06/08/2026
Endeleg er det nytt semester! Det tyder også nye yogakurs 😃
🧘♀️ Kva slags yogakvardag vil du ha i haust? 🧘♂️
✅ Meistring & Livskvalitet er eit 16-vekers kurs for medlemmar av Bergen revmatikerforening.
🗓 Første kursdag er 11. august, det er framleis eit par ledige plassar.
🪙 Pris: 2750kr.
📝 Sjå her for meir info & påmelding: https://www.allmenningen.org/yoga-for-revmatikerforeningen/
✅ Kvardagsro er eit 6-vekers yogakurs som har erstatta yogakurs for vaksne. Dette kurset er basert på erfaringar frå fleire år med yogakurs for ADHD Norge Vestland. Vi jobbar langsiktig, og skal sjå på anatomi, pust, yogarørsler og den store heilskapen i kroppen.
🗓 Første kursdag er 12. august, det er framleis nokre ledige plassar.
🪙 Pris: 1500kr.
📝 Sjå her for meir info & påmelding: https://www.momoyoga.com/allmenningenyoga/lesson/30667135/Kvardagsro-6-vekers-yogakurs
✅ Pust er eit 4-vekers yogakurs for deg som vil ha eit betre forhald til pusten din. Pusten påverker alt som skjer i kroppen, og fortel mykje om korleis du har det. På dette kurset skal vi lære meir om kroppen, pust og rørsler. Du får lekser med pusteøvingar som du gjer heime.
🗓 Første kursdagen er 17. august, det er framleis nokre ledige plassar.
🪙 Pris: 1000kr.
📝 Sjå her for meir info & påmelding: https://www.momoyoga.com/allmenningenyoga/lesson/30666828/Pustekurs-4-veker
✅ Sansekurs er eit heilt nytt kurs på 8 veker. Dette kurset har vekse fram frå arbeid med nevrodiversitet og polyvagalteori gjennom mange år. På kurset vil du verte betre kjend med sansene, kva dei fortel og korleis dei kan tryggast. Det vil vere øvingsoppgåver og teknikkar som kan brukast i kvardagen. På sikt kan dette føre til betre regulering i nervesystemet, og betre livskvalitet.
🗓 Første kursdagen er 21. september, det er framleis nokre ledige plassar.
🪙 Pris: 2000kr.
📝 Sjå her for meir info & påmelding: https://www.momoyoga.com/allmenningenyoga/lesson/31005317/Sansekurs-8-veker
Du er hjarteleg velkommen, vi sjåast på matta 🧘♂️
02/08/2026
Nytt 4-vekers pustekurs startar 17.!
Mandagar 16:30 - 18:00
Pris: kr. 1000,-
Sentralt i Bergen, ved i Bergen Manuellterapi og Osteopati
Dette er eit kurs for deg som vil kome i gong med pustetrening, eller friske opp kunnskapar frå eit tidlegare kurs.
Du får:
✅ Innblikk i korleis pusten fungerer
✅ Introduksjon til mjuke strekkar
✅ Pusteøvingar som hjelper roe og styrke kroppen
✅ Lekser, slik at du bygger gode vaner
✅ Godt fellesskap
Meir info & påmelding: https://www.allmenningen.org/kurs/pustekurs/
31/07/2026
Er ikkje dette ein nydeleg stadfesting å ta fram til nymånen den 12. august? Vi kjem til å jobbe med dette på mattene i kveldatimane - det vert fine veker 🧡
Du finn resten av meditasjonen på side 98 i Lysmeditasjonar 2026 🌜🌚🌛
Eg er spent på å høyre om kva som vi arbeide seg framover i deg etterkvart som vi jobbar med meditasjonen 🕉️
Vi sjåast på matta 🧘♂️
29/07/2026
Treng du meir ro i kvardagen?
Kvardagsro er eit lågterskel nybyrjarkurs på 6 veker, sentralt i Bergen.
Dette kurset er for deg som kjenner på stress og uro i
kvardagen. For deg som ønsker deg betre livskvalitet.
Og for deg som vil prøve yoga og meditasjon.
Du vil lære litt om:
✅ anatomi
✅ yogarørsler
✅ pusteteknikkar
✅ meditasjon
✅ avspenning
Kurset er basert på erfaringar frå fleire år med
yogakurs for ADHD Norge Vestland.
Meir info:
https://www.allmenningen.org/kurs/kvardagsro/
Påmelding:
https://www.momoyoga.com/allmenningenyoga/lesson
/30667135/Kvardagsro-6-vekers-yogakurs
26/07/2026
Velkommen til yoga!
Dette er eit tilbod til deg som har lurt på å prøve yogatimar hos Allmenningen yoga, men ikkje kome så langt enno 🧡
Yogatimane varar 90 minutt, og startar med litt anatomiundervising før vi gjer oppvarming, rørsler og sekvensar, pust, meditasjon og kvile. Du treng ikkje vere mjuk for å ta del - alle deltakarar får låne matte og stol.
I august får alle nye deltakarar ein gratis prøvetime (gjeld kveldstimar). Kva har du å tape - den vonde ryggen, kanskje? 😂
Kveldstimane på mandagar og onsdagar finn stad i Bergen, ( Fysioterapisenteret i Bergen Manuellterapi og Osteopati ) kl. 18:30 - 20:00.
Kveldstimane på torsdagar finn stad på Klokkarvik( ) kl. 18:30 - 20:00.
Sjå nettsida for meir info & påmelding: https://www.allmenningen.org/yoga/
Vi sjåast på matta 😃
24/07/2026
Praktiserer du reiki? Eller er du nyfiken, og lurer på om det er noko for deg? Du er hjarteleg velkommen til reikisamling fredag 7. august kl. 16:30 på Straume.
Vi snakkar vidare om dei fem legeråda for reikiutøvarar. Korleis sameinast desse råda med kvardagen? Korleis kan vi vekse og bli betre utøvarar og medmenneske?
I tillegg deler vi reiki og utvekslar erfaringar om korleis reiki har vore til stades i liva våre sidan sist 🥰
Samlinga er gratis. Påmelding: https://www.momoyoga.com/allmenningenyoga/lesson/30610123/Reikisamling
Gler meg til å sjå deg 😃
20/07/2026
Driv du bedrift eller prosjekt frå hjartet? Er du gründer, sosial entrepreneur eller terapeut og vil utvikle deg sjølv - og arbeidet ditt - i ei heilskapleg retning? Då er du i godt selskap 🧡
Vi treffast kvar månad og et lunsj medan vi utveksler erfaringar og støtter kvarandre med å finne løysingar. Og vi jobbar med profesjonell vekst, slik at vi veks stødigere inn i den framtida vi byggjer.
Dersom dette er deg - eller du vurderer ei slik framtid - er du hjarteleg velkommen til å vere med! https://www.momoyoga.com/allmenningenyoga/lesson/30610113/Lunsjsamling Du vil få oppgåver på epost, som du førebur til samlinga 🧡
17/07/2026
Stadfestinga som høyrer til månemeditasjonen på side 86 er djup og tankevekkande. Kanskje kjem det minner og kjensler du hadde gløymt - eller gøymt. Saman skal vi utforske desse tankane og kjenslene på matta i kveldstimame i vekene fram til fullmånen. Det vert mjuke og vare prosessar, der du får sjansen til å gje slepp, endre retning, og ta styringa i livet ditt slik du ynskjer sjølv 🧡 Du er velkommen 🧡