22/09/2026
Voss Cup er meir enn berre fotballkampar. Disko, kino, bading eller kanskje berre ein tur på leikeplassen? Grilling ved Vangsvatnet, løkkefotball, smågodt i klasserommet og litt for sein legging? Kanskje er det akkurat desse opplevingane som vert dei sterkaste minnene. For akkurat korleis det går med fotballkampane er i grunn heilt underordna. Me ynskjer å legga til rette for at alle skal ha det moro og trygt hjå oss. Få kjenna på idrettsgleda, meistring og det å vera ein del av eit lag. Har de lyst å oppleva Voss Cup og få minner for livet? Meld dykk på frå 1.november.