28/09/2026
Har du fått med deg at vi har oppgradert senteret med fleire nye tredemøller? 🔥
Dei nye møllene våre frå Life Fitness er laga for å gi deg ei skikkeleg god løpsoppleving, enten du skal gå ein roleg tur, køyre intervallar eller samle mange kilometer.
Møllene har ei brei løpeflate, hastigheit opp til 23 km/t og stigning opp til 15 %. Dei har også Flex Deck-demping, som skal redusere belastninga på kne og ledd samanlikna med løping på ei ikkje-dempa overflate.
Andre kjekke ting med desse møllene er at du kan justere fart og stigning direkte frå handtaka, sjå på Netflix og andre strøymetenester medan du trenar, velje virtuelle løperuter og ta joggeturen i litt meir eksotiske omgjevnader, pluss mykje meir ☀️
Har du testa dei? 💚