19/02/2026
For ein start på Aqua Gym på Suldal Bad! 💦💪
Heile 25 personar møtte opp på første økt – det var utruleg kjekt å sjå så mange som ville vere med! Tusen takk til alle som deltok 🙌
I morgon, fredag 20. februar, køyrer me ny runde Aqua Gym – men med litt justert tidspunkt for å tilpasse oss familiebadet og andre gjester. Dette er framleis eit testprosjekt på fredagar, og me følgjer skuleruta.
Bli med på energifylt og effektiv trening i vatn – passar for alle nivå!
🕡 Ny tid: kl. 18:30–19:15
Pris:
– Drop-in: inngår i vanleg enkeltbillett
– Har du årskort, halvårskort eller klippekort? Då er timen inkludert 😊
✨ Ekstra i vinterferien!
Fredag 27. februar smett me inn ei økt til frå kl. 17:00–17:45.
Velkomen til ein sprek og sosial fredagskveld i bassenget! 💙
18/02/2026
Opplev meir – heime i Suldal kommune
Opningstider vinterferien (23. februar – 1. mars 2026)
Velkomen til vinterferie på Suldal Bad og i Suldalshallen
Måndag 23. februar
Kl. 09:00–12:00 Pensjonistbading
Kl. 10:00–14:00 Open hall i Suldalshallen (gratis tilbod for barn 1.–10. trinn)
Tysdag 24. februar
Kl. 12:00–18:00 Publikumsbading og familiebading
Kl. 10:00–14:00 Open hall i Suldalshallen (gratis tilbod for barn 1.–10. trinn)
Onsdag 25. februar
Kl. 12:00–18:00 Publikumsbading og familiebading
Kl. 18:00–21:00 Ekstralangåpent med mørketidsbading
Torsdag 26. februar
Kl. 12:00–18:00 Publikumsbading og familiebading
Fredag 27. februar
Kl. 12:00–18:00 Publikumsbading og familiebading
Kl. 17:00–17:45 Aquagym med Daria
Laurdag 28. februar
Kl. 12:00–18:00 Publikumsbading og familiebading
Sundag 1. mars
Kl. 12:00–18:00 Publikumsbading og familiebading
16/02/2026
OPEN HALL I VINTERFERIEN
Suldalshallen har open hall måndag 23. februar og tysdag 24. februar frå kl. 10.00–14.00.
Tilbodet er for 1.–10. klasse (1.–3. klasse må ha med seg ein vaksen).
Ta med innesko og vassflaske. Det er kiosk i hallen, men ta gjerne med eigen niste.
Har du klatrelisens og eige utstyr? Då er du velkomen til å bruke klatreveggen i opningstida.
Gratis for alle!
Vi inviterer både tilreisande og lokale suldølingar – velkomen til aktive og kjekke vinterferiedagar i hallen
11/02/2026
Aqua Fitness på Suldal Bad – oppstart fredag 13.02.2026!
Fredag 13. februar startar me opp med Aqua Gym på Suldal Bad! Samarbeid med dyktige Dasha inviterer me til energifylt og skånsam trening i vatn – perfekt for både styrke, kondisjon og skånsom trening i terapibassenget. Treninga passar for alle nivå.
👉 Dette er eit testprosjekt – fredagar på Suldal Bad. Me følgjer skuleruta.
Pris:
– Drop-inn: inngår i vanleg enkeltbillett
– Har du årskort, halvårskort eller klippekort? Då er timen inkludert 😊
Bli med og test Aqua Fitness saman med oss. Velkommen
30/01/2026
🎮 Game on i Suldalshallen!
E-sport onsdagar & fredagar
👾 Nytt tilbod – bli med! Les 👇🏼👇🏼
E-sport og gaming i Suldalshallen
Suldalshallen inviterer til gaming- og e-sport for born og ungdom frå 4. klasse og oppover, med trygge ramer, ansvarlege vertar og fokus på både sosialt fellesskap og aktivitet.
🎮Onsdagar og fredagar
🎮Kl. 17:30–20:30
🎮Suldalshallen
🎮Fram til vinterferien
Emil, Timon og Magnus er vertar.
Dei er elevar ved ToppVolley og ønskjer å skapa ein inkluderande møteplass der barn og ungdom kan møtast, spela saman og kombinera gaming med enkel fysisk aktivitet.
✔ Sosial møteplass
✔ Låg terskel
✔ Kombinasjon av gaming og litt trening
✔ Ope og rusfritt tilbod
Tilbodet er gratis og ope for alle som vil vera med – anten ein er erfaren spelar eller berre nysgjerrig 🙂
13/01/2026
Familiebading – viktig informasjon om billettar
For at alle skal få ei god oppleving, ber me om at desse reglane vert følgde ved billettkjøp på nett eller i skranken:
Familie enkeltbillett gjeld for maks 5 personar:
- Billetten kan nyttast av inntil to føresette
- Gjeld berre for born og føresette frå same husstand
- Honnørbillett gjeld for alle over 62 år
Takk for at de bidreg til rettferdig bruk og ei triveleg badeoppleving for alle!
04/01/2026
Folkehelse i fokus ved Suldal Bad – for små og store, morgonfuglar og mørketidsbadarar!
Hausten og vinteren byr på ei rekke kjekke og helsebringande tilbod ved Suldal Bad. Kvar veke inviterer me til pensjonistbading og babyplask – eit varmt og sosialt møtested for dei yngste og dei med god livserfaring. For deg som vil starte dagen med frisk energi, held me fram med morgonbading. I mørketida lyser me opp kvelden med mørketidsbading kvar onsdag heilt fram til februar . Velkomen til gode opplevingar og betre folkehelse!
Pensjonist og babyplask kvar måndag frå kl. 09-11.
Morgonbad måndagar & fredagar frå kl. 0630-0830.*
Mosjonist svømming onsdagar frå kl. 16-17.
Mørketidsbading kvar onsdag fram til 25. februar 2026.
Wibiten, hinderløypa, ligg ute i feriar og elles i nokre utvalde helger. Følg med på vår facebook side
* Me følgjer skuleruta
29/10/2025
A R O M A T E R A P I
Fem måndagar, med oppstart måndag 10. november, tilbyr Urteloftet.no spa- behandlingar i vårt lokalet.
Unn deg ei førjulstid med ro, velvære og ny energi. Gjennom aromaterapi får du påfyll for både kropp og sinn.
Behandlingane blir tilpassa deg og det kroppen din treng akkurat no
Aromaterapi er:
- For alle aldrar
- For deg som vil senke skuldrene, roe nervesystemet og finne indre balanse
- For deg som treng betre sirkulasjon, lindring av muskelspenningar eller ønsker å aktivere kroppen
- Ei terapiform skreddarsydd deg og din kropp.
Bestill time her: https://bestill.timma.no/urteloftetsuldalbad?backEnabled=true