Hyllestad Idrettslag

Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Hyllestad Idrettslag Hyllestad Idrettslag er allidrettslaget i Hyllestad kommune. Vi ynskjer å inkludere alle. Alle som ynskjer kan bli medlem i laget.

Både medlemsavgift og treningsavgift må betalast for gyldig medlemskap og forsikring. Deltek du på fjelltrimmen treng du berre betale medlemspengar for å få deltakarpremie ved oppnådd poengsum. Informasjon om medlemsavgift og treningsavgift finn du på Hyllestad idrettslag si heimeside www.hyllestadil.no.

29/09/2026

Ja då er da klart for årets siste kampreferat for Herrelaget(som idag ifylge live.firda hadde ein snittalder på 26.2 år, nekta å tru at dei har fått registrert inn alderen til både Karsten,Rudi og meg då).
Idag tok vi imot laget som ligg på plassen bak oss på tabellen, Tambarskjelvar. Alt låg til rette for ein flott kamp om 3. plassen på tabellen, masse spelara(opptil 4-5 stk på benken), trenar Øyvind hadde tatt turen inn frå Solund(hadde visst jobba seg opp ein 6-7 veke avspasering på dei 2 siste vekene på jobb der ute)og ikkje minst so var da opplett og sol. Kiosk hadde vi og, takk til Kurt og Anita.

Vi tar ledelsen etter 10 min ved Fredrik med eit velplassert skudd frå 17 meter⚽. Etter 22 min svara Tambar med eit mål imot og stillinga er 1-1. Dette held seg utruleg nok til pause etter fleire store sjansa til heimelaget. Tambar hadde rett nok eit stolpeskudd og men da var før utligninga deira.

2 omgangen skal bli litt meir av den dramatiske sorten. Etter 52 min går Fredrik opp i ein duell og endar med eit rødt kort veldig få skjønnar noko av, i samme situasjon blir kapteinen vår vist det gule/blå kortet og må stå på sidelinja i 10 min. 9 mann i 10 min skulle vise seg som ein liten vitamininnsprøytning for vår del. Etter 60 min slår Oliver eit frispark som Thomas planta skallen sin på og styrer forbi keeperen. 2-1⚽⚽. 6 min seinare får Tambar frispark rett utafor 16 meteren og den ballen klara å lure seg forbi Karsten. 2-2. Vi får innpå Jonas igjen og er oppi 10 mann att. Vi pressar på å produsera fleire farligheiter som til slutt resultera i at Brage blir felt inni 16 meteren og vi får tildelt straffe. Brage tar sjøl straffa men den endar dessverre i tverrliggar og ut(kanskje da var tanken på å bli toppscorer som spelte han eit puss). Oppi alt ditta her so skrudde lyset på halve bana seg av og(og her da sånne gamle lyspære so her gjekk da 5 min før lyset var tilbake) Sånn ca 3 min før full ordinær tid (var litt stressa då so tidslinja mi var nok ikkje heilt nøyaktig) so klara gjestane å pirke inn eit siste mål og stakk av med seieren 2-3.

Dagens Hyllestad spelar vart nok ein gang Thomas Svartefoss, han får gavekort gitt av .

Takk til motstandar Tambarskjelvar og lukke til med dei 2 siste kampane, takk til dommar.

Årets sesong oppsummert med desse fakta. Vi har hatt 28 stk spelar innom laget, vi har hatt 6 forskjellige målmenn, 14(15) spelte kampa(Dale2 trekte laget sitt i sommar så den kampen blei strøket), 5(6) seiera, 3 uavgjorte og 6 tap. 29 scorte mål og 33 baklengs. Foreløpig 4 plass men dei andre laga bak oss har både ein og to kampa igjen so tida vil vise kor vi enda. Kun 2 spelara som har spelt alle kampane og det er midtstopparduoen Thomas Svartefoss og Oliver Wolff. Årets toppscorer blei delt mellom kaptein Jonas Ness og høstkometen Brage Hellebø, 7 mål kvar.

Takk til alle publikum(sikkert 1000vis) som har stilt opp på heimekampane våre

Heia Hyllestad

Over og ut for i år frå meg⚽

Outlook.com is a free, personal email service from Microsoft. Keep your inbox clutter-free with powerful organizational tools, and collaborate easily with OneDrive and Office Online integration.

29/09/2026

Hugs kamp idag tirsdag 29 sept🌞 Årets serieavslutning for Herrelaget på Hyllestad Stadion mot Tambarskjelvar kl 1900⚽

Hyllestad IL Biljard fortsetter med ny turnering i dag 🙂 Lykke til 🤗
27/09/2026

Hyllestad IL Biljard fortsetter med ny turnering i dag 🙂 Lykke til 🤗

Vell møtt til RT 2 Vest 2.div 🍽️ Vi lagar sjølvsagt til middag – kva som kjem på menyen, kjem vi tilbake til! Vi er skikkeleg stolte og gler oss til å vise fram den «nye» salongen til flest mogleg! 🎱✨ Så her er det berre å melde dåke på – vi håpar å sjå både kjende og nye...

26/09/2026

Nok ein gang har eg gått på smellen at eg tenkte tanken eg tek da imåra😇 Kampreferata har visst blitt utsett og utsett, men først. Facebooken driv jo å spør deg sånn i ny og ne, ka tenker du på idag. Jau da skal eg seie dykk, snart 50 år gammal har eg blitt, men å klare å sjekke terminliste og kalender før eg godkjente at min fru kunne reise på 2 dagers skrivestudie(eller noko i den dur) for deretter å reise på 4 dagers venninetur til Stockholm samme veka som herrelaget hadde 2 bortekampa i Florø og Svelgen pluss at tvillingane har 2 kampar og denne veka, da klarte eg ikkje å få med meg. Noko som resulterte i at eg har måtta vaske drakter(vasker drakten til herrelaget då eg ikkje trur halvparten av dei hadde klart å stille med nyvaska drakt til neste kamp) og kle til den store gullmedalje dinna veka😔

So får vi ta ein oppsummering på denne månaden sine kampar

1 sept tok vi imot Florø3 på Hyllestad stadion. Eg var ikkje tilstades denne kampen so kan igrunn kun melde resultat og banes beste derifrå. Seier vart da med 11 mann,4-1 vart sluttresultatet. Scoringar av Mohamad, Brage og Robin pluss eit sjølvmål. Beste mann som stakk av med gavekort frå var Mohamad.

So var det 14 daga til neste kamp som nok ein gang var på heimebane. Serieledar Anga hadde tatt turen frå storbyen Førde. For å seie da enkelt, dei var fortsatt serieledar på vei tilbake til Førde. Tap 2-4. Mål av Brage og Jonas. Her blir vi hardt straffa når vi ikkje setter våre sjansar spesielt i 1 omg, der vi godt kunne ha leda utifrå sjansestatistikk. Det vart ein hard kamp med mykje duellar og mykje gule kort. Her vart dagens Hyllestadspelar Thomas som fekk seg eit gåvekort frå .

So over til denne veka her(fylt med kampar og vask)
Tirsdag 22 sept tok vi turen til Florø for å møte Tempo. Nok ein gang med 11,5 mann på tur. Leiar i fotballstyret måtte trå til i keeperrolla (Ville vel ikkje betale bot visst vi ikkje hadde klart å stille lag) Her leda vi etter 1 omg 1-0 litt mot spelets gang, etter scoring av Brage. 2 omg starta på verst tenkelige måte med 2 kjappe imot på dei første 4 min, for deretter å få endå eit til imot etter ca 60 spelte minutt. Etter denne kalddusjen klarte vi å snu kampen, men vi fekk dessverre 1 mål til imot i da 70 min, før vi klarte å sette våre eigne sjansar. Brage var i støtet denne kampen og putta 2 til i da 75 og 77 min (sjøl om han ikkje hadde fått middag når han kom heim etter ein hard dag på Havyard og måtte reise svolten til Florø). Vi hadde fleire sjansar på slutten men da ville seg ikkje heilt, so tap 4-3.

Fredag 25 sept gjekk turen til Svelgen. 16 mann klarte vi å stille, kan da ha noko med at vi hadde fått innvilga buss på dinna turen😀 Ein skikkelig kjekk tur vart dette. Kan nevne at da var litt høgare stemning på vei heim enn på vei opp, og trur ikkje da berre var seier som bidrog til da💪Seier 3-1. Ein kamp vi hadde full kontroll på i 90 min. Var litt usikker på scoringsformen til Brage dinna kampen i og med at mora hadde diska opp med middag og nisteboks til han på turen, men han forsettte scoringsformen mett og. 2 mål til kunne han tilskrive seg. 1-0 målet vårt kom etter årets dårligaste slåtte corner frå Jonas, men den trilla no heilt bak til bakerste stolpe og der kom Oliver og breisida den inn.

Takk til motstandarlag og til dommara

Neste og siste kamp for sesongen er på heimebane kommande tirsdag 29 sept mot Tambarskjelvar kl 1900

Heia Hyllestad

Ta gjerne turen innom Hyllestadhallen og sjekk ut den nyoppussa salongen 🥳  Lykke til med turnering i dag 🙂
26/09/2026

Ta gjerne turen innom Hyllestadhallen og sjekk ut den nyoppussa salongen 🥳
Lykke til med turnering i dag 🙂

🎱 Vell møtt til RT 2 Vest 1. div 10 Ball Vi gler oss til å samle biljardfolket til ei skikkeleg triveleg helg! 🤩 🍽️ Vi lagar sjølvsagt til middag – kva som kjem på menyen, kjem vi tilbake til! Dette blir den fyrste offisielle turneringa etter at vi har pussa opp salongen vår, og vi...

Vi kan være stolte over mange gode idrettsutøvera i Idrettslaget.👇🏻🏃‍♂️🏃‍♂️🏃‍♂️💪👏🎉Søndag 27.09.26 er denne flotte gjenge...
26/09/2026

Vi kan være stolte over mange gode idrettsutøvera i Idrettslaget.

👇🏻🏃‍♂️🏃‍♂️🏃‍♂️💪👏🎉

Søndag 27.09.26 er denne flotte gjengen klare til nytt Marathon løp.

Ove Wolff kan feire dagen
med sitt tot 100 Marathon løp ( 13 i Berlin)
Stig Kongsvik tot 59 ( 7 i Berlin)
Andreas Ytredal Akse tot 5 ( 2 i Berlin),

Vi heier og ynskjer alle lukke til ⚘️🇧🇻

I dag kl 09.46 spring Alexander🇧🇻  VM i Halvmaraton i København  Han spring for Hyllestad IL og vi ynskjer han masse luk...
20/09/2026

I dag kl 09.46 spring Alexander🇧🇻
VM i Halvmaraton i København
Han spring for Hyllestad IL og vi ynskjer han masse lukke til med løpet.

Oppdaterer seinare I dag med reslutat🏃‍♂️

Hyllestad damer 7ar spelte sine siste kampar for sesongen idag i Skei-hallen. Dei vart serievinnarar!!!!Jølster//Sandane...
19/09/2026

Hyllestad damer 7ar spelte sine siste kampar for sesongen idag i Skei-hallen.
Dei vart serievinnarar!!!!

Jølster//Sandane-Hyllestad: 4-4
Hyllestad-Syril: 7-3

Kamp 1 mot eit revansjesugent Jølster2/Sandane2 enda 4-4. Jamt og knalltøft oppgjer der begge lag gjekk for seier. I kamp 2 mot Syril vann vi fortjent 7-3. Syril hang godt med i fyrste omgang mot tunge Hyllestad- bein men i andre omgang drog vi greitt ifrå. Mykje fine kombinasjonar og fint spel. Med desse to resultata enda Hyllestaddamene som serievinnarar. 1 uavgjort og resten seier er fasit for sesongen. Målscorarar i dag var Mathea, Kristin, Nora, Malene og Silje.

Heia Hyllestad!❤️🖤

Lykke til i Tallin Benjamin 💪🏻 Lykke til i Oslo Dag-Jøran 💪🏻Ei helg med mykje spennande speling 🌸
18/09/2026

Lykke til i Tallin Benjamin 💪🏻
Lykke til i Oslo Dag-Jøran 💪🏻

Ei helg med mykje spennande speling 🌸

Oslo Biljardklubb har gleden av å invitere til NM veteran 45+ 8 ball. Vi serverer mat og god stemning hele helgen! Vel møtt!! Endelig tidsskjema for hele helgen blir satt opp etter at påmeldingsfristen er gått ut. 8 ball starter Fredag kl 17:00 Deltakelse: NM Veteran 45+ er åpent for alle utøv...

Malene Oppedal frå Hyllestad IL er tatt ut på Kretslag for Sogn og fjordane j15. Vi er stolte og ynskjer ho og laget lyk...
17/09/2026

Malene Oppedal frå Hyllestad IL er tatt ut på Kretslag for Sogn og fjordane j15.

Vi er stolte og ynskjer ho og laget lykke til!

Foto: Haugenfotball

Adresse

Hyllestad
6957

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Hyllestad Idrettslag legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Hyllestad Idrettslag:

Snarveier

Del

Kategori