05/10/2026
Det var 4.oktober igår.
Bergsøy feira 82 år sidan klubben blei stifta som Bergsøy Turn og Atletklubb.
Alt starta en onsdag under den andre verdenskrig. Samme dag som Bergen blei bomba av det britiske luftforsvaret som sikta seg inn mot en ubåtbase i Laksevåg.
Det var faktisk en av dei verste sivile katastrofene som skjedde i landet under den andre verdenskrig. Omtrent 140 fly slapp 1400 bomber på 250 kg og 450 kg. Dårlig sikt gjorde at bombene landa litt overalt. Private hus. Fabrikkar. Og så Holen skule som låg 150 meter frå ubåtbasen. Skuledagen hadde berre såvidt begynt då flyalarmen gjekk. 61 barn blei drepne ved skulen. Totalt 193 sivile under angrepet.
Det gjer angrepet 4. oktober til det allierte bombeangrepet i Noreg som tok flest sivile liv under krigen.
Og seinare samme dag samla det seg ca 29 personar på Bergshall som iallfall er notert ned namn på. Innkalla av Andreas Sævik og Andreas Lid.
13 av dei 29 var under 20 år. Det var ungdom som hadde et ønske om å få idretten på plass igjen. Få aktivitet tilbake til tross for krig og tysk nærvær. Fleire av dei eldste som var over 20 år fekk diverse roller. Kåre Velsvik (29) blei kasserer. Andreas Sævik (26) blei formann. Andreas Lid (28) nestformann. Noris Pettersen (20) blei materialforvalter, mens Peder Worren (23) var jo som kjent ein av dei store ildsjelene.
Sverre Leine på 15 år var ein av dei yngste som møtte opp. Olav Djupvik på 34 var av dei eldste. Litt samme aldersspenn som dagens herrelag i fotball der Kevin Vike er yngst med sine 15 og Daniel Kvalsvik og Kjetil Paulsen er i sine gode år i midten av 30 tallet.
Vil du lese meir om stiftarane så gjer du det her;
https://historikk.com/moderne/news.php?slug=deiforste
Det var altså slik starten var. Det var et håp om bedre tider. En protest mot dårlige tider.
Så kom dagen igår. På dagen akkurat 82 år etter stiftelsen 4.oktober i 1944. Bergsøy tok sine første poeng i Eliteserie. Sin fyrste seier.
Altså. Seier på det aller høgste nivået en kan få seier på i norge.
Det er jo gale å seie at det er å nå toppen. Men på en måte så er det jo ikkje så mange fleire toppar å nå om vi tenke seriesystem. Det er ikkje mulig å nå lengre opp. Det einaste som er mulig no er å på en måte klare det samme igjen. Fleire gongar. Skape fleire minner.
Men det er noko spesielt med det Bergsøy gjorde igår. For en kan ikkje vinne sin fyrste Eliteseriekamp fleire gongar. Anna enn å kanskje vinne sin fyrste på heimebane. Bergsøy handball har brutt mange barriærer, og jakter på fleire.
Eg har prata med mange som har minner om Bergsøy si historie. Blant monge så står minna sterkt når det er noko som har skjedd noko for fyrste gong.
At Bergsøy spelte sin fyrste kamp i 3.divisjon i 1970 i Huldalen mot Molde. Det var stort å rykke opp frå 4.divisjon. At Bergsøy spelte sin fyrste kamp på gras på Bergsøy Stadion i 1972. Å spele sin fyrste kamp i 1981 på nivå 2, mot Sogndal på Bergsøy Stadion da heile Fosnavåg måtte rykke ut og måke bana før kampstart.
Men for dei som opplevde at fotballaget i 1981 spelte på nivået over Hødd og Ålesund, så huskar dei sjølvsagt også meir. Det var toppkampar mot Molde og Tromsø. Som Bergsøy vann. Og det var storkamp mot Bodø/Glimt en 16.mai med folkefest og to mål av Fred Frantzen. Som Bergsøy tapte.
Med andre ord. En skape ikkje berre minne ved å vinne.
No er det Bergsøy Handball som smelta sine minne inn i klubbhistoria. Den fyrste Eliteseriekampen. Den fyrste Eliteseriesigeren.
Det er tap og det er siger.
Men det er uansett klubbhistorie. Det er 82 år frå starten i krig og til våre største poeng.
Gratulere Bergsøy Handball
Gratulere Bergsøy
Ps; Det blei brukt ai på bildet, så litt rot har sikkert skjedd med ansikt der. Stol ikkje heilt på ai bilder når det gjeld ansikt. Teksta er derimot mi 🙂