UT av Huse

UT av Huse

Del

PADLING, FRILUFTSLIV OG KUNST & HANDVERK
UT av Huse tilbyr kurs og guiding med fokus på meistring og oppleving i havpadling, fjellturar, kunst og handverk.

Atelier med skaping, utstilling, salg av kunst og ReDesign. Kunstkurs innandørs og ut av huse. KUNST OG FRILUFTSLIV
UT av Huse tilbyr både guiding, kurs og oppleving i naturen og skreddarsyr gjerne aktivitetspakkar og fleirdagars opplegg med padling, vandring, friluftsliv, kunst, handverk - alt etter kundane sitt ynskje. Meir informasjon fin du på www.utavhuse.no og ta gjerne kontakt for eit tilbod!

Vil du plassere din bedrift på toppen av Gym-listen i Nordfjordeid?

Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.

UT av Huse

KAJAKK OG FRILUFTSLIV

Eg er ein ihuga friluftsentusiast og er aktiv både til fjells og på sjøen heile året. Opplevingane i naturen likar eg å dele med andre. UT av Huse tilbyr kurs i havpadling og enkelt friluftsliv; og kan skreddarsy ulike aktivitetspakkar for einskilde og grupper. Gjerne pakkeløysingar med både kunst og friluftsliv.

KUNST OG FORMIDLING

Inspirasjonen frå naturen viser ofte igjen i kunsten eg lagar, både gjennom motiv, fargar og materiale. I gamleløa på garden i Heggjabygda har vi laga atelier og det vert mitt arbeidsrom med kreativ utfalding. Ein dag i månaden vert verkstaden ope for publikum som kan sjå kunsten som er utstilt, sjå korleis kunstnaren arbeidar, slå av ein prat over ein kopp kaffi og gjestane er velkomne til å sette seg ved arbeidsbordet og prøve å måle sjølv. På vinterhalvåret arrangerar UT av Huse kurs og workshops i forskjellege kunstformer for både nybegynnarar og meir erfarne kreative sjeler.

Produkter

Padletur og padlekurs.
Guida fjellturar og trugeturar.
Kunst av og i natur.
Kunst- og DIYkurs.
Kunst og kulturformidling.
Atelier med utstilling og sal av kunst, design og handverk;
måleri, Mixed Media, Redesign, kunsttrykk, keramikk, handstrikk, tredesign m.m.
Meir informasjon: www.utavhuse.no

Nettsted

Adresse


Heggjabyggda 903
Nordfjordeid