10/08/2026
🐴 Oppstart av hesteaktivitet i haust! 🍂
Vi startar opp igjen onsdag 26. august kl. 12.30–14.30.
Hausten er den finaste tida å halde på med hest, synest eg 🍁 Etter ein våt sommar satsar vi på ein nydeleg og tørr haust, med fine turar, mykje hesteglede og som alltid god stemning i lag 🐴💛
Har du lyst til å vere med på hesteaktivitet i haust?
Ta kontakt på 913 87 342 for meir informasjon eller påmelding.
30/07/2026
❗️FULLT. Neste mulighet er å vere med på rideturen heim. Har du lyst å vere med - ta kontakt
🐴 Sætre-tur søndag 2. August – 3 ledige plassar! 🐴
Søndag skal Brynja, Draupnir og Heidar få reise til Tippa sætra for å nyte nokre dagar med godt beite. Då har du moglegheit til å bli med på ein flott sætre-tur!
📍 Oppmøte på Evas Ridesenter. Vi køyrer saman til Bjørhovde sætra, og rir derfrå til Tippa sætra. Transport tilbake til Evas Ridesenter er inkludert.
⏱️ Turen varer ca. 2 timar.
Passar for barn som er trygge på hest og kan ri sjølve.
📩 Ta kontakt på melding eller ring 913 87 342 for å reservere plass.
29/06/2026
Er du hestegal🙂🐴 har du no mulighet å delta på dagsleir fra kl 10 til kl 16.
Det er blitt ledig plass tirsdag 29 juni, onsdag 1 juli og torsdag 2 juli
Kontakt Eva på 913 87 342🙂
V E L K O M M E N
05/05/2026
🐴 SOMMAR-RIDELEIR HOS EVAS RIDESENTER 🐴
Drøymer barnet ditt om dagar fylt med hest, læring og meistring?
No opnar påmeldinga for sommarens rideleir! ☀️
Hos oss får barna trygge og lærerike dagar med fokus på både riding og ekte forståing for hest 🐎🤎
📅 Veke 26: 22 juni til og med 26 juni
📅 Veke 27: 29 juni til og med 3 juli
🕙 Kl. 10–16
👧 For 1.–7. klasse
🥪 Lunsj inkludert
Aktivitetar:
✨ Riding
✨ Liberty-trening
✨ Kommunikasjon med hest
✨ Hestestell og læring
✨ Kjekke aktivitetar og sosialt samvær
💰 850 kr per dag
💰 3 750 kr for heil veke
📩 Påmelding: [email protected]
(Merk e-post med namn, alder, ønskte dagar og telefonnummer)
📞 Spørsmål: 913 87 342
Begrensa antal plassar
15/04/2026
🎪 Sirkus Agora er i byen!
Ein av artistane i forestillinga – sjølvaste klovnen – har to hestefrelste jenter. Søskenbarnet mitt, Jan Ketil, tok kontakt og lurte på om dei kunne få kome på besøk til meg for å helse på hestane.
Eg og Jan Ketil har nokre felles trekk, kanskje gjennom generasjonar. Vi er ikkje heilt A4, arbeidet vårt er livsstil, vi har like dårlege øyrer – og av den grunn er vi veldig tydelege når vi sjølve snakkar 😄 Noko vi trivst godt med, for vi likar å snakke og le! Og jantelova - ler vi .berre av.
Eg er stolt over søskenbarnet mitt og alt han får til, og all sirkusmagien han sprer rundt i landet. Men det eg beundrar aller mest, er det varme hjartet hans. Han brukar mykje tid og pengar på dei som treng ei hand.
Tusen takk for besøket! Klovnen var like morosam på privaten, og jentene var heilt fantastiske – slik hestejenter ofte er 🐴💛
Har du ikkje skaffa deg billettar til forestillinga i dag kl. 18?
Då må du berre løpe og kjøpe – det er ei fantastisk forestilling i år òg!
Lykke til med sesongen, Jan Ketil! 🎪✨
07/04/2026
Mange spør når heimesida blir oppdatert – og no er det klart ☀️
I år tek eg eit stort og viktig val… eg tek sommarfri saman med flokken min 💛
Noko eg faktisk ikkje har hatt sidan eg var tenåring.
I tillegg skal hestane få vere hest 🐴💛
Få ein pause, gå i flokk og berre kose seg slik dei fortener.
Men!
I veke 26 og 27 blir det arrangert dagsleirar 🐴
Desse pleier å bli fylt opp raskt, så det kan vere lurt å sikre seg plass tidleg.
Her får barna:
✨ Vere tett på hest kvar dag
✨ Lære og utvikle seg i trygge rammer
✨ Oppleve meistring, glede og sommarminne for livet
Datoar og meir info kjem snart på:
www.evas-ridesenter.no�