Voss Elveklubb

Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Voss Elveklubb Klubben for alle som elsker vatn 🩵💦 Små og store er velkomne til å bli med å læra om elva sine vidunderlege eigenskapar 🙏 Meld deg inn og bli med oss på elva 🤗

So greatful to have you in our club Nick Pearce 💚🩵
26/09/2026

So greatful to have you in our club Nick Pearce 💚🩵

Fredagens Frivillig er Nick Pearce🤩

Den ivrige elvepadlaren og vossa-briten sit i styret i Voss Elveklubb og bidreg på dei vekentlege treningane for både nybyrjarar og vidarekomne.

Nick er også med under Ekstremsportveko, der han fungerer som kontaktpunkt mellom kajakklubben og arrangementet. No er han i tillegg involvert i arbeidet med å få på plass eit elveredningslag på Voss.

Men kvifor er Nick frivillig?
– Eg ynskjer å gje noko tilbake til ein sport som har gjeve meg så mykje, og som mellom anna var ein av grunnane til at eg flytta til Voss.
Han brenn særleg for å gje neste generasjon dei same moglegheitene som han sjølv fekk.

– Det er utruleg givande å sjå korleis folk veks og får større tru på seg sjølve når dei utfordrar seg i eit miljø som i starten kan kjennast ganske uvant og unaturlig.
For Nick handlar det også om å ta vare på elvane og naturen – og om å skape eit fellesskap der folk kjenner at dei høyrer til.

Me set stor pris på alle timane, engasjementet og kunnskapen du legg ned for padlemiljøet på Voss – og for å skape eit trygt, inkluderande og aktivt fellesskap rundt elva❣️

Fint oppsummert om Voss elvefestival 💚 Tusen takk til alle frivillige og besøkande!
02/09/2026

Fint oppsummert om Voss elvefestival 💚 Tusen takk til alle frivillige og besøkande!

29/08/2026

Takk for ein fin dag alle saman 💚


29/08/2026

This is how you get water out of a drysuit 🙃

Sommarskulen er over for i år! Me har ikkje hatt det varmaste veret, men regnet gjorde elva mjuk og djup 💙 Ein høg andel...
15/08/2026

Sommarskulen er over for i år! Me har ikkje hatt det varmaste veret, men regnet gjorde elva mjuk og djup 💙 Ein høg andel barnearbeidarar (frivillige, og ungdommar i sommarjobb ;)) har gjort opplegget ekstra kjekt og leikent. Tusen takk til alle som har stilt opp! Ein heilt spesiell takk til dei vaksne i klubben som har hatt styr på heile flokken - for ein utrulig dyktig gjeng me har hatt, i år også! 🤩😍
Ruben Johnsen Davidsen
Tidemann-Foldvik
Helge Martinsen
Mia Derdau


Gjensidigestiftelsen
Sparebankstiftinga Hardanger
Voss Veksel- og Landmandsbank ASA

04/08/2026
📷 Marina Rockstroh-HovsveenViser eit glimt av kva sommarskulen bygger 🤩   Gjensidigestiftelsen Sparebankstiftinga Hardan...
04/08/2026

📷 Marina Rockstroh-Hovsveen
Viser eit glimt av kva sommarskulen bygger 🤩




Gjensidigestiftelsen
Sparebankstiftinga Hardanger
Voss Veksel- og Landmandsbank
Voss Energi

Adresse

Magasinvegen 13
Voss

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Voss Elveklubb legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Voss Elveklubb:

Snarveier

Del