30/09/2026
Skøyekarane fikk kjærringa skikkeleg på rettkjøl i onsdagens 7.div.kamp mot Harøy/Lepsøy/HaNo2.
Eit nytt trenar-regime har teke over styringa i laget med Ole Andre S. Særsten som hovedtrenar og ringrevane Eirik N. Høivik og Håkon B. Leine som assistentar.
Dei fikk ein pangstart.
Heile 7 innbytarar i dag, dei fleste juniorar, utgjorde forskjellen i dag når dei noko eldre trøytna litt i andreomgongen. Flott å sjå!
Kampen starta med to skoringar av nestor Sondre S. Beite. Det fyrste på straffe etter 10 minutt når han sjølv vart felt. Tre minutt seinarea uka han til 2-0 etter flott kombinasjons-spel. Deretter måtte Sondre gi seg grunna ein skade i straffesituasjonen.
Midt i omgongen fikk Nordøyane straffe, men veterankeeper Brede Waag let seg ikkje lure. Han redda straffa med ei flott beinparade.
Vel fem minutt før pause auka Levi R. Ludvigsen til 3-0 og det meste såg lyst ut.
Andreomgongen starta jamt, men so fikk Skodje innpå nokre løpsvillige juniorar, og laget tok over styringa.
Midt i omgongen auka Skodje til 4-0 av junior Alexander E. Jensen. Nordøyjengen fikkk si redusering til 1-4 minuttet seinare, men Skodje auka til både 5 og 6-1 ved junior Jesper Gundersen og ein annan junior Martin B. Knudsen.
Flott kamp av Skøyekarane som lovar godt før dei tre siste kampane i haust.
Aksla 2, som skulle ha vore neste motstandar, har trekt laget frå seria, so neste kamp blir ikkje før heimekampen mot Godøy 18. oktober.
Grei dømming av Arve Toven, IL Norborg. Eit gult til ein Nordøying.
Godt med publikum på sidelinja i dag, og flott kamparrangement med feiande musikk og speakertjeneste. Slik skal det vere!