09/08/2026
Velkommen i gjengen, Synnøve 🤩
Synnøve starter som instruktør hjå oss og kaster seg inn i det, med ei Dagens Økt time på Onsdag😃💪🏻
Her er 5 kjappe med Synnøve!!
1– Kor lenge har du jobba i MOVA og kva er di rolle på senteret?
"Eg har trent på senteret heilt tilbake til Mosjonsgutane-tida, så senteret har vore ein del av kvardagen min lenge! No er eg heilt fersk som instruktør på MOVA, og skal faktisk ha mi aller første gruppetime denne veka🤩 Så det blir veldig kjekt (og litt nervepirrande 😅) å plutseleg stå på andre sida som instruktør!"
2 – Kvifor trener du? Og kva form for trening likar du best?
"Eg trener fyrst og fremst fordi eg likar følelsen av å ha ein kropp som fungerer. Eg er veldig glad i variasjon og likar eigentleg det meste av trening, men om eg skal velje ein favoritt, må det bli ei skikkeleg god HYROX-/HIIT-økt saman med venninnene mine. Høg puls, god musikk og godt selskap – då kosar eg meg! 🫶🏼"
3 – Kva har du gjort på i sommar?
"I sommar har eg stort sett kosa meg heime på Voss med familie og venner, jobba og brukt litt for mykje tid på oppussing 😅🔨 Det har også blitt nokre småturar til mellom anna Oslo, Göteborg og Førde – og sjølvsagt litt trening innimellom!"
4 – Har du eit treningsmål for 2026? I så fall, kva er det?
"Eg har veldig lyst til å stille på eit HYROX-løp saman med ei vennine! Eg har ikkje meldt meg på noko enno, så akkurat no er målet å få tak i billettar – då er det ingen veg tilbake 😂"
5 – Har du ein fun fact om deg sjølv som kanskje ikkje andre veit?
"Eg har alltid eit nytt oppussingsprosjekt på lur, og difor er favorittbutikken min sjølvsagt Biltema 😂 Eg står som regel for idéane – så får pappa, svigerbror og sambuaren min jobben med å finne ut korleis me faktisk skal få dei til 🤣🔨"
26/07/2026
19/07/2026