27/08/2026
Harpefossen
Harpefossen Skisenter AS ligg i hjartet av Nordfjord i Sogn og Fjordane. http://www.harpefossen.no Harpefossen er med i Alpepass http://www.alpepass.no
Harpefossen består av 2 aktørar (Harpefossen Skisenter og Harpefossen Hyttegrend) som samarbeider om å gjere Harpefossen til eit attraktivt rekreasjonsområde med ulike aktivitetar både sommar og vinter!
27/08/2026
11/04/2026
Då er sesongen slutt!
No er våren i ferd med å få overtaket, og det er så lite snø igjen at det ikkje er forsvarlig å ha ope fleire dagar, så det blir ikkje open heis på Furehogane i morgon, søndag.
11/04/2026
Open heis på Furehogane i dag, laurdag 11. april
Nydelig og solrikt på Furehogane i morgontimane i dag, og heisen er open frå kl 10:30.
Det minkar på snøen, så vi har ikkje køyrt med trakkemaskin i traseane i dag.
Det blir heller ikkje køyrt løype bakover i fjellet.
10/04/2026
Open heis på Furehogane i morgon, laurdag.
Vi vil gjerne nytte resten av snøen på Furehogane, og det fine veret som er meldt for laurdag, så vi har ope i Toyotaheisen 10:30-16:00.
Open kafé i Servicebygget.
Ny vurdering i morgon om det blir ope søndag.
06/04/2026
Nysnø og pudderforhold på Furehogane 2. påskedag.
15-20 cm ny puddersnø oppe i fjellet.
Snøbyger og litt vindfullt i fjellet i morgontimane, varsel om lettare ver og sjanse for å sjå sola ut over dagen.
Opne heisar 10:30-16:00.
Toyotaheisen, Din Bustadheisen og Enerskiheisen.
Skiutleige, kiosk i Varmestova og på Furehogane.
Nytt gjerne høvet til ein fin skidag på dette som blir siste ordinære opningsdagen denne sesongen!
05/04/2026
Det er trakka med løypemaskina i Postvegen-Tippaskogen no i dag. Heilt greie forhold, ikkje spor.
05/04/2026
Snøbyger og pudderføre søndag morgon.
På Furehogane har vi fått ca 20 - 25 cm puddersnø sidan i går. Snøbyger og temperatur så vidt på minussida i morgontimane.
Ca 10 cm nysnø nede på Harpefossen.
Opne heisar 10:30-16:00. Toyotaheisen, Din Bustadheisen og Enerskiheisen.
Open skiutleige, open kafe på Furehogane og i Varmestova.
Bildet er frå webkameraet på Furehogane i går kveld.
04/04/2026
Snøybyger og pudderforhold på Furehogane laurdag morgon!
Vi har fått 15-20 cm nysnø i fjellet på Furehogane i natt og i morgentimene, nytrakka og fint i nedfartar, pudderforhold i terrenget. Opne heisar 10:30-16:00. Toyotaheisen, Din Bustadheisen og Enerskiheisen.
Afterski og Watersplash 13:00-19:00 nede på Harpefossen. Ikkje skyttelbuss mellom Harpefossen og Furehogane i dag.
03/04/2026
I tradisjon tru blir det arrangert Watersplash imorgon laurdag 4.april⛷️🌊 Vi køyrer i gong med afterski frå kl. 13-19, før sjølve Watersplashen starter kl. 14.00. Det går buss frå Eid (Circle K) kl.12:00 . Det blir sjølvsagt premie for beste kostyme, så her er det berre å gå all in🏅
03/04/2026
Nydelig langfredag morgon!
Litt lette skyer, minusgrader og sol.
Opne heisar 10:30-16:00. Din Bustadheisen, Enerskiheisen og Toyotaheisen.
Open kafé i Varmestova og Servicebygget på Furehogane.
Det blir sett opp gratis skyttelbuss til Furehogane frå parkeringa ved Varmestova. Dessverre minkar det på snøen på Furehogane, så sjå opp for stein i nedfartar og i terrenget.
Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.
Sted
Type
Kontakt bedriften
Telefon
Nettsted
Adresse
Harpefossen
Nordfjordeid
6770