Sogndal Skisenter - Hodlekve

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Sogndal Skisenter - Hodlekve Snøsikkert skianlegg i Sogndal om vinteren, Open Cafe og masse aktivtetar om sumaren Skianlegg 10 min fra Sogndal Sentrum. Laussnøhovudstaden.

Fløyelspreparerte bakkar, laussnø i skogen, fjelløyper for fjellski og langrenn. Barnebakkar, 5 skitrekk.

Hei, adle Hodlekve-venner!Endeleg er me i gang! Heile oktober får du heiskort til kampanjepris.Sikra deg eit kort eller ...
01/10/2026

Hei, adle Hodlekve-venner!

Endeleg er me i gang! Heile oktober får du heiskort til kampanjepris.
Sikra deg eit kort eller to, so snakkast me til mykje moro i Hodlekve i vinter🙏❄️

https://www.sogndalskisenter.no/

3 Dagar igjen, folkens!1.oktober startar førehandssalget på heiskort til vinteren i Hodlekve!
28/09/2026

3 Dagar igjen, folkens!
1.oktober startar førehandssalget på heiskort til vinteren i Hodlekve!

18/09/2026

Proof that the best memories are made in the mountains 🗻. Good energy, great views, and fun all day long . Save this tip for your next trip.

09/09/2026

⛷️ Vil du ha ein av dei kjekkaste deltidsjobbane i vinter? ❄️

Sogndal Skisenter søkjer fleire aktivitetsmedarbeidar for barn og unge til vintersesongen!

Me ønskjer å skape endå meir liv, aktivitet og gode opplevingar for barn og ungdom i Hodlekve – og no ser me etter deg som har lyst til å vere med på laget.

Du vil jobbe saman med ein annan aktivitetsmedarbeidar og vere med på å planleggje og gjennomføre aktivitetar for barn og unge i skisenteret, hovudsakleg annakvar helg og i feriar gjennom vinteren.

🎿 Om jobben:
• Ca. 25 % stilling
• Arbeid annakvar helg og i feriar
• Oppstart rundt jul og arbeid ut sesongen, til og med 2. påskedag
• Mykje av aktiviteten vil føregå ute og på ski
• Du må vere minst 18 år
• Det er ein klar fordel at du har greie skiferdigheiter

Dette kan vere ein perfekt jobb for deg som er student, eller som ønskjer ein sosial og aktiv deltidsjobb ved sida av anna arbeid.

Me ser etter ein person som likar å ta initiativ, trivst rundt barn og ungdom og har lyst til å bidra til å skape aktivitet og god stemning i skisenteret.

Høyrest dette ut som noko for deg – eller kjenner du nokon som hadde passa perfekt?

📩 Send ein kort søknad eller nokre ord om deg sjølv til [email protected]

NO SKJER DET I RINDABOTN! 90 lysstolpar. Over 400 lys. Ei investering på 12–13 millionar. 💡⛷️Saman byggjer me framtida f...
25/08/2026

NO SKJER DET I RINDABOTN!

90 lysstolpar. Over 400 lys. Ei investering på 12–13 millionar. 💡⛷️

Saman byggjer me framtida for skisporten! 🙌

Lokale krefter. Sterkt samarbeid. Eit enormt løft for Hodlekve, Sogndal og Regionen!

Takk for ein flotte, aktiv sommar i Hodlekve! ☀️🌧️Sommarsesongen i Dalalåven er over for denna gong, og me ser tilbakes ...
17/08/2026

Takk for ein flotte, aktiv sommar i Hodlekve! ☀️🌧️

Sommarsesongen i Dalalåven er over for denna gong, og me ser tilbakes på ein sommar med mykje variert vær. Me fekk nokre verkeleg flotte veker i juli, medan resten av sommaren har bydd ein god del vestlandsvær. Likevel har me hatt fin vekst i sommarbesøket, både i Dalalåven kafé, på aktivitetane våre og på bubilparkeringa. Det er me både gla og takknemlege for!

Det store høgdepunktet vart utan tvil Fjord-O, med over 1000 deltakarar og tre dagar med full aktivitet, god stemning og utruleg mykje blie og aktive folk i hjå oss. Eit arrangement som verkeleg viste kor flott området vårt fungerer også utan ski på beini.

Etter vintersesongen har Dalalåven også vore samlingsplass for tre bryllaup og to konfirmasjonar. Det synest me er ekstra kjekt. At lokale vel å bruke «storstovao» vår når store dagar skal feirast, betyr mykje for oss og er akkurat slik me ønskjer at Dalalåven skal bli brukt, som ein møteplass for bygda, både sommar og vinter.

Me vil rette ein stor takk til alle som har besøkt oss gjennom sommaren. Kvar kaffikopp, aktivitet, bubilovernatting og tur innom er med på å gjere det mogleg for oss å halde liv i området også utanfor vintersesongen.

Ein lika stor takk går til samarbeidspartnarane og sponsorane våre. De er heilt avgjerande for at me kan utvikle Hodlekve vidare og gjere sommardrift mogleg. Det betyr mykje å ha så mange gode aktørar med på laget, som dreg lasset i same retning som oss.

Sjølv om Dalalåven no er stengde for ordinær sommardrift, ligg området framleis ope og klar til bruk. Fjellturar, sykling, frisbeegolf, Stolpejakten og andre aktivitetar er framleis lett tilgjengelege for alle som ønskjer å nyte seinsommaren i Hodlekve.

Får vår del går me no vidare med planlagt vedlikehald og førebuingar mot vinteren – med blikket retta mot førehandssalet som startar 1. oktober.

Tusen takk for sommaren 2026
Helsing Gjengen i Hodlekve.

Intersport Sogndal
Lerum
Toyota Sogn AS
Holen Installasjon
Autohuset Sogn As
Eilert & Edvin Holme AS.
Neumann Bygg Sogndal
Sognenett

Adresse

Hodlekve/Sogndalsdalen
Sogndalsfjøra
6857

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Sogndal Skisenter - Hodlekve legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Sogndal Skisenter - Hodlekve:

Snarveier

Del

Kategori