Trott 3 i Bergen

Trott 3 i Bergen

Del

Denne sida er for dei som måtte ynskja å følgja med på Trott sitt tredjelag i Bergen. Trott for Her vil me publisera diverse informasjon om laget, kampar osv.

Oppdateringar undervegs i kampane får du på Twitter: (https://twitter.com/trott_3). Etter å ha lagt nede med brekt rygg i 2015, gjorde «nye» Trott 3 eit sterkt comeback i 2016 (4. plass). I 2017 blei det 3. plass. Treningsanlegg og heimearena: Møhlenpris

SPELARSTALL 2017:
(Oppdatert 14. november)

Keeperar:
Asbjørn Isdal
Leif Gunnar Framnes

Forsvar:
Johannes Tornes
Markus Skeide
Kristoffer Goa M

26/02/2020

⚽️⚽️OBOS-Vinterserie og fremtidsplanar ⚽️⚽️

OBOS-Vinterserie er nylig lagt bak oss, der me har spelt 3 kampar med varierande hell. Me står med to tap mot Ørnen og NHH 4, men rodde i land ein fullt fortjent siger mot Lindås forrige veka. Alt i alt betyr dette at me ryk ut av gruppespelet, og førebur oss no mot sesongstart i april. Det er mykje positivt me tar med oss fra desse kampane, og i samtlige kampar har me vist gode tendensar i angrepsspelet.

På treningsfeltet ser det for tida lyst ut, der me som regel er over 15 mann på kvar trening. Fleire nye ansikt har vist sin interesse, og kun små kontraktsforhandligar gjenstår før me kan presentera fleire nye spelarar. Me har blant anna lykkes med å henta inn ein ny og lovande målvakt, ettersom vår solide sisteskanse gjennom fleire år, som også har vært verdens beste 7. div keeper, Asbjørn Isdal har valgt å trappa ned satsinga vår mot toppen. Vidare har me henta inn forsterkningar i alle ledd, noko som byr på hardare konkurranse om plassane.

Gjennom mars og fram mot sesongstart i april, har me i ledargruppo planar om å organisera fleire treningskampar mot god motstand. Baune og Eidsvåg har vist sin interesse, og me håpar også på å få ordna fleire kampar. Kanskje blir da ein ny "bortetur" til Stord for å møta Trott 2? Kanskje skal Trott 3 for første gong erobra Bømlo ved å bekjempa Bremnes? Vidare skal me holda fram med gode treningar, slik at me er klare for sesongstart.

Me vil kontinuerlig legga ut rapportar fra treningar og kampar på vår Instagram konto (trott3_bergen), og da ryktes også at spelarpresentasjonar vil forekomma om kort tid. Gå gjerne inn å følg oss på den plattforma også!

Me avslutte ved å dela ein limerick fra vår huspoet og hedersmann Erik Habbestad (bilde):

"Fotball e kjekt
Da føles som ei slekt
Vinteren e sur
Men me har kultur
Seriegull er vårt prosjekt"

10/01/2020

🤩🤩 NYTT TRENERTEAM OG NY SESONG 🤩🤩

Som mange allerede har fått med seg har me fått på plass eit nytt trenarteam i Trott 3. Me som har overtatt stafettpinnen vil prøva å følga eksempelet som har vært satt tidlegare av den dynamiske duoen Hystad/Skeide. Det er gledelig at begge to vil væra med som spelara framøve, Markus som kapteinerande midstoppar, og Hystad som reservekeeper og miljøansvarlig på benken.

Gårsdagen markerte startskuddet for ein ny sesong, der me hadde årets første trening med over 20 mann. Flesteparten av fjorårets Trott 3 soldatar har meldt seg til tjeneste i år også. Det var også fleire nye fjes å finna på Møhlenpris denne kalde torsdagskvelden. Blant disse var den eplekjekke Hystadbamsen, med fornavn Jens. Tross sin unge alder har Jens allerede hatt fleire epokar i Trott 3, men var ikkje å finna i fjorårets sesong. Det pågår for øyeblikket harde kontraktsforhandlingar med det tidligere talentet, som vil kunna bidra med kreativitet, humør, og målpoeng både på og utanfor banen. I tillegg til Jens håpar me å få på plass fleire nye spelarar dei neste vekene.

Det er likevel nokon som har takka for seg foran årets sesong. Blant anna det evigunge talentet Sondre Torkelsen, som har vunne pris for årets talent ved fem anledningar. Ein stor hedersmann som vil bli sakna.

Me i Trott 3 ser fra mot ein ny sesong prega av sportslige og sosiale høydepunkt. Apropos høydepunkt oppnådde Ole Marius et personlig høydepunkt på gårdagens trening, der FIFAs høge toppar hadde ankommet Møhlenpris for å overrekka guten fra Haugesund ein plass på årets lag (bilde under).

Me er også i år påmeldt til OBOS-vinterserie, noko som betyr at kampane vil rulla å gå jevnlig fra januar til november. Første kamp finn stad på Varden kunstgress mot NHH 4, søndag 26. januar kl 1500.

Nytt for året er at me har fått på plass ein Instagram-konto, der me vil krydra innholdet med kampoppdateringar, overgangar, oppdateringar, spelarpresentasjonar osv. Brukernavnet til kontoen er trott3_bergen, og me håpar flest mulig vil følge oss på den plattforma også. Me gler oss til ein ny sesong, og håpar flest mulig vil følga oss på reisen til suksess.

www.instagram.com/trott3_bergen

07/11/2019



🎅🏻🎄 I år som i fjor er me superheldige som får levert sabla godt pinnekjøt med tilbehør frå legendariske Solheim kjøtt 🐑

At maten kjem til å smaka like godt som i fjor, er me ikkje i tvil om i det heile, og me gler oss enormt til å eta oss stappmette på årsfesten på fredag 😎🍖🍾

🔔 Skal du arrangera førjulsselskap eller liknande, likar du svært god service, og ynskjer du i tillegg at julematen skal smaka supergodt? Då bør du ta turen innom Solheim kjøtt i Solheimsgaten på Danmarks plass eller på Laksevåg Senter!

Ha ei god førjulstid, folkens! 🤩

Solheim kjøtt Solheim Kjøtt er en delikatessebutikk med egenproduserte varer. Vårt pølsemakeri lager over 30 ulike pølsesorter, og cateringavdelingen vår leverer smakfulle retter til enhver anledning.

Velkommen til oss for en hyggelig handel! 🥩

Photos from Trott 3 i Bergen's post 05/11/2019

😍ℹ️❗️📰 KJEKK BØMLING-DUO TEK OVER STAFETTPINNEN SOM TRENARAR FOR TROTT 3 I BERGEN 📰❗️ℹ️😍

..men dei får heldigvis med seg litt ekte Trott-blod på laget!

Det er med stor glede at Trott 3 i Bergen endeleg kan presentera dei nye trenarane.

Joar Hystad og hans høgre hand Markus Skeide har etter fire lange år omsider vald å tre til side og gje ungdommen sjansen, og dei siste vekene har det vore knytt stor spaning til kven som skal ta over stafettpinnen, eller for å vera heilt presis; den ærverdige dokumentmappa (sjå bilete).

Dei nye trenarane heiter altså Lars Esperø og Jørgen Agasøster, og kjem begge frå Bømlo, øykommunen vest for Stord som har forsynt Trott sitt tredjelag i Bergen med flust av kvalitetsspelarar dei siste åra. Førstnemnde har i haust vore kaptein på laget i Markus Skeide sitt skadefråvær og er ein svært habil sentral midtbanespelar og ikkje minst ein stor diplomat. Yngsteblad Agasøster er fast venstreback på laget, og elles ein snill og behagelig gut med svært god peiling på fotball. Dette blir bra! 🤩🤩🤩

Med seg i støtteapparatet frå dei to kjekkasane heldigvis litt ekte Trott-blod, i tillegg til ytterlegare ein bømling. Torbjørn Sletten Haga, Viljar Malmsten og Morten Agasøster vil alle bidra rundt laget, og syta for ein funksjonell organisasjon også i åra som kjem.

Me ynskjer det nye leiarteamet lukke til.

No er det fotballferie, men me gler oss allereie til oppkøyringa startar i januar! 😎⚽️

24/10/2019

⚽️😁 TAP I SESONGAVSLUTNINGA, MEN ME GRÆT IKKJE AV DET 😁⚽️

Det blei tap 3-5 mot suverene Odda i haustmørket på Møhlenpris søndag kveld. Allereie etter fem minutt synte den ikkje-eksisterande resultattavla på Møllaren 1-2 favør gjestene frå industrikommunen, og like før pause satt 1-3 i nota.

Trott 3 gav uansett ikkje opp, og med to flotte angrep sytte høvesvis Ole Marius og Øyvind for at det plutseleg stod 3-3. Mot slutten fekk me det uansett tøft, og trass til tider svært godt Trott 3-spel, blei me hakket for små då det heile skulle avgjerast. Odda gjekk først opp i 4-3, før dei fastsette sluttresultatet til 5-3. Trass tap, var det ingen tårer å spora blant gjengen i heilkvitt etter kampen.

Det har vore ein rotete sesong på nivå 8 i norsk fotball. Fire lag har trekt seg, det har godt lang tid mellom kampane, og mykje tid er kasta vekk på lange borteturar mot lag som har trekt seg. Når det er sagt, så har me holdt tunga relativt beint i munnen, fokusert på det sportslege, og levert jamt over godt gjennom heile 2019.

Kampfakta:
🍾 TROTT 3 – ODDA 3-5 (1-3) 🍾
Seriekamp Møhlenpris, torsdag
Tilskodarar: 12

0-1
0-2
1-2 Grip Lunde (Andersen)
1-3
2-3 Tjernagel Elgesem (Grip Lunde)
3-3 Sandvik (Esperø)
3-4
3-5

Trott (4-1-4-1): Asbjørn Isdal; Thomas Stuve, Lars Esperø, Torbjørn Sletten Haga, Sindre Førland Eide; Thomas Solli Koløen; Magnus Grip Lunde, Bård André Andersen, Øyvind Sandvik, Ole Marius Tjernagel Elgesem; André Bech Ottesen.
Innb.: Tomas Rosseland Hansen, Johannes Grov, Erik Habbestad, Øystein Johannesen, Joar Hystad, Sondre Torkelsen, Martin Røksund.

BB: Grip Lunde

Les meir om kampen på Twitter: https://twitter.com/trott_3

Takk for i år! 🤠

21/10/2019

🥺 TAP TRASS STERK LEVERANSE MOT OPPRYKKSKLARE PARADIS 🥺

I ein splitter ny 5-5-0 taktikk var det eit heiltent Trott 3-lag som gjekk laus kampen mot Paradis i haustmørket søndag kveld. Supermann Asbjørn Isdal heldt oss lenge inne i kampen, men like før pause måtte også han gi tapt då eit frispark frå heimelaget sneik seg under muren og rett i buret.

Like etter pause kom mål nummer to for heimelaget, men me gav på ingen måte opp. Om lag kvarteret før slutt reduserte venstreback Ole Marius Tjernagel Elgesem til 1-2 med ein susar frå venstresida, og håpet var igjen tent.

Men det blei tøft å henta inn eit opprykksjagande Paradis. Like før slutt la dei på til 3-1, og dermed er dei klare for 6. divisjon etter å ha blitt beste toar på nivå 8 i Hordaland i norsk fotball. Trott 3 gratulerer!

⚽️ PARADIS – TROTT 3 3-1 (1-0) ⚽️
Seriekamp Paradis, søndag
Tilskodarar: Noko slekt av Habbe + ein del heimefans

1-0
2-0
2-1 Tjernagel Elgesem (Grip Lunde)
3-1

Trott (5-5-0): Asbjørn Isdal; Thomas Stuve, Lars Esperø, Torbjørn Sletten Haga, Jørgen Agasøster, Ole Marius Tjernagel Elgesem; Magnus Grip Lunde, Bård André Andersen, Erik Habbestad, Øyvind Sandvik, André Bech Ottesen.
Innb.: Thomas Solli Koløen, Tomas Rosseland Hansen, Johannes Grov, Kristoffer Antonio Skinlo, Joar Hystad.

BB: Bech Ottesen

Då ser me fram mot sesongens siste kamp, førstkomande torsdag heime mot ærverdige Odda, som i likhet med Paradis også har kjempa seg opp på nivå 7 føre neste sesong.

Tabell: https://www.fotball.no/fotballdata/turnering/hjem/?fiksId=164435

Les meir på Twitter: https://twitter.com/trott_3

15/10/2019

🌹 KVIL I FRED, GEIR E. AGA 🌹

Trott-leiar og Bømlo-rådmann Geir Ebbesvik Aga gjekk bort natt til tysdag.

Aga fekk hjartestans torsdag i førre veke, og i natt døydde han dessverre på Haukeland sjukehus.

Våre tankar går til dei pårørande og alle som kjente Geir ❤️

Som ei siste takk for innsatsen og for å heidra Aga, kjem me til å spela i svarte sørgjeband i bortekampen mot Paradis IL på søndag.

08/10/2019

🤩 MED I MEDALJEKAMPEN ETTER NY SIGER 🤩

Trott 3 fortsetter sin gode haustform, og levere nok ein solid 3-poenger i banken. I fraværet av trenerteamet Hystad/Skeide, var ansvaret lagt over på den noko yngre duoen Esperø/Haga.

Bømlingen Esperø hadde brukt helgo godt, til å framkalle ein ny (og kanskje revolusjonerande) versjon av 3-5-2 taktikken.
Til kampen stilte me ein noko redusert tropp, med kun ein innbyttar. Sjeldan har ordtaket "kvalitet foran kvantitet" passa bedre, når benken er dekorert av den evigunge hedersmannen fra Tysnes, Dag Ersvær (bilete).

Kampen mangla både tilstedeværelse av publikum og stadionlys, men i 7. div er dette forhold me etterkvart har blitt nokså vande med. Kampen var prega av mange duellar, feil, og gode enkeltmannsprestasjonar, alt i alt ein slitekamp som kunne ha vippa begge veier.

BI BERGEN 2 – TROTT 3 2-3 (1-1)
Seriekamp, Varden kunstgress, søndag
Tilskodarar: 0

0-1 J. Agasøster (str.)
1-1
2-1 Bjerkli (Bech Ottesen)
3-1 Grip Lunde (Røksund)
3-2

Trott 3 (3-5-2): Asbjørn Isdal; Thomas Stuve, Torbjørn Sletten Haga, Jørgen Agasøster; Erik Habbestad, Sindre Førland Eide, Lars Esperø, André Bech Ottesen, Martin Røksund; Magnus Grip Lunde, Martin Bjerkli.
Innb: Dag Ersvær.

BB: Isdal

Den gode hausten fortsetter, og i skrivande tidspunkt har me kun to kampar igjen å spela, mot opprykkskandidatane Paradis og Odda. Går alt veien i desse kampane, er mulighetane for medaljeplass tilstede.

24/09/2019

📺 BELØNNA MED INNSLAG PÅ NRK VESTLANDSREVYEN ETTER MAGISK SLUTTSPURT 📺

Om dei ikkje akkurat blei intervjua, var det liten tvil om kven NRK ville ha i fokus på innslaget deira frå Ulriken måndag kveld. Erik Habbestad og Lars Esperø stilte velvillig opp og promoterte klubben frå si beste side!

Nok om det. Søndag møtte me NHH 3 på Varden, og etter å ha slete oss gjennom 90 relativt rustne minutt, skulle det omsider lukkast på overtid. Torbjørn Sletten Haga ruva høgast på eit innlegg, hedda ballen inn igjen i feltet der André Bech Ottesen kungfua ballen i mål. Dermed var 3-2 favør heimelaget blitt til 3-3, og ein nøgd Trott-gjeng kunne ta med seg eitt poeng tilbake til Møhlenpris – og ja, etter kvart også opp til vakre Ulriken! ❤️

NHH 3 – TROTT 3-3 (3-2)
Seriekamp Varden, søndag
Tilskodarar: 1

1-0 Bech Ottesen (Habbestad)
1-1
2-1
3-1
3-2 Sandvik (Habbestad)
3-3 Bech Ottesen (Sletten Haga)

BB: Isdal

Trott (4-1-4-1): Asbjørn Isdal; Thomas Stuve, Torbjørn Sletten Haga, Jørgen Agasøster, Erik Habbestad; Lars Esperø; Kristoffer Vestbøstad, Øyvind Sandvik, Ole Marius Tjernagel Elgesem, Magnus Grip Lunde; André Bech Ottesen.
Innb.: Sigurd Fjeldsgaard Rasmussen, Johannes Grov, Øystein Johannesen, Joar Hystad.

Photos from Trott 3 i Bergen's post 16/09/2019

☀️ PRAKTFULL SIGER I FINAVÊRET ☀️

Laurdag tok me imot Minde 2 på Møhlenpris. Fyldig oppdatering, samt ein del videoklipp kan sjåast på Twitter: https://twitter.com/trott_3

Kampfakta:
TROTT 3 – MINDE 2 4-3 (2-1)
Seriekamp Møhlenpris, laurdag
Tilskodarar: 27

1-0 Sandvik (Sletten Haga)
1-1
2-1 Sletten Haga
2-2
3-2 Malmsten (Sletten Haga)
4-2 Tjernagel Elgesem (Stuve)
4-3

Trott (4-1-4-1): Asbjørn Isdal; Thomas Stuve, Morten Agasøster, Torbjørn Sletten Haga, Jørgen Agasøster; Lars Esperø; Kristoffer Vestbøstad, Sixto R. Nedkvitne, Ole Marius Tjernagel Elgesem, Magnus Grip Lunde; Øyvind Sandvik.
Innb.: Tomas Rosseland Hansen, Erik Habbestad (bilete), Viljar Malmsten, Johannes Grov, Lars Olaf Jensen Tolo (debutant).

BB: Sletten Haga

04/09/2019

💩 TAP MOT NHH 3 💩

Det blei 1-3-tap mot NHH 3 tysdag kveld. 7-8 stolpeskot og minst like mange brente hundreprosentsjansar kjem ein diverre ikkje langt med i fotball. Etter kvart gjekk piffen litt ut av oss, og østlendingane frå Handelshøgskulen kunne jubla for tre poeng.

På videoen i kommentarfeltet kan ein sjå ein spelar som ynskjer å vera anonym senda seg sjølv på hovudet ut av frisparkdiskusjonen.

TROTT 3 – NHH 3 1-3 (1-2)
Møhlenpris tysdag
Tilskodarar: 3

1-0 Grip Lunde (Sletten Haga)
1-1
1-2
1-3

Trott 3 (4-1-4-1): Erik Habbestad; Thomas Stuve, Torbjørn Sletten Haga, Jørgen Agasøster, Sindre Førland Eide; Lars Esperø; Martin Røksund, Øyvind Sandvik, Tomas Rosseland Hansen, Magnus Grip Lunde; André Bech Ottesen.
Innb.: Øystein Johannesen, Kristoffer Antonio Skinlo, Kristoffer Vestbøstad, Ole Marius Tjernagel Elgesem, Morten Agasøster.

BB: Øyvind Sandvik

Neste kamp er laurdag 14. september heime mot Minde 2.

03/09/2019

🤩 DRESSKLEDD VIKARTRENAR MED ANKELBROT SIKRA MIRAKELSIGER MED MOTIVASJONSTALE OG SUPERTAKTIKK 🤩

Referent: T. S. Ibsen Haga.

Etter ein svært lang sommerpause var det endelig duka for ny seriekamp mot Tyssedal. Etter at mange lag har trukket seg fra avdelinga, noe som har ført til minimalt med poeng, var det derfor viktig å få ein god start på haustsesongen.

1. omgang ble innledet med mange 100% sjanser for Trott, uten noe tellende resultat. Det var derfor tungt når Tyssedal tok leiinga like før pause med eit skot fra 35-40 meter. I pausen leverer vikarierende trener, dressmann og sunnmøring Markus Skeide, som forresten er ute med ankelbrudd resten av sesongen, ein sterk motivasjonstale, som skulle vise seg å gi tellende resultat.

2. omgang startet med et pang, der Martin Bjerkli sender André Bech Ottesen gjennom i bakrom, og lagene var like langt. Resten av kampen har me god kontroll (med unntak av en straffebom fra Tyssedal), og tap-in kongen Ole Marius setter inn to mål med få minutters mellomrom. Decibelnivået på Møhlenpris nådde sitt klimaks når veteran Øystein Johannesen punktere kampen totalt, med sin 4-1 skåring. Dette gjorde sterkt inntrykk på den 3-manns sterke fanklubben til Øystein, som hadde tatt turen fra Os, for å sjå helten deira.

Kampfakta:
TROTT 3 – TYSSEDAL 4-1 (0-1)
Seriekamp Møhlenpris, lørdag
Tilskodarar: 37

0-1
1-1 Bech Ottesen (Bjerkli)
2-1 Tjernagel Elgesem (Bech Ottesen)
3-1 Tjernagel Elgesem (Grip Lunde)
4-1 Øystein Johanessen (Sandvik)

Trott 3 (4-5-1): Erik Habbestad, Martin Bjerkli, Morten Agasøster, Torbjørn Sletten Haga, Jørgen Agasøster; Magnus Grip Lunde, Bård André Andersen, Lars Esperø, Øyvind Sandvik, Ole Marius Tjernagel Elgesem; André Bech Ottesen.

Innb: Kristoffer Vestbøstad, Tomas Rosseland Hansen, Øystein Johannesen.

BB: Tjernagel Elgesem

Kjekt å starte hausten med tre poeng, neste kamp kommer allerede i kveld. Møt opp på Møhlenpris kl 20.00, gratis inngang og autografskriving med Ole Marius ✏️🤩

Vil du plassere din bedrift på toppen av Gym-listen i Bergen?

Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.

Sted

Type

Adresse


Solheimsgaten 25
Bergen
5054