31/07/2026
Stolpejakten er godt i gang i kommunen og det er mange som har teke stolpane i Morgedal, Kviteseid og Vrådal. Det er fortsatt ikkje for seint å dra på stolpejakt, men stolpekartet i Vrådal har siste dag 14. september. Dette er eit padlekart, så det er nødvendig med båt for å ta mange av stolpane, sjølv om nokre av dei kan tas til fots også. Merk at stolpe 12 og 13 på dette kartet har blitt flytta frå Øy til Høgøy.
For dei som ikkje har eigen båt, er det mogleg å leie kano, kajakk og robot på Straand hotel og turistinformasjonen i Vrådal sentrum.
Det er stolpejakt i alle nabokommunane også, så vi anbefaler å ta nokre dager her og då kan det vere fint å overnatte på hotell. Straand hotel har laga ei eiga pakke for stolpejegere med overnatting og båtleige. Sjekk den ut her: https://be.synxis.com/?adult=2&arrive=2026-07-28...
God stolpejakt!