27/09/2026
Tre Stord-jenter i nasjonalt elitetiltak på Lillestrøm
Denne helga har Tilda Aas Langeland, Leanda Litlabø Eikenes og Elida Kallestadbakken vore ein del av FK Haugesund sitt 16-års lag og målt krefter mot fleire flinke jenter under nasjonalt elitetiltak i Lillestrøm.
Turneringa samla 10 sterke lag frå heile landet og blei gjennomført i eit Champions League-inspirert format. FK Haugesund leverte mykje fint spel. Til slutt enda laget på 2. plass av dei 10 laga, etter å ha møtt Lyn, Stabæk, Tromsø og Rosenborg. Ein sterk prestasjon!
Dei tre jentene som alle er med i damegruppa til Stord bidrog godt på og utanfor banen.
Å få moglegheita til å spela saman med og bli kjend med andre ivrige jenter frå regionen er motiverandre. Å møta sterk motstand er også kjekt - og gir eit løft inn i hausten.