31/07/2026
Haustens storsatsing for ungdom frå Riksteatret 🎭
Når dei dramatiserer Nora Dåsnes sin prisvinnande teikneserieroman 15 år etter 22. juli, er målet å gje unge menneske håp og hjelp til å forstå si eiga uro i møte med ei uroleg verd.
Framsyninga blir spela gratis for skuleklassar på dagtid, men er òg open for alle andre som ønskjer å kome.
Er du lærar i 10 trinn eller vgs og vil søke om billettar til din klasse kan du gjere det her 👇 https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSe8tXLyXRe2YrhY1bEYyQ9fv7vWAIu1Q2ddQVK6-H53b1e1Qg/viewform
23/07/2026
Endeleg på same scene: Trond-Viggo Torgersen og Else Kåss Furuseth i Førdehuset laurdag 10. oktober 😍
Dei inviterer til ein underhaldande, musikalsk og kanskje også lærerik kveld - ingrediensane er standup, tøys, prat og song som til saman gir ein fullstappa buljongterning det truleg går an å bli klokare av 😃
16/07/2026
Petter "Uteligger" Nyquist kjem til Førdehuset torsdag 1. oktober med eit foredrag som utfordrar publikum til refleksjon 🤔
Korleis møter vi menneska rundt oss?
Korleis skaper vi tillit, og kva spor etterlet vi hos andre?
Petter Nyquist er ein eldsjel som brenn for å gjere ein skilnad og skape eit litt varmare samfunn. Det som starta med eit tilfeldig prosjekt, der han levde på gata i Oslo i 52 dagar for å prøve å forstå menneska der, utvikla seg til å bli ein livsstil og ein drivkraft. Gjennom sterke, ærlege og underhaldande historier gir han publikum eit unikt innblikk i liva til menneske mange kanskje overser, og i kva som faktisk skjer når vi vel å møte kvarandre med openheit og respekt.
05/07/2026
FAMILIESØNDAG I FØRDEHUSET - GRATIS
I dag blir det mykje moro for heile familien i Førdehuset! Full fart med konsertar, kurs, dans og aktivitetar. Dette blir gøy - kom og bli med, alt er gratis!
Festsalen
12.15: HrayBery
12.45: Gasper Nali Band
13.15: Folkedanskurs med Are og Lars
13.50: Folksomt
Biblioteket
12.00: Eventyrstund med Trond Strand
14.00: Eventyrstund med Trond Strand
Flette vennskapsarmband
Teiknestasjon med Sparebanken 1 i ved kiosken.
VELKOMMEN!
Foto: Anders Lillebo
16/06/2026
Vi har akkurat lagt ut billettane til Gatelangsturne med Petter "Uteligger" Nyquist som kjem til Førdehuset torsdag 1. oktober 🤩 Arrangementet er i Festsalen, så det er begrensa med plassar 😅