22/09/2026
Ungdom søkast til reinhald i Nordøyhallen og garderober ved Nordøy Stadion!
HaNo FK leitar etter ein påliteleg og arbeidsam person til å hjelpe oss med reinhald i Nordøyhallen og Nordøy Grendahus.
Kva vi ser etter:
* Ungdom (frå 15 år og oppover)
* Ansvarsfull og pliktoppfyllande
Kva jobben inneber:
* Ein gang i veka: reinhald av HC-toalett, påfyll av sanitærutstyr, tømme søppel og sjekke påbygget
* Etter arrangement: reinhald av alle toalett, påfyll av sanitærutstyr, tømme søppel, og reinhald av tilbygg. (opplæring vil bli gitt)
* Vasking av garderober ved Nordøy grendahus etter kampar og vask av gymsal etter arrangement ved førespurnad
Kva vi tilbyr:
* Timeløn
* Ei god erfaring å ha på CV-en
Høyrest dette ut som noko for deg, eller din ungdom? Kanskje er de to stykk som vil dele på jobben?
Send ein e-post med litt informasjon om deg til [email protected] innan 30.09.26! Ved spørsmål, ta kontakt med Henrik Åkre telefon 412 13 820