31/08/2026
📍 Kjelstadnakken 1050 moh:
Vil du ha tips til kveldstur der du kan nyte kveldssola lenge? Då er turen til Kjelstadnakken frå Kvanndalen i Førde eit godt val! Du kan køyre opp til over 500 meters høgde i Kvanndalen (bomveg), og har då berre nye 500 høgdemeter igjen før du står på toppen av Kjelstadnakken i flott og lettgått høgfjellsterreng. Sola har du med deg store delar av turen sjølv på ettermiddag/kveld.
Ca 8,5 km t/r og stien er etterkvart blitt veldig godt merka, så det er lett å finne fram også for den som ikkje har gått der før.
Om du vil ha ein lett tur, så kan du heller nyte kveldssola ved å spasere på skogsvegen inn til stølane i Kvanndalen og vidare inn til Hagestølen.