BueBua

BueBua Selger utstyr til bueskyting og buejakt!

Topp jaktoppsett straks på veg til kunde!🎯🏹🦌Dette er ein Hoyt AX-3 29 i 65lbs, Black-out farge.Den er så langt utstyrd m...
01/10/2026

Topp jaktoppsett straks på veg til kunde!🎯🏹🦌

Dette er ein Hoyt AX-3 29 i 65lbs, Black-out farge.

Den er så langt utstyrd med:
- HHA Nytrx pro med justerbart 3-pin scope
- QAD MX2 hylle
- Hoyt Stealth Pro stab
- Hoyt Carbon Superlite 2pc buekogger
- Spot Hogg WiseGuy Rigid release
- GoldTip Hunter XT pilar

Har også ei Eleven 80x80 matte med EZ-pull kjerne på veg til kunden ☺️🏹🎯

Eg må bli flinkare til å oppdatere om aktiviteten min  😊Her er tre av dei siste buene som har fått nye strengsett. Ei PS...
25/09/2026

Eg må bli flinkare til å oppdatere om aktiviteten min 😊

Her er tre av dei siste buene som har fått nye strengsett. Ei PSE DNA, ei PSE Stiletto, Ei Mathews Monster 7.0.

I tillegg har ei eldre Bowtech single-cam og ei PSE Drive NXT fått nye strengar i denne runda med strenging.

På l***r ✅
24/09/2026

På l***r ✅

Stan SX4 – presisjon i det øyeblikket det gjelder Stan SX4 er utviklet for å gjøre avstanden mellom tanke og skudd så kort som mulig. Fra du starter skuddprosessen til strengen slipper, leverer det nye låsesystemet en ekstremt rask og presis avtrekksfølelse – laget for skyttere som vil ha ...

Strengnytt frå BueBua 🎯Dei siste månadane har eg brukt ein enorm del av tida mi på å bygge handlaga buestrengar, og sist...
24/09/2026

Strengnytt frå BueBua 🎯

Dei siste månadane har eg brukt ein enorm del av tida mi på å bygge handlaga buestrengar, og siste halvdel av sommar og fram til no har det verkeleg toppa seg. Det er heilt rått!

Strengbygging har alltid vore noko eg har prioritert å få til for å sikre folket norske "custom" buestrengar – men det har også byrja å gå utover kapasiteten andre stader i BueBua.

For å sikre at eg kan halde servicenivået oppe slik de er vane med, tek eg difor nokre enkle grep 😊

Den neste tida vil strengar primært bli skaffa gjennom leverandørane våre – mellom anna America’s Best Bowstrings, GAS og Reign – i staden for at alt blir laga av meg frå botnen av. For å gjere strengbestilling enno enklare, jobbar eg med ein ny måte å bestille strengar på, rett i nettbutikken. Kjem med beskjed når denne er klar! Inntil då, bestill gjerne per e-post.

Dette betyr ikkje at strengbygginga forsvinn heilt. Eg kjem sjølvsagt framleis til å lage ein og annan streng ved særlege behov. Men BueBua har blitt så travel at dersom eg skal kunne drive dette åleine – noko som er heilt nødvendig for å få økonomien til å gå rundt i denne bransjen – må eg rett og slett bruke tida der ho gjer mest nytte, for å kunne rekke å hjelpe flest mogeleg av dykk på eit så godt vis som mogeleg.

Så på strengfronten går eg, i alle fall for ei stund, litt meir frå produksjon til innkjøp. Det gir meg meir tid til kundar, verkstad, ordre, rådgjeving og alt det andre som skjer gjennom ein vanleg dag i BueBua 😊 Og GAS, ABB m.fl. er blitt fantastisk gode strengar. Går ikkje an å få det stort betre enn det.

Og når me fyrst snakkar om strengar: Ver ute i god tid!

Rådet vårt har alltid vore å ha eit ekstra sett strengar liggande klart til bua. Ein veit aldri kva som skjer – eller når det skjer. Det einaste me veit sikkert, er at det aldri passar når det fyrst skjer 😅

Takk for forståinga – og ikkje minst: Takk for at de held BueBua så travel! 🙌

Biletet er for oppmerksemd 😄

Mach-serien til PSE har me levert ein god del av gjennom åra, og her fekk me eit bilete av bua me leverte i veka som var...
02/09/2026

Mach-serien til PSE har me levert ein god del av gjennom åra, og her fekk me eit bilete av bua me leverte i veka som var – sendt frå ein fornøgd kunde på det indre Austlandet 😊

Dette er ei PSE Mach 30 DS, 50 lbs, i fargen Charcoal, med bronsefarga cams og limb pockets. Bua er ei custombestilling direkte frå PSE-fabrikken i Arizona, sidan årets modellar ikkje blir leverte med bronsefarga cams som standard.

Oppsettet består av:
• Axcel Landslyde Picatinny-sikte med AVX-41 scope
• Hamskea R7 pilhylle
• PSE stabilisatorsett i same farge som riseren

Eit skikkeleg lekkert og gjennomført oppsett – og kjekt å kunne levere noko litt utanom standard 😊

Ny Hoyt på plass: Concept XTS 37 🎯 37-modellen kombinerer lang shoot-through-riser med eit litt meir handterleg format e...
26/08/2026

Ny Hoyt på plass: Concept XTS 37 🎯

37-modellen kombinerer lang shoot-through-riser med eit litt meir handterleg format enn 40", og er spesielt interessant for skytarar som vil ha mykje stabilitet utan å gå heilt opp i maksimal lengde.

SCTR 2.0-kammen gir eit mjukare trekk enn før, medan XTS Tuning System gjer det mogeleg å finjustere tuninga direkte i limb pockets utan buepresse.

Trekkområdet er 25–31", og du kan velje mellom Spec, CDM og TDM alt etter kva du ynskjer av justerbarheit og kjensle.

👉 Produktlenke i kommentarfeltet.

Ny Hoyt på plass: Concept XTS 37 🎯37-modellen kombinerer lang shoot-through-riser med eit litt meir handterleg format en...
26/08/2026

Ny Hoyt på plass: Concept XTS 37 🎯

37-modellen kombinerer lang shoot-through-riser med eit litt meir handterleg format enn 40", og er spesielt interessant for skytarar som vil ha mykje stabilitet utan å gå heilt opp i maksimal lengde.

SCTR 2.0-kammen gir eit mjukare trekk enn før, medan XTS Tuning System gjer det mogeleg å finjustere tuninga direkte i limb pockets utan buepresse.

Trekkområdet er 25–31", og du kan velje mellom Spec, CDM og TDM alt etter kva du ynskjer av justerbarheit og kjensle.

👉 Produktlenke i kommentarfeltet.

Hoyt Concept XTS 40 er her! 🎯Concept XTS bygg vidare på den svært vellukka Concept X-plattforma, no med SCTR 2.0-kam, de...
26/08/2026

Hoyt Concept XTS 40 er her! 🎯

Concept XTS bygg vidare på den svært vellukka Concept X-plattforma, no med SCTR 2.0-kam, det nye XTS Tuning System og fleire modulalternativ som gir svært gode mogelegheiter for å tilpasse både trekklengde og kjensla i fulltrekk.

XTS 40 er ein reindyrka konkurransebue for skive og 3D, med 40" aksel-til-aksel, 7,25" brace og trekklengder frå 26 til 32", avhengig av moduloppsett.

👉 Produktlenke i kommentarfeltet.

Topoint Starting er ei bue me monterar temmeleg mange av i året her i bua 😊 Og veit de? Det er heilt topp! Det betyr nye...
25/08/2026

Topoint Starting er ei bue me monterar temmeleg mange av i året her i bua 😊 Og veit de? Det er heilt topp! Det betyr nye folk inn i sporten.

Om du skal kjøpe ei bue i denne ganske låge prisklassa, er det ikkje tilfeldig kva du kjøpar, og ikkje tilfeldig kor du kjøpar det. For det er mange som selg buer i denne prisklassa, også utanom reine buebutikkar. Arbeidet som må gjerast med ei buepakke til 4000,- er nøyaktig det same som må gjerast med ei pakke til 70.000,-. Det er viktig at bua har bra delar i utgongspunktet, også er det viktig at du kjøpar frå ein bueforhandlar som har tida og kunnskapen til å sørge for at bua er sette opp med eit godt startpunkt, at timing av kammane er fin, og at bua er klar for skyting. Så kjøp frå ein etablert bueforhandlar! Då får du hjelpa du treng.

Ganske stilig fargekombinasjon?! Dette er ein Bear Cruzer i farga "Twilight"
23/08/2026

Ganske stilig fargekombinasjon?!
Dette er ein Bear Cruzer i farga "Twilight"

Adresse

Tvedestrand
4905

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når BueBua legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til BueBua:

Snarveier

Del