Heile 24 fullførte i dag vår 6100 HALFROX med 6x500 m springing og 6 stasjonar: wall balls, walking lunges, farmers carry, row, burpee broad jump og ski. 💪🏃♂️🏃♀️
Neste sjanse til å teste ut Halfrox er 10. september.
Kvar torsdag har vi WOD med uthald som hovudtema. Coach:
Vi har også Hardrox fleire gonger i veka med coachane .donland og
CrossFit6100 i Volda
Funksjonell trening, CrossFit6100 Volda, egentrening , styrkeløftutstyr og kurs- og kompetansesenter.
19/08/2026
INTROKURS I CROSSFIT
søndag 30. august klokka 14:30-17:30🏋️♀️
Her får du ein introduksjon i kva CrossFit er og innlæring av riktig teknikk i øvelsane du treng å kunne for å delta på våre CrossFit-gruppetimar.
Du treng ikkje ha erfaring eller vere godt trent for delta. Etter eit introkurs vil du føle deg godt forberedt til delta på gruppetimar i CrossFit.
Pris for kurset: 899kr
Påmelding sendast på mail til [email protected]
Frist for påmelding: fredag 28.08 klokka 18:00.
16/08/2026
NYHEIT PÅ TIMEPLANEN👟✨
Vi kjører nokre pop up-timar framover med SOCIAL RUN!
Oppstart torsdag 27. august
Coach: Per Magnus Finnanger Sandsmark
Ein sosial løpetur ute med fokus på løpeglede, fellesskap og ei god treningsoppleving. Her treng du ikkje vere «løpar». Du kjem som du er, og vi tilpassar tempo til gruppa. Vi spring saman i snakkefart. Kartet viser omtrent kva rute vi spring.
Meld deg på som til andre gruppetimar i Sporty-appen.
📍 Oppmøte ved kaffeautomaten ved inngangen til Sporty Voldahallen.
Hugs å registrere oppmøte ved å låse opp døra til Sporty Voldahallen seinast 5 min før timen startar.
Ta med joggeskoa og godt humør. Vi løpes.
02/08/2026
BARSELTRENING 👶🏻
Trygg opptrening etter fødsel.
Har du lyst til å kome i gang med trening igjen etter fødselen? På barseltrening får du rettleiing i trygge øvingar som er tilpassa kroppen din, samtidig som du kan ta med babyen.
🗓️ Oppstart tysdag 11.august kl 11-12.
📍CrossFit6100 i Volda - Sporty Voldahallen
Treningstid: tysdagar kl. 11.00–12.00
Kursperiode: veke 33–36
Pris: 499kr
Påmelding: [email protected]
Påmeldingsfrist: søndag 9. august
Treninga blir leia av Hilde Andreassen og går føre seg i små grupper, slik at øktene kan tilpassast den enkelte deltakaren. Målet er å byggje opp styrke, stabilitet og overskot på ein trygg og god måte etter fødselen.
Velkomen til trivelege treningsøkter saman med andre nybakte mammaer! 💟
27/07/2026
PER MAGNUS FINNANGER SANDSMARK⭐️
Hels på den nye coachen vår👋
Per Magnus har teke Hyrox Academy Level 2, og konkurrerer i Hyrox både aleine og i doubles 🇳🇴 🇸🇪 🇫🇮 🇩🇰 Vurderer du å delta på Hyrox? Spør gjerne Per Magnus om tips og triks til teknikk og taktikk!
Det var mannen hans, Odd Helge, som fekk han med på laurdagstimar. Det tok ikkje lang tid før boksen blei heim nummer to – ved sida av huset på Liadal. Per Magnus likar godt CrossFit, Hyrox og funksjonell trening: han går på gruppetimar, trener med vener, og trener åleine i hallen når han skal lære seg nye skills.
«Det er noko heilt spesielt med å bli skikkeleg sliten saman med andre. Ein kjenner at ein orkar meir, tolar meir, og blir både sterkare og meir uthalden – veke for veke»
I tillegg til trening held Per Magnus kurs i sopp og nyttevekster 🍄, og brukar dei kreative og strategiske sidene sine når han arbeider med kommunikasjon og reklame om alt frå reiseliv til maritim næring ✍️
«Det beste med boksen er gjengen – vi ler godt i lag, og heiar på kvarandre heile tida. Det gjer at eg alltid gler meg til neste økt»
Du finn Per Magnus som coach i haust på Hardrox måndagar, WOD på torsdagar og på ein del laurdagstimar 💪
15/01/2026
HELZT x Sporty er lansert.
Første kolleksjon utviklet i samarbeid med et merke med nasjonal og internasjonal posisjon innen funksjonell trening.
Kolleksjonen er tilgjengelig nå via shop.sporty.no
Begrenset opplag.
Sporty har valgt å utvikle en egen kleskolleksjon i samarbeid med HELZT, et norsk treningsmerke med tydelig posisjon innen funksjonell trening.
Dette er første kolleksjon i samarbeidet.
Kolleksjonen lanseres torsdag 15. Januar kl. 20.00.
Begrenset opplag.
Kun tilgjengelig via shop.sporty.no
Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.
Sted
Type
Kontakt bedriften
Telefon
Adresse
Vevendelvegen 31
Volda
6102
Åpningstider
| Mandag | 05:00 - 23:00 |
| Tirsdag | 05:00 - 23:00 |
| Onsdag | 05:00 - 23:00 |
| Torsdag | 05:00 - 23:00 |
| Fredag | 05:00 - 23:00 |
| Lørdag | 05:00 - 23:00 |
| Søndag | 05:00 - 23:00 |