Bønes I.L A-lag Fotball Herrer

Bønes I.L A-lag Fotball Herrer

Del

Her følger informasjon om Bønes I.L i 5. divisjon for herrer. Følg oss! www.instagram.com/bonesfotba

14/09/2021

God morgon!

Fekk du ikkje mulighet til å sjå herrelaget forrige fredag? Fortvil ikkje, for i kveld er det ny kamp for karane i Fjellsdalen!

Vår utsatte kamp mot Østsiden sparkar i gong kl 18:00!

Det dukka opp mange sist, og me håpar å sjå deg igjen i kveld! 😃

Bønes-Østsiden. Fjellsdalen. Kl 18:00.
Me sjåast! 😊⚽

10/09/2021

Hallais!

I kveld skal endelig Herrelaget igjen få spele på heimebane! På motsatt side står Vestsiden-Askøy. Det er ein revasjelysten Bønes-gjeng som skal i aksjon. Me har hatt ein litt tung start på sesongen, men no er me virkelig klare for å snu trenden!

Møt opp i Fjellsdalen før kl 19:30, for då bles dommaren i gong matchen!

Bønes vs Vestsiden-Askøy. Fjellsdalen. Kl 19:30. Me sjåast! 😊⚽

27/08/2021

Halloen!

Til dei av våre fans som hadde planlagt å bruke kvelden i Fjellsdalen for å sjå oss spele kamp. Me må diverre melde at kampen mot Østsiden-Askøy er utsatt.
Ny dato for denne kampen kjem me tilbake til.

Ynskjer alle ei god helg, nyt finværet! 😊🌞

21/08/2021

Løv-Ham vs Bønes 3-2(3-0)

1-0, 17min, sjølvmål
2-0, 22min, "sjølvmål"
3-0, 42min
3-1, 50min, Kristian
3-2, 75min, Eivind

Kort: 4-5 gule totalt samt ett rødt til Løv-Ham(45min).
Publikum: 150++, veldig gledelig!
Dommartrio: Johannes Gjøsund(hd), Andreas Bjørklund(ad1), Tore-André Strand(hd2), Inge-André Håkull(veileiar).

Laget: Kjell(Lasse frå 43min), Mathias(Herdi frå 85min), Sefa, Nils, Henrik, Eivind, Haug, Sindre(Håvard frå 46min, Daniel frå 70min), Skot, Kartveit, Isak(Kristian frå 15min). Ubenytta: Ruben og Erlend.

Det vart meldt at det skulle vera ein gjeng med villdyr frå Bønes som skulle gå utpå banen i går kveld. På motsatt side sto løvene frå Løv-Ham. Man skulle tru det ville bli ein forrykende start på kampen. Men så feil kan man ta! Her ligna det meir på snegler mot lam. Ser man med tilskuer auger fyrste 30 minutta så fekk dei jaggu ikkje mykje for inngangsbilletten.

Heimelaget hadde ballen, utan at det var så farlig. Medan me rota den stort sett vekk dei gongene me fekk gode brudd. Allikavel sto det 2-0. Begge måla går under kategorien "Værsågod, her har du eit mål". Frå 30min og ut omgongen er dog heimelaget farlige ved nokre anledninger og får seg eit mål til. Mykje takka vera M. Sletten hjå heimelaget. Ein spelar som ikkje har noke som helst i 5.div å gjer. For det er han tre-fire divisjonar for god for. 3-0 kjem på eit frispark frå 25m som går over muren og i mål. Rett før pause gir dommaren rødt kort til backen til Løv-Ham, etter ein takling. Dette gir oss ein liten boost på veg inn i garderoben, etter ein heller laber 1.omg.

Me bestemmer oss i pausen for å trykke på, og gjer eit realt forsøk. Og for ein forvandling. Allerede etter 5.min så får me 3-1. Debutant Kristian jagar ein tilsynelatende håplaus ball i bakrom, men keeper roter det til og ballen spretter inn i målet. Me køyre på vidare og 15min før slutt setter Eivind inn 3-2 på eit langskot. Heller ikkje her var det vel keeper spel i verdsklasse. At me ikkje får 3-3 heilt på tampen er smått utrulig. Ballen gjekk alle plasser unntatt i mål etter eit fint angrep. Dommaren bles av og alle poenga blir igjen nede i dalen.

Å tape er aldri kjekt. Men. Bredden er i gong igjen. Noko som har vore sakna av mange. At det dukker opp så mange å ser på var utrulig kjekt å sjå! Og høyre publikum rope "få på deg brillene dommer" og melde om offsider i aust og vest var deilig. Utpå banen var det og tydelig at det å trene og det å spele kamp er to vidt forskjellige idretter. 6-7 bytter FØR pause pga diverse skader underbygger dette. Me takkar Løv-Ham for kampen, og ynskjer dei lukka til vidare.

Neste kamp er kommande fredag. Mot Østsiden-Askøy. I Fjellsdalen. Avspark kl 19:30. Håpar mange kan komme å heie oss fram!

Heia Bønes! ⚽😊

20/08/2021

666 dagar!

Om det er vonde krefter som har fått det til å bli nøyaktig 666 dagar sidan forrige obligatoriske kamp, vites ikkje. Men me er ihvertfall klare som noken villdyr! For i kveld er det seriestart. Og det er ikkje mot kven som helst. Løv-Ham står nemlig på motsatt halvdel.

Gjer deg ferdig med fredagstacoen i høveleg tid, slik at du rekker ned til Fyllingsdalen Stadion(Oasen banen) til klokka 20:00!

Seriestart. Derby. 20:00. Fyllingsdalen Stadion.

Me sjåast der! ⚽😊

29/05/2021

583 dagar

I dag er det 583 dagar sidan Bønes A-lag spelte sin siste obligatoriske kamp. Det er gått 444 dagar utan å kunne ha ein normal trenings kvardag. Det har vore frustrasjon. Det har vore sinne. Det har beint fram vore keisamt. Men me kan slå oss på brystet å sei at me har fulgt alle restriksjonar til punkt og prikke. Dugnaden er gjort sidan dag 1.

Mange lurar nok på kva som skjer med A-laget oppe i Fjellsdalen. Er det fortsatt eit lag? Og det kan eg sei at det er. Me er blitt ein sammensveisa gjeng og har eit snitt på 12 stk på trening. Me klarar å halda hjula i gong med ei økt i veka, noko meir klarar me ikkje. Dette er heilt utan juniorer, då dei som er aktuelle for A-laget kun trenar med Jr-laget for tida. Dette igjen for å holde oss til eigne kohorter etter nasjonale, internasjonale og lokale restriksjoner som man må vera høgsterettdommar for å kunne fylgja med på alle endringene som skjer.

Men me kunne vore fleire. Me har diverre mista nokre på vegen. 11 stk for å vera nøyaktig. Det er ein heil startellever. Og eg kan forstå dei godt. Eg er mektig imponert over dei som fortsatt holder koken, både her hos oss i Bønes og alle andre klubbar rundtom i breddefotballen.

583 dagar. Smak litt på den.

Mvh
Raymond, trenar for Bønes A-lag.

Seriestarten for kvinner og menn flyttes til slutten av mai 24/03/2020

Seriestart for norsk toppfotball er satt til 23-24.mai om ikke ting endrer seg.
Så det kan se ut til at lokalfotballen ikke er i gang før etter 17.mai.

Seriestarten for kvinner og menn flyttes til slutten av mai NFF, Norsk Toppfotball og Toppfotball Kvinner har besluttet å utsette seriestarten ytterligere.

Vil du plassere din bedrift på toppen av Gym-listen i Bergen?

Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.

Sted

Type

Adresse


Fjellsdalen Kunstgressbane
Bergen
5155