27/05/2026
For ein ettermiddag i Viljar!
I dag gjennomførte vi den siste joggekarusellen før sommaren – og for ei oppslutning det vart. 🙌✨
Vi har no gjennomført tre joggekarusellar, og det er skikkeleg kjekt å sjå så mange barn og vaksne som vil vere med. I dag klinka vi til med nesten 150 deltakarar som stilte til start. Det varmar å sjå så mange som kjem seg ut og blir med – anten ein går, joggar eller spring. 🏃♀️🏃♂️💙
Ein stor takk til alle som stiller på dugnad og gjer dette mogleg, og til sponsorane våre som støttar opp om aktivitetane til IL Viljar🙏👏
No tek vi sommarpause, men vi gler oss allereie til neste joggekarusell etter sommaren! ☀️🌿 Følg med på Facebook for informasjon når det nærmar seg. 📲😊
Voss Veksel- og Landmandsbank ASA Voss Energi
27/05/2026
Supre forhold for joggekarusellen i dag! Bli med og nyt solen☀️ og Grim Fimland Moberg som speaker 📢
17/05/2026
👏 Vel fortent heider til to ekte eldsjeler! 👏
Nyhenda om heidersprisen kom som ei stor overrasking for både Heidi Ure og Olav Klette – men for oss som kjenner innsatsen deira, er dette meir enn fortent.
Dei blir omtala som blant dei mest pålitelege og arbeidsvillige frivillige i IL Viljar, og har gjennom ei årrekkje teke ansvar, vist initiativ og stilt opp der det trengst – ofte med arbeid som ikkje alltid synest, men som er heilt avgjerande for drifta av laget.
💬 «Dei har vore berebjelkar i miljøet over lang tid»
💬 «Mykje av det viktige arbeidet har dei utført saman som eit sterkt og stabilt frivillig team»
Dette viser kor viktig det er med folk som tek i eit tak, stiller opp og bidreg – ikkje berre for idrettslaget, men for heile lokalsamfunnet. Utan denne typen innsats hadde mykje av aktiviteten me set pris på, rett og slett ikkje vore mogleg.
💙Heidi og Olav er eit strålande døme på kva ekte engasjement betyr.
Gratulerer så mykje med Edvard B. Hegboms heiderspris 2026!
– Me har alltid vore eit team, seier Olav Klette og Heidi Ure.
13/05/2026
Nok ein strålande flott joggekarusell er gjennomført 💙 135 ivrige joggarar stilte til start og fullførte med stil!
Velkomen tilbake til neste joggekarusell 27. mai❗️🏃♂️➡️🏃➡️