idag markert at Bocciagruppen vår har 25 års jubileum. Dei har i helgen hatt bocciaturnering i Austrheim hallen med mange tilreisande lag som Askøy, Manger, Øystese, Arna Bjørnar og sjølvsagt heimelaget Austrheim. Ei flott gruppe som er gode ambassadører for Austrheim Idrettslag. Idag har me opplevd ekte idrettsglede i hallen🤩
I den forbindelse så ønska me i idrettslaget å markere dette med å gi Elsa Skare æresmedlemsskap i idrettslaget👏👏
Elsa var med å starte denne gruppa i 1998, den gang var navnet Onsdagstrimmen. Gruppa har hatt fast treningstid i hallen kvar onsdag frå kl. 18-20 i 25 år.
Bocciaspelet har fått ein større og større plass i gruppa, men framleis så har ein fokus på litt generell trening i ein time, før ein speler boccia den siste timen denne dagen.
Elsa sitt fantastiske engasjement og pågangsmot for denne gruppa, har gjort at denne gruppa har vært levedyktig i idrettslaget dei siste 25 årene. Utan Elsa hadde neppe bocciagruppa hatt så mange fine år å sjå tilbake på som dei har idag. Imponerende jobb Elsa har lagt ned for denne gruppa.
Me i Austrheim idrettslag ønsker å hedre den flotte jobben Elsa har gjort, og ønsker å utdele Elsa med æresmedlemsskap i Austrheim IL som første kvinnelige æresmedlem👏👏
Gaven Elsa fekk av Austrheim Idrettslag var et maleri av Bryggen i Bergen av kunstneren Marianne Skjelbred, samt diplom av æresmedlemskapet.
Gratulere så masse Elsa, dette var så fortjent👏Me håper du framleis blir med oss videre i mange år i idrettslaget som den ambassadøren som du er.
Ein vil markere jubileumet med boccia spillerne med pizzakveld ved ein seinare anledning.
Den invitasjonen frå idrettslaget blei satt stor pris på🤩
Leier AIL
Hege Bergsvik Sætre
TV-aksjonen 2023
Nå har kabalen gått opp, og me treng ikkje fleire bøsseberarar og sjåførar til tv-aksjonen på søndag 22. oktober.
Tusen takk for hjelpa til alle som har sagt dei kan bidra, både av medlemmar og ikkje-medlemmar i idrettslaget 😃
Det er behov for fleire bøsseberarar til årets TV-aksjon søndag 22. oktober!
Ein manglar pr. dags dato rundt 30 personar. Kan du hjelpe til?
Flott om du kan dele innlegget :)
TV-aksjonen 2023 - behov for bøsseberarar søndag 22. oktober Hei alle saman!Austrheim IL er med i TV-aksjonskomiteen til Austrheim Kommune.Me treng fleire bøsseberarar og sjåførar som kan bidra søndag 22. oktober. Pr. dags dato manglar ein c...
La barn leve i fred!
Har du anledning til å vera med som bøssebærar eller sjåfør søndag den 22. oktober?
Aksjonen går av stabelen klokka 15. Ein får utdelt ei rute i kommunen kor ein skal gå med bøsse (eller vere sjåfør), og ein er ferdig når ruta er unnagjort og bøssa levert inn. Dei fleste er tilbake etter 1-1,5 times tid.
I år går TV-aksjonen til Redd Barna - La barn leve i fred.
Den handlar om å beskytte barn som er ramma av krig, og gje dei pusterom til å vera barn, og til å leika og lære i tryggleik.
Aksjonen skal også gje barn om har flykta til Norge sjansen til å oppleva mestring og bli inkludert i sitt nye nærmiljø.
Pengane skal fordelast mellom prosjekt i Ukraina, Syria, Bangladesh, Sør-Sudan, Den demokratiske republikken Kongo og Norge.
Det betyr at born som har kommen til Norge som flyktningar, også vil få hjelp. Det kan bidra til at dei blant anna kan få delta på på idrett, i korps eller andre fritidsaktivitetar i den kommunen dei er busett i, og på denne måten lettare kan bli inkludert i samfunnet.
Idrettslaget er ein av fleire organisasjonar som er med i TV-aksjons komiteen til kommunen. Totalt er det behov for 100 personar i aksjon, og idrettslaget må prøve å skaffe ein del av desse.
Denne dugnaden har ingenting med vår aktivitet å gjere, men AIL er den organisasjonen med flest medlemmar, og kan derfor nå ut til mange personar, og forhåpenlegvis nokon som gjerne ønskjer å engasjere seg.
Og ja, dei fleste gjer i dag digitalt via vipps, men hugs på at det er ein del eldre i kommunen som ikkje har dette. Mange av desse ventar kvart år på at nokon skal komme med bøsse på døra slik at dei kan bidra.
Klarar alle lag/grupper å stille med minst ein person, enten blant medlemmar eller via bekjente, så vil det vere til stor hjelp.
Er du 16 år eller meir, og kan hjelpe til? Kanskje du kan gå i lag med ein venn, eller kanskje du kjenner nokon som vil hjelpe?
Send ei melding til Kjersti Sætre mob. 90982148, eller legg igjen ein kommentar under innlegget.
Spre ordet, og del gjerne innlegget :)
Kan du vera med som bøsseberar under TV-aksjonen?
Årets TV-aksjon, søndag 22. oktober, går til Redd Barna – La barn leve i fred. TV-aksjonen handlar i 2023 om å beskytta barn som er råka av krig, og gje dei pusterom til å vera barn, og til å leika og læra i tryggheit. Aksjonen skal også gje barn som har flykta til Norge sjansen til å oppleva meistring og bli inkludert i sitt nye nærmiljø.
Pengane skal fordelast mellom prosjekt i Ukraina, Syria, Bangladesh, Sør-Sudan, Den demokratiske republikken Kongo og Norge.
I år er TV-aksjonen søndag 22. oktober. Det trengst rundt 100 bøssebærere/ sjåførar for å avvikla aksjonen i Austrheim. Kan du bidra? Meld deg til Rigmor Ludvigsen på tlf. 456 35 324 eller [email protected]
Har du fått melding/e-post frå NIF eller Austrheim IL i kveld om innmelding i Austrheim IL? Dersom det er slik som på bilete, så er det ikkje spam.
Dei som har fått denne meldinga er registrert i vårt medlemsregister enten som aktiv i ei gruppe, som ein del av familie, eller som trenar. Meldinga er sendt ut for å få bekrefta medlemskap i Austrheim IL, og er eit ledd for å unngå medlemsjuks i lag/organisasjonar.
Kvifor er det viktig å få verifisert medlemmane våre?
Idrettslaget rapporterer kvart år inn medlemstal til NIF.
Basert på desse tala, så mottek med støtte/tilskot som skal gå til aktivitet for barn og unge. Dei medlemmane som ikkje er verifisert, vil ikkje bli rapportert inn som ein del av AIL, og me mister viktig støtte. Det er derfor spesielt viktig å få verfisiert born og unge, men me ønskjer gjerne ein bekreftelse frå alle våre medlemmar.
Me har hatt ein gjennomgang av ubekrefta medlemsskap no i kveld, og derfor har ein gjerne fått både ein eller fleire postar/meldingar om dette. Me veit ikkje kvifor enkelte får mange meldingar for samme person, men det er nok å gå inn på den eine.
Når ein skal bekrefte medlemsskap for borna sine, husk at det er deiras fødselsnummer/info som må leggast inn. AIL får ikkje tilgang til denne informasjonen, men NIF vil då verifisere personen som ekte.
Dersom du har problem eller spørsmål, ta kontakt med oss enten på melding, e-post: [email protected] eller ta kontakt med Kjersti Sætre, mob. 90982148
For ein flott cuphelg⚽️⚽️
Tusen takk til alle som har bidratt denne helgen på dugnad, noken har stått på i fleire veker, mens andre har bidratt på denne cuphelgen👏Me trenger alle 💪
Takk til alle fotballglade spillere, flinke dommerer, trenere og ikkje minst publikum - både tobeinte og firbeinte🤩 Denne fotballgleden gjer at me år etter år held på med å arrangere Austrheim Cup⚽️🤩
Stor fotballglede på Austrheim cup - dag 1⚽️⚽️
Austrheim IL har årsmøte tirsdag 07. mars kl. 19.00 i klubbhuset.
Vanlege årsmøtesaker.
Framlegg til saker til årsmøtet må sendast styret innan 15. februar på e-post [email protected]
Alle medlemmar er velkommen.
Tusen takk til alle som kom på boklansering i kveld og mini feiringa av 75 års jubileumet vårt🤩 Me samla nærmere 100 stykk i ungdomsklubben i kveld👏👏
Tusen takk til Terje Håland som har lagt ned eit stort stykke arbeid i å få skrevet jubileumsboka. Her er mykje godt lesestoff og mange flotte bilder👌
Dersom noken ønsker å kjøpe boka, så blir det fleire salgsdager framover, men ein kan og ta kontakt med leier i AIL Hege Bergsvik Sætre på 47631775 utenom salgsdagene. Boka koster 275,- pr. stykk.
Me vil annonsere salgsdagene etterhvert👍
Contact the business
Address
Furulyvegegen 30
Austrheim
5943